Dag og Tid nr. 26, 1. juli 1999
Herbjørn Sørebø:
Gamle soger blir som nye
I alle krigar er det eit hotell som får ein framskoten plass i historia fordi krigskorrespondentane har hovudbase der. Nyleg vart Hotel Kämp i Helsingfors opna på nytt etter ei omfattande restaurering. Kämp har ei ærerik historie sidan 1860-talet. Det var pressehotell under begge krigane, og det blir fortalt eit hopetal av soger om hendingar der. Under eit opphald i den finske hovudstaden for nå snart 40 år sidan fekk denne signaturen høyre fleire av desse sogene frå ein som sat inne med personleg kunnskap om hotellet. Den legendariske svenske journalisten Kurt Andersson var på Kämp då fredsvilkåra i Vinterkrigen vart kunngjorde for pressa, men han fortalde ikkje sjølv om den replikken han kom med då kunngjeringa var avslutta: Ja, det var det här kriget. Nu kan soldatarna fara hem och sticka strumpor åt sivilbefolkningen, sa han og gjekk. Kurt Andersson fekk ein heltestatus i Sveriges Radio.
Han sende dramatiske augnevitne-rapportar frå Ungarn-tragedien som blir ståande i arkiva som lysande journalistikk. Høgdepunktet i karrieren hans var då han på ei open radioline skildra den sovjetiske innmarsjen i Tsjekkoslovakia. Han fall død om på gata ein morgon i København etter å ha sendt sluttrapporten frå eit dansk val.
I samband med nyopninga av Hotel Kämp har signaturen Åkermark (Bo E.) i Dagens Nyheter fortalt sanninga om ei dramatisk hending på hotellet. Taket i matsalen var kledd med lin, og ein kveld fall det lydlaust ned over selskapet som sat der. Ingen let seg merke med noko. Taket vart fort rulla saman og bore ut. Gjestene i matsalen børsta kalkstøvet av seg, og serveringa heldt fram. Det har vorte fortalt og teke med i ein guide at ei krystallkrone frå St. Petersburg fall ned denne kvelden. Åkermark, som etter alt å dømme var der, slår fast at det er ikkje sant. Ein høyrer det når ei krystallkrone fell ned.
I den mest kjende soga frå Hotel Kämp er den store komponisten Jean Sibelius med i eit selskap. Det var også kapellmästaren Armas Järnefelt, men han gjekk frå selskapet og tok toget til St. Petersburg for å vere dirigent på ein konsert. To døgn seinare kom han tilbake til Kämp. Der møtte han Sibelius som helsa han muntert velkommen. Tjänare Armas, har du varit ute och pinkat?
Med åra har denne soga vorte fortald om mange andre, og det spørst om det ikkje er den same som har hamna på Theatercafeen i Oslo. Det heiter seg at der sat Sigurd Hoel ein kveld i lag med nokre kjenningar i det litterære lauget. Han kom i tankar om at kom han seg ikkje ut av byen, så vart han aldri ferdig med den romanen han var i gang med å skrive. Dermed gjekk han ut og tok drosje til ei søster i Feiring, bygda som nå er kjend for hjerteklinikken. Då manuskriptet til romanen var levert hos Harald Grieg på Gyldendal, gjekk Sigurd Hoel straks til Theatercafeen. Der sat det same laget han hadde gått frå. Nei, men så lenge du har vore ute og pissa!, var det ein som sa ved det store bordet.
Gamle soger blir som nye, men høyrer du pissehistoria om namnkjende folk i samtida på andre restaurantar enn matsalen på Kämp i Helsingfors, så er det ikkje sant. Det var i matsalen på Kämp Jean Sibelius kom med den vidgjetne replikken til Armas Järnefelt, om det nå ikkje var til den store målaren Gallen-Kallela. Kven veit. Gallen-Kallela har skildra slike selskap meisterleg, slik berre ein som har vore med kan gjere det.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|