Dag og Tid nr. 16, 22. april 1999

Herbjørn Sørebø:
Euroland
Det har ikkje vorte noko folkeleg raseri og opprør i Euroland etter at eit frittståande granskingsutval avslørte så mykje svindel, korrupsjon, nepotisme og dårleg administrasjon at Kommisjonen med Jacques Santer i spissen vart tvinga til å gå av. Avsløringa kom ikkje uventa på folk. Det hadde komme så mange varsel om korleis det stod til. Dessutan reknar vel folk med at det er korrupsjon og vennetenester i alle land, for det har det visst alltid vore. Då meldinga om EU-rapporten og dei dramatiske følgjene eksploderte i radio og fjernsyn heldt ein god venn på å lese om den romerske keisaren Julius Cæsar. Han vart myrda fordi han prøvde å gjere slutt på slike tilhøve. Når folk i Euroland tok oppstyret nå med stor ro, er ikkje det noko teikn på at dei ikkje følgjer med, eller gjev katten i heile greia. Folk reagerer sterkt på det som vedgår dei sjølv  og som dei trur det nyttar å protestere mot. Det har vore store demonstrasjonar mot framlegg om å gjere slutt på den tollfrie handelen på ferjer, fly og flyplassar. Rett nok er det først og fremst dei som er sysselsette i denne handelen som har demonstrert, men det er ingen tvil om at dei har folket i ryggen.

Den tollfrie handelen er i strid med den ideologien EU byggjer på. I EU skal det ikkje vere usunn tevling mellom medlemsland og verksemder, men stikk i strid med denne grunntanken er den tollfrie handelen nettopp til føremon for visse verksemder og folk som reiser. Alt i 1991 vart det gjort eit prinsippvedtak om at det skulle vere slutt på denne tollfridommen som på alle tungemål heiter taxfree, og vedtaket skulle gjelde frå 1993, men iverksetjinga har vorte utsett. På dei siste toppmøta har det vorte endelause ordskifte om saka, og grunnen til det er at her står folket mot politikarar og byråkratar. Folk ser på denne handelen som noko nær ein menneskerett  handelen har vorte fordobla i omfang i dei seks åra prinsippvedtaket om å gjere slutt på ordninga har lege på is  eller med eit meir treffande uttrykk i denne samanhengen: on the rocks.

Det har vorte sagt at den tollfrie handelen på ferjer, fly og flyplassar først og fremst er til føremon for direktørar og høgtlønte som ofte er på forretningsreiser. Det er ein påstand som ikkje held. Den sterkaste finansministeren i nordisk politikk i etterkrigstida, Gunnar Sträng, avviste dette synspunktet. Han sa at når vanlege arbeidsfolk får råd til å reise, bu på luksushotell og gå på fine restaurantar slik rikfolket alltid har gjort, då dukkar det straks opp ein jäkel som skal stogge dei.

Norske politikarar som vil ha slutt på den tollfrie handelen, grunngjev det ikkje med euro-ideologien, men ser på det som eit edru-politisk tiltak. Til det er å seie at alkohol utgjer berre 25 prosent av den tollfrie handelen. Det andre er sigarettar, sjokolade, parfyme og gåveartiklar, men det er klirringa av flasker det blir lagt mest merke til, og dermed er det lett å bruke alkohol-argumentet. På verdsbasis reknar ein med at den tollfrie handelen er på ikring 100 milliardar kroner og sysselset om lag 140.000. Det finst jamvel ein internasjonal organisasjon, International Duty Free Confederation, og leiar for den europeiske lobbyen er John Hume, son til den irske sosialdemokratiske vinnaren av Nobel-prisen.

Ein skal ikkje ha reist mykje før ein oppdagar at det ikkje er stort å vinne på tollfri handel på ferjer, fly og flyplassar. Prisane er skrudde opp så det forslår. Korfor aukar då denne handelen? Kjøpepresset for dei fleste ligg vel i det kravet dei kjenner på seg om å ha noko med seg heim frå reisa. Kanskje har folk også ei lita glede av å halde nokre små kroner unna statskassa, og så er det å rusle rundt på slik handel ein måte å fordrive tida på.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |