Dag og Tid nr. 26, 1. juli 1999
Klok på bok 422:
Klok på bad
Jeg gjetter på Geir Gulliksen, det kan stemme både med opplysningene, og med skrivestilen i det vi har på hylla for tiden; men flere av bøkene hans er lånt ut, så jeg får ikke kontrollert det. Hvis det er ham, kan det være enten fra 'Om tyngde og letthet' (1998), 'Lenkene flyter på vannet' (1991) eller 'Steder' (1990).
Det skriv Morten Haugen på biblioteket i Brekstad om Klok på bok 420. Gulliksen er heilt korrekt.
Tore Aschim i Askim visste òg råd denne veka, og er dermed soleklar vinnar. Han skriv slik: Det er blitt St. Hans utan at sommarvarmen har gjort altfor mykje av seg. Men grønt og fint er det alle stader. Eg var ute med ljåen nedi bakken min der graset er blitt altfor langt. Eg kunne hatt god bruk for ein ver eller noko slikt der om sommaren. Geir Gulliksen har skrive teksten om søvnløyse (noko eg har mange års røynsle med). Teksten, som han kallar dikt, står i samlinga 'Om tyngde og letthet' fra 1998 (MCMXCVIII). Oktober forlag av alle brukar romartal! Det verkar ikkje særleg radikalt. Eg gler meg til anno MM. Då blir alt så mykje enklare med romartala), skriv Tore Aschim i Askim.
Han er ein av tre som har svara denne veka. Den tredje er Gunder Runde. Han sender eit siste livsteikn før ein lang lærarferie. Først trudde eg at Oskaren hadde tenkt å vere lur, debut i 80-åra kan i grunnen også vere 1880-åra. Så eg funderte litt på modernistiske forfattarar frå den tidsperioden, og var innom Walt Whitman, men så viste det seg at han debuterte allereie i 1850-åra. Så då flytta eg interessa over til eige land og eige hundradår. Liv Lundberg debuterte i -79, Jon Sveinbjørn Jonsson i -73. Ellen Einan er sentral, og debuterte i -81, men ho er vel ein reinhekla lyrikar? Dermed fell valet denne gongen på Stig Sæterbakken, debut i -84, som ung spirrevipp (18 år)., skriv Gunder Runde og tek Klok-pause heilt til hausten.
Dette svaret var ramlande gale, seier Barabass og seier god ferie til Herr Runde, som truleg har svara gale for fyrste gong i historia. Det er rett og slett kjekt å sjå at heller ikkje Runde Gunder er feilfri. Kjem ikkje Gunder Runde tilbake i spalta til hausten, tek både Barabass og eg turen til Ulsteinvik, kakkar på døra og krev at han skal senda inn nye svar på Klok på bok. Så det så!
Sidan det denne veka berre var to korrekte svar, meiner Barabass det er nødvendig å informera om kven denne Geir Gulliksen er. Han vil driva folkeopplysning. Herr Gulliksen er forfattar og forlagsredaktør. Lyrikk er hovudsjangeren hans, men han har òg gjeve ut essay, skodespel og ein roman. Dessutan har han gjendikta den svenske poeten Göran Sonnevi til norsk.
Som suksessrik forlagsmann veier Gulliksen tyngre og lettere i tidas litterære skål, som skrivende menneske fører han derimot en lett penn til tider med betydelig eleganse, skreiv Øystein Rottem om boka Om tyngde og letthet og om herr Gulliksen sjølv.
Tittelens tyngde og letthet viser således både til det viktigste formelementet i vår moderne poesi, vekslingen mellom trykklette og trykktunge stavelser, men samtidig også til måter å oppleve tilværelsen på. Allusjonen til Milan Kundera er i så måte ikke til å ta feil av., skreiv Øystein Rottem.
Klok 422
En ung tydsk Forfatter kalder etsteds de tydske Bade: Anstalten wo man sich mit Anstand langweiligen kann. Dette siges om de udenlandske Bade, disse Rendevouspladse for den fornemme, rige Verden. Hvad skulle vi da sige om de norske? Og dog have de norske Bade, netop i deres kummerlige Begyndelse et Fortrin, man maaske ikke stax opdager, idet man lader de ydmyge Navne Moss, Sandefjord, Eidsvold passere forbi.
Dette er byrjinga på ei novelle fyrste gong publisert i ei avis kring midten av eit hundreår. Fyrst ti-elleve år etterpå kom verket forfattaren er særleg kjend for. Forfattaren omarbeidde seinare denne historia og brukte ho to gonger.
Dersom du veit kven som har skrive slik, kva tid og kvifor, sender du svaret til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, faksar til 22 41 42 10 eller sender e-post til bladstova@dagogtid.no.
Svar innan 7. juli.
Lukke til!
Dale-Oskar
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|