Dag og Tid nr. 20, 20, mai 1999

Teater:

Å le av det verste i seg
Ingenting er artigare enn å la publikum le av seg sjølv og sin eigen ukultur. I så måte nyttar “Tørres Snørtevold” mange gode triks - og med eit herleg sjølvironisk glis.

Rogaland Teater:
Tørres Snørtevold
av Harald Tusberg
og Egil Monn-Iversen,
fritt etter Alexander L. Kiellands roman “Jacob” (1891)
Regi: Anderz Døving/Eirik Stubø
Scenografi: John-Kristian Alsaker

Det rare er at musikalversjonen av Kiellands Jacob i det heile fungerer, heile 24 år etter urpremieren. Men så godt fungerer musikalen at eg går ut frå Rogaland Teater i full forvissing om at oljehovudstaden har ein kjerne av korrupt småby i seg - om lag som på Kiellands tid.

Jubileum

Musikalen er henta fram i høve 150-årsfeiringa av Kiellands fødsel. Stykket er skrive til Stavangers 850-årsjubileum i 1975, av Harald Tusberg og Egil Monn-Iversen. Dei to ser ut til å ha verna om noko av essensen i Kiellands verk, sjølv om tonen i musikalen blir ein annan enn i Jacob. Verken boka eller musikalen prøver å vera djuptloddande samfunnsanalysar, men me får likevel servert kostelege, sosio-økonomiske scener frå vår eiga perifere, lokal-kapitalistisk leikegrind.

Som mange kjenner til, er Jacob historia om korleis ein fattiggut frå landet slår seg opp i byen, så han til slutt kan tråkka på dei han tidlegare blei tråkka ned av. Han forstår fort kva for spel som kan føra han oppover “jacobstigen”, og oppover går det visseligen mens han flittig “skvettar” både arvestoff og stolne 10-øringar på strategiske stader.

Sympatisk skurk

Espen Hana ser ut til å gli rett inn i rolla som oppkomling frå bondelandet. Han viser fram “Tørres” som ein kynisk skurk - men også som ein me lett kjenner sympati for. Me let oss forføra på same viset som dei Tørres møter og legg ned på vegen mot makta. Det som Espen Hanas bereknande “Tørres” manglar i satire og melodrama, får me levert gjennom andre roller. Torfinn Nag og Sally Nilsson er aleine verde billettprisen i ei revyaktig skildringa av “mamas” og “Anton Jessens” absurde mor-son-forhold. Dei stemmesterke Marianne Holter og Toni Gundersen serverer ein ballade som faktisk er til å bli rørt av, og Egil Monn-Iversens musikk understrekar både det komiske og det sentimentale i framsyninga.

Sjølvironi

Noko av det som hevar framsyninga frå den vanlege musikal-kvalmen, er John-Kristian Alsakers scenografi. Krambuene og dei bugnande borgarstovene der handlinga speler seg ut, er stiliserte i form av enkle svart-kvitt-teikningar på “pappvegger”. Når kostyma likevel er realistiske, forsterkar dette inntrykket av ei framsyning som driv lystig ap med seg sjølv - og med sitt publikum.

Ei ulempe er det nok at mange av dei beste scenene i “Tørres Snørtevold” kjem tidleg i framsyninga. Særleg når dei mest innfløkte økonomiske krumspringa til Tørres skal forklarast, går det sterkt ut over framdrifta. Direkte keisam blir vel “Tørres Snørtevold” likevel aldri, og finalen er kosteleg, der ungen til både den eine og andre ploppar fram, iført Tørres sin karakteristiske raude hårprakt. Publikum kjem derfor med gode grunnar til å strøyma til teateret - for å hyggja seg med Kiellands avsløring av deira eigen, småborgarlege og nyrike by.
Magne Drangeid

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |