Dag og Tid nr. 26, 1. juli 1999
Balkan:
Albanarane kunne ha kasta Milosevic
Om ikkje kosovo-albanarane hadde boikotta vala i Serbia, kunne dei vore med på å kaste Slobodan Milosevic for fleire år sidan. Det meiner NUPI-forskaren Bengt Holmen.
Per Anders Todal
Da autonomien til Kosovo vart oppheva i 1989, og undertrykkinga av kosovo-albanarane tok til for alvor, svara den albanske befolkninga med å boikotte det politiske systemet i Serbia. Dei tok ikkje del i vala av president og nasjonalforsamling, og bygde i staden opp sitt eige, parallelle politiske system med Ibrahim Rugova som president. Denne politikken har fått tragiske konsekvensar for albanarane.
- Dersom kosovo-albanarane ikkje hadde boikotta vala, kunne dei vore med på å kaste Slobodan Milosevic, seier Bengt Holmen, forskar og Balkan-spesialist ved Norsk utenrikspolitisk institutt.
- Nesten alle dei 20 mandata Kosovo har i den serbiske nasjonalforsamlinga, kunne vore vunne av albanarar. Valordninga var basert på einmannskrinsar, og i dei aller fleste krinsane var albanarane i fleirtal. Men i staden gjekk nesten alle desse seta til Milosevic-tilhengjarar.
Sjølv om kosovo-albanarane er ein minoritet i Serbia som heilskap, er dei ein stor minoritet: Offisielle serbiske tal frå 1991 seier at albanarane i Kosovo utgjorde 17 prosent av befolkninga i heile Serbia.
Maktbasen Kosovo
For Slobodan Milosevic har kosovo-serbarane vore ein av dei viktigaste maktbasane, påpeikar Holmen. I retorikken til Milosevic har Kosovo-spørsmålet stått sentralt heile vegen, det var den harde lina si overfor kosovo-albanarane han bygde mykje av populariteten sin på. For den serbiske minoriteten i provinsen, som var skeptiske til og redde for det albanske fleirtalet, var Slobodan Milosevic den naturlege mannen å gje støtta si til. Han gjekk i bresja for dei, han tala deira sak, opplevde dei.
- Slik fekk Milosevic 20 mandat nesten gratis. Utan desse er det ikkje sikkert at han kunne halde på makta så lenge som han har gjort, seier Bengt Holmen.
Fram til 1997 var den formelle maktposisjonen til Milosevic embetet hans som president for Serbia. Han vart første gong vald i 1989, og attvald i 1992. Da den lovlege presidenttida hans var omme i 1997, flytta han seg sjølv og mykje av makta over til posisjonen som president for Jugoslavia, medan den Milosevic-allierte Milan Milutinovic vart vald til president for Serbia. Trass i maktflyttinga til Milosevic, er det serbiske parlamentet framleis ein viktig arena. Her har alliansen som støttar Milosevic i dag, 110 sete av 250. Om albanarane hadde røysta i parlamentsvalet i 1997, kunne altså Milosevic mista mellom ein femte- og sjettedel av maktgrunnlaget sitt i parlamentet.
Bengt Holmen trekkjer fram det serbiske presidentvalet i 1992 som eit høve albanarane kunne hatt til å kaste Milosevic. Da var den relativt moderate Milan Panic motkandidat, og fekk 34 prosent av røystene i første valomgang, mot Milosevic sine 57 prosent. 67 prosent av veljarane tok del i valet.
- Om kosovo-albanarane hadde teke del, kunne dei ha tvinga fram ein ekstra valomgang, der sjansane til å kaste Milosevic ville vore gode. Likevel valde dei å halde seg til boikottvedtaket sitt. Dei opplevde valdeltaking som ein aksept av serbisk overherredøme.
Symbiose med Rugova
Den albanske valboikotten skapte mykje av maktgrunnlaget både for Slobodan Milosevic og den albanske leiaren Ibrahim Rugova, påpeikar Bengt Holmen. Rugova vart første gong valt til president for kosovo-albanarane i 1992, og attvald i 1997.
- Ein kan sjå tilhøvet som ein slags symbiose mellom dei to. Rugova og albanarane fekk etablere det parallelle systemet sitt i Kosovo utan at Beograd blanda seg altfor mykje inn, og maktposisjonen til Milosevic var avhengig av at albanarane ikkje røysta. Ved å halde på ei isolasjonistisk line, la albanarane på eit vis vegen open for Milosevic.
Bengt Holmen trekkjer ein parallell til Makedonia for å syne at albanarane kanskje kunne kome betre frå det ved å ta del i serbisk politikk.
- Albanarane i Makedonia har i periodar vore utsette for minst like stor diskriminering som kosovo-albanarane. Men dei valde å ta del i det politiske systemet. Gjennom politiske alliansar klarte dei å halde dei mest ekstreme nasjonalistane vekk frå regjeringskontora.
- Ein kan sjølvsagt berre spekulere om kva som kunne ha skjedd om kosovo-albanarane ikkje hadde boikotta vala. Eit stort problem for albanarane er at det ikkje ville vore mange naturlege alliansepartnarar for dei i den serbiske nasjonalforsamlinga, seier Holmen.
Seselj enda verre
Bengt Holmen minner om at nasjonalismen i serbisk politikk ikkje berre er knytt til Milosevic-regimet. Den sterkaste utfordraren til Milosevic-alliansen ved både parlamentsvalet og presidentvalet i Serbia i 1997, var til dømes Vojislav Seselj, som har markert seg som ein enda meir kompromisslaus nasjonalist enn Milosevic.
- Ein allianse med Seselj ville vore enda mindre attraktiv for albanarane enn ein allianse med Milosevic. Ein mann som Vuk Drascovic har òg stått på ei hard line i Kosovo-spørsmålet. Det har rådd konsensus i serbisk politikk om at Kosovo skulle vere del av Serbia. Men dersom ein hevdar at det berre er Milosevic som er problemet, er det eit tankekors at albanarane kunne vore med på å kaste han på parlamentarisk vis. Problemet med det serbiske regimet er større enn Milosevic, og opposisjonen er ikkje nødvendigvis meir demokratisk, seier Bengt Holmen.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|