Dag og Tid nr. 26, 1. juli 1999
Energi:
Vasskraftstrid i Rosendal
Tusenvis av turistar kjem til å besøka kraftstasjonen i Muradalen, meiner ordførar i Kvinnherad, Aksel Kloster.
Cecilie N. Seiness
- Baroniet i Rosendal er ikkje eit hus i ein park, men ei heilskapsoppleving av historie, fjell, fossar og alt ein kan sansa, seier Sigurd Vikøren.
Han er leiar for Informasjonsnemnda for Hattebergvassdraget, som arbeider for å ta vare på vassdraget slik det er i dag.
Einaste baroniet
Ein søknad om bygging av nytt kraftverk i nærområdet til Baroniet Rosendal skal behandlast i NVE (Norges vassdrags- og energiverk). Kvinnherad kommune er kjend for Noregs einaste baroni. Gjennom Muradalen, forbi baroniet og Rosendal renn Hattebergvassdraget, eit vassdrag som tidlegare er regulert. No har Kvinnherad Energi søkt om å byggja ut det 80 år gamle kraftverket og ruste det opp til ein kraftproduksjon på 75 Gwh, mot 8,5 Gwh no. Ordføraren meiner at 75 Gwh kan forsyna halve Kvinnherad, som har 13.200 innbyggjarar, med straum.
Kommunestyret har med 28 mot 17 stemmer gått inn for utbygginga. Men det finst arge motstandarar. Informasjonsnemnda for Hattebergvassdraget har arbeidd i over 20 år for å hindra utbygging, mellom anna seier riksantikvaren nei til utbygging og Universitetet i Oslo, som eig det nasjonale kulturminnet Baroniet Rosendal, er sterkt imot bygging av nytt kraftverk. Å søke om å få bygge et kraftverk nær et fredet kulturminne og i et vernet vassdrag, er oppsiktsvekkende, sa universitetsdirektør Tor Saglie til Uniforum. Riksantikvaren syner til den nasjonale verdien Baroniet og området rundt har.
Nasjonal verdi
I Verneplan IV, som Stortinget vedtok i 1993, vart det opna for opprusting av det gamle kraftverket i Muradalen. Søknaden frå Kvinnherad Energi gjeld bygging av eit nytt kraftverk kring ein kilometer frå det gamle. Partane stridast om det kan kallast opprusting. Ei planlagd vasskraftutbygging vil råka nærområdet til baroniet, den planlagde Folgefonna Nasjonalpark og koma i konflikt med verneplanar og tidlegare vedtak i Stortinget, meiner verneinteressene.
Kraftstasjonen vert truleg liggjande midt i eit landskapsvernområde, og Svartavatn, som skal tappast ned med 7,5 meter, ligg midt i den planlagde Folgefonna Nasjonalpark.
- Eg kjenner ikkje til noko vasskraftprosjekt som tek så mykje og gjev så lite, seier Sigurd Vikøren.
Kring 85 prosent av vasskrafta er allereie bygd ut i hordalandskommunen.
- Saka må lyftast opp på nasjonalt nivå. Ein lokal interessent vil byggja ut eit vassdrag som har stor nasjonal verdi, seier Vikøren.
Han er viss på at utbygginga vert stoppa, men seier at det er mogleg for Stortinget å gjera om på tidlegare vedtak. Hattebergvassdragssaka endar truleg i Stortinget om to til tre år.
- Saka er prinsipiell fordi ho som den fyrste saka, syner kva verdi ein verneplan har når ein søkjer om utbygging i eit verna vassdrag. Vassdraget er nemnt i tre ulike nasjonale vernetiltak og i tre ulike stortingsdokument. Dessutan sende stortingsrepresentantar brev til tidlegare Olje- og energiminister Ranveig Frøyland, der dei informerte og klargjorde kva Stortinget hadde meint, nemleg å verna vassdraget. Kraftutbyggjarane og NVE overser det. Denne saka er sivil ulydnad sett i politisk system, slår Vikøren fast.
Ordføraren og kommunen argumenterer for utbygginga med pengar og med ny kraftstasjon som turistmål.
- Ein sit ikkje på ein unik kulturskatt og snakkar om ein kraftstasjon som turistmål. Ordføraren gjer ein god jobb for oss, slår leiaren i Informasjonsnemnda fast.
Sivil ulydnad
Det er Kvinnherad kommune som eig Kvinnherad Energi. Vikøren er kritisk til korleis utbyggingssaka har vorte handsama i kommunen.
- Kommunestyret har dokumentert at dei ikkje er i stand til å skilje rollene sine som forvaltningsorgan og kraftverkseigar. I saksførebuinga i kommunen har informasjonen som kommunestyre og formannskap har fått om utbyggingsplanane, kome frå direktøren i Kvinnherad Energi. Ingen andre interesser har vorte høyrt. Behandlinga av denne saka i kommunen var ein skandale, seier Vikøren.
Han meiner saka er eit døme på kva byråkrati og kommunale krefter kan tillata seg.
Lite inngrep
Ordføraren i Kvinnherad, Aksel Kloster (A), meiner ei vidare utbygging av vassdraget får små følgjer og karakteriserer inngrepet som lite. Den einaste uheldige konsekvensen han ser, er mindre vassføring frå Prestavatn til kraftstasjonen.
- Det er eit estetisk inngrep som ikkje er ideelt. Samstundes er Muradalen ganske utilgjengeleg og ikkje nokon typisk utfartsstad. Det ville vore unaturleg om me bygde ut eit vassdrag som ikkje var regulert frå før, men det er allereie gjort inngrep i Hattebergvassdraget.
Ordføraren ser føre seg ein arkitektonisk vakker kraftstasjon med informasjonssenter som kan fortelja den norske vasskrafthistoria. Han reknar med at senteret kan trekkja til seg tusenvis av turistar årleg. Ordføraren ventar dessutan på klingande mynt i kassa. Mellom 15 og 20 millionar kan koma inn i kraftinntekter årleg. Dei skal nyttast til mellom anna kultur, eldre, sosiale tenester, skule og barnehagar.
Kloster seier at vernesida i debatten har teke i bruk dei verkemidla som er til rådvelde.
- For å få merksemd er dei avhengig av å nytta sterke middel. Vernesida kjempar stort sett med reine våpen.
- Stort sett?
- Dei seier Hattebergfossen vert radert bort. Det stemmer ikkje. Vasstilsiget vert like stort frå kraftstasjonen til fjorden som det er i dag. Mellom Prestavatn og kraftstasjonen vert vatnet delvis lagt i røyr, men der òg vert det ei viss vassføring. Kraftutbygginga kjem ikkje til å gje synlege spor i baroniområdet.
Kloster har fortid som personleg sekretær for tidlegare Olje- og energiminister Bjartmar Gjerde, og meiner sjølv han har ei viss innsikt i emnet.
- Riksantikvaren, Universitetet i Oslo, Direktoratet for naturforvaltning, dei involverte i Miljøverndepartementet, Kulturdepartementet, Landbruksdepartementet og Samarbeidsrådet for naturvernsaker representerer dei same museale og antikvariske interessene, meiner han. Samstundes er han imponert over i kva grad desse kreftene har klart å skapa merksemd kring Rosendal og baroniet.
- Eg set stor pris på at dei framhevar rosendalsproduktet, og forstår at desse kreftene åtvarar mot ei utbygging, seier Kloster, som òg set pris på at kulturpersonlegdomar har uttala seg om saka. Mellom anna har Vetle Lid Larsen, Herborg Kråkevik og Toralv Maurstad markert motstand mot utbyggingsplanane.
Ordføraren ser ikkje noko skilje mellom generasjonane i haldningane i Kvinnherad i denne saka, men legg merke til at dei som ynskjer å verna, er i mindretal.
- Dei aktive vernarane er jamgamle med dei som sit i kommunestyret, så noko eintydig skilje mellom generasjonane finn ein ikkje, seier Kloster.
Ordføraren reknar med at saka endar i Stortinget på grunn av dei nasjonale interessene som er involverte i saka, og trur svaret vert ja på konsesjonssøknaden.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|