Dag og Tid nr. 16, 22. april 1999

Bøker:

Rått smerteskrik
Romanen “Schlappz” av Brynjar Aa anbefaler eg for den som vil og tør, skriv Oddmund Hagen.

Brynjar Aa:

Schlappz
Aschehoug

Brynjar Aa debuterte som 20-åring og skreiv tre bøker på strak arm mellom 1981 og 1983. Seinare fekk han framført dramatikk i Radioteateret og på Trøndelag Teater, og dei tre stykka kom ut i bokform i 1987. Da han forsvann frå litteraturen, stod han utan tvil framfor eit gjennombrot, kanskje først og fremst som dramatikar.

Rått opprør

Det er derfor gledeleg å sjå at Brynjar Aa er tilbake etter å ha vore taus i tolv år, og at opprøret hans mot “the establishment” er like sterkt som det var på 80-talet, ja, kanskje sterkare og råare no enn den gongen. Schlappz er ein roman, forma som ein 220 sider lang monolog eller indre tankestraum framført av Brage, ein narkoman og kriminell som har rømt frå framstilling for varetekt og har søkt dekning og tilflukt i ei kjerke under oppussing. Han er sterkt rusa og paranoid, han er skadd og blør frå fleire skotsår, og han er svært nær grensa for både eit mentalt og fysisk samanbrot.

I denne tilstanden framfører han eit smerteskrik av ein monolog der han går i rette med Gud og samfunnet, oppvekstvilkåra og sitt eige liv.

Det heile er ein flimrande og fragmentert tankestraum med høg intensitet og med sterke kontrastar mellom høgt og lågt i den forstand at det høge og heilage blir trekt ned i skiten og tråkka på, både i ord og handling. Mellom anna pissar og drit han i døypefonten, han onanerer ved altarringen, bruker altarlys som dildo og utfører rå seksuelle obskønitetar i sakristiet. Det er ei blanding av målretta opprør og vilt kaos, og kva som skjer inne i hovudet på Brage, og kva som faktisk skjer, er ofte uklart og speglar den tilstanden han er i mellom det draumeaktige og det verkelege. Men uansett grensar delar av teksten opp mot det blasfemiske, og Brynjar Aa og Aschehoug Forlag skal prise seg lykkelege over at Gud ikkje les romanar.

Samtidig blir romanen religiøs i grunntonen ved nettopp å strekke seg mot det blasfemiske, for under obskønitetane og grisepraten anar ein trekka i eit barneansikt og eit barns grimasar mot foreldre og autoritetar og alle som har øydelagt livet og gjort det kaotisk og disharmonisk.

“Vildanden”

Det er ein djup og ekte lengsel etter tryggleik og harmoni hos Brage, ein lengsel etter barndommen slik den kunne ha vore, ein barndom der nokon brydde seg og tok vare på han, ikkje misbrukte han seksuelt og knuste han mentalt, og slik får råskapen i ord og handling ein kjerne av ømheit og lengsel etter eit verdig liv, ein lengsel etter katarsis, reinsing, at det vonde kan brennast bort og gå opp i flammar, og i sluttscenane skjer nettopp det med dramatisk konsekvens.

Romanen er bygd over Ibsens Vildanden, og det skadeskotne går gjennom teksten på mange plan. Farskapsproblematikken er der også. Kven er far til Brages dotter, han sjølv eller stefaren? Alt finn ei løysing i epilogen som går over 60 sider og er høgdepunktet i romanen, for det er først her Brynjar Aa verkeleg strammar grepet og fortettar handlinga mot den forferdelege finalen og dei forferdelege avsløringane av Brages hemn over fosterforeldra.

Sex, drugs & rock'n roll

Språket er spesielt og består av ei blanding av engelsk og norsk med innslag av tekstbrokkar frå salmar, Bibelen, viselåter, pop- og rocke-låter. Samtidig blir det stadig referert til filmar og filmscenar der det er nok å nemne A Clockwork Orange og Wild At Heart for at stemninga er på plass. Dessutan er frekvensen av bannord svært høg og er dermed ein del av den språklege realismen. Det er med andre ord ein roman breiddfull av sex, drugs & rock'n roll, ein roman som gir stemme til dei mest fortapte og utslåtte i samfunnet, og som skrik ut ein protest mot den etablerte velferden og alt som ligg bak velferdsmaska.

Når det er sagt, må det og seiast at Schlappz er ingen roman for sarte sjeler og folk av den fine smak, for desse finst det anna lesestoff å velje i. Men litteratur kan vere så mangt, og sjølv om det er eit hav og ein himmel mellom det korrekte og danna og det ukorrekte og ubehøvla, utelukkar ikkje det eine det andre med omsyn til litterær kvalitet. Med dette er Schlappz anbefalt for den som vil og tør.
Oddmund Hagen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |