Dag og Tid nr. 26, 1. juli 1999
Kunst:
Indisk pust i norske lunger
- Det er så grønt, så utruleg grønt, så mange grøne variantar...
OTTAR FYLLINGSNES
Den indiske målaren gløder i kapp med den frodige norske naturen. Bidula N. Basu kom frå Calcutta til Oslo i byrjinga av juni. Sidan har ho opplevd den fargerike og lyse norske forsommaren, og han har gjort sterkt inntrykk. Ho har brukt fleire dagar på dei grøne lungene som finst i hovudstaden, og den indiske kunstnaren er imponert. Med seg har ho hatt skisseblokk, og truleg kjem skissene til å verta ei måleriutstilling i den indiske millionbyen.
Utstilling
Den 12. juni opna Bidula N. Basu og Wera Sæther utstilling i nye Galleri X på Gjølstad Gård i Hølen; Basu med måleri med indiske motiv, Sæther med fotografi frå India.
Nesten ein time frå hovudstaden, på eit jorde inne i svartaste skauen, ligg det store kvite trehuset. I tilknyting er det opna eit nytt galleri, kafé og gartneri. Her - i denne regionen, der opphopinga av kunsthandverkarar og forfattarar er stor, var det nærast fullt hus på opninga. Og midt inne blant alle dei frammøtte smilte Bidula N. Basu seg gjennom sin eigen opningsseremoni. I fargerike gevantar; med røykjelse, kveikt stearinlys og blomar på ein duk på golvet i utstillingslokalet, opna ho utstillinga med sin eigen dans.
Dansen
Dansen er eit sentralt motiv i mange av Bidula N. Badus svært fargerike bilete. For ein gjennomsnittsnordmann er det lett å konkludera med at dette må vera typisk indisk biletkunst, men den indiske målaren avviser ei slik oppfatning. Det er slett ikkje slik indiske kunststudentar lærar å måla. Det er eit uttrykk som kunstnaren har utvikla sjølv.
Etter tida på college har Bidula N. Basu gradvis vunne åtgaum i heimlandet som målar. Over tekoppen fortel ho smilande om den målande familien; ektemannen Ganesh Basu, som er ein kjent indisk målar, med sin heilt spesielle strek - og sonen Angi, seksåringen som er godt i gang med å svinga penselen.
Bidula Basu har diplomeksamen i måling frå Rabindra Bharati universitetet i Calcutta. Dei siste ti åra har ho hatt ei rekkje utstillingar i New Delhi, Calcutta og Bombay. Frå akvarellar, akrylmåling og landlege motiv har ho nærma seg det mytiske og dansen som motiv.
- Dansen er nært knytt til målinga, meiner Bidula N. Basu.
Og dette pregar dei fleste bileta ho har stilt ut i Galleri X i Hølen. Her er gudinnene sentrale; her er både Ganga, Durga, Mor Kali og eit stort tempel. Ganga gjev sitt namn til dei som feirar, heiter eit bilete som viser dei feirande på elvebarden. Og Basu fortel om den store, årlege gudinnefestivalen.
- Det er mange gudinner i den indiske mytologien, seier ho.
Sjølv om idyllen pregar mange bileta, gjeld det ikkje alle. Også her strir det gode mot det vonde. Ei kvinne med fleire avkappa mannshovud er eit uttrykk for det.
Utveksling
Det er første gongen Bidula N. Basu er utanlands, og entusiastisk fortel ho om flyturen.
- Det er utvekslinga som er viktig meg. Her er så ulikt Calcutta, men eg likar landet, legg ho til.
I Calcutta bur ho utanfor sjølve sentrum, men også der er det eit jamt bråk frå den massive trafikken. Det er tørt, røykfylt og bråkut. Til samanlikning vert sentrumsgata i den norske hovudstaden ein stille oase. Dei første dagane var det så stilt at ho sakna å ha Calcutta-bråket i øyra.
Heile tida har ho skrive ned inntrykka sine i ei dagbok som kan vera god å ha når stemningane frå Noreg skal tryllast fram att i måleria heime i Calcutta, men også når ho skal fortelja resten av familien om sine inntrykk frå Noreg.
Og dei er mange...
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|