Nr. 15, 15. april 1999
Roald Helgheim:
Den politiske reinsinga
I desember 1991 hadde det engelske tidsskriftet The Economist ei satirisk framstilling av den framtidige utviklinga i Sovjetunionen: Republikken Sørslugonia, tidlegare autonom region i Sovjetunionen, har erklært seg uavhengig. Det blir laga eigne pengesetlar, slug, det blir søkt om medlemskap i FN og EF, og ein krev gjenforening med Nordslugonia, som framleis høyrer inn under Russland, og ein trekkjer opp 'dei historisk rettferdige grensene'. Men så gjer den blatiske minoriteten i Sørvestslugonia opprør mot at slugisk blir innført som einaste offisielle språk. Militærgrupper frå nabolandet Blatistan trengjer inn i landet. Den slugonske nasjonalgarden deler seg i ein fraksjon som blir leia av ein tidlegare KGB-offiser og ein fraksjon som er lojal mot presidenten frå Borgarforum.
Som alle veit, tok det ikkje lang tid før den satiriske framtidskommentaren var alt anna enn satire. Peter Normann Waage brukte Economist-dømet i boka Jeg, vi og de andre (Cappelen 1993), ein norsk klassikar i analysen av framveksten av den nye europeiske nasjonalismen. Han legg til at somme ekspertar meiner det finst rundt 125 ulike slugonarar som kan krevje nasjonalt sjølvstende i det tidlegare Sovjet. Til samanlikning var det rundt 190 statar i verda, nesten fire gonger så mange som ved hundreårsskiftet.
No veit vi at The Economist-modellen like godt kan nyttast om det tidlegare Jugoslavia, der slugifiseringa byrja med at Slovenia reiv seg laus frå moderlandet. Etterpå kom heile kakofonien av ny-proklamerte statar med påfølgjande minoritetsopprør innanfor kvar stat, støtta av nabostatar der den same minoriteten var majoritet. Den fullstendige desimeringa av det gamle Jugoslavia gjorde at mange ikkje berre mista oversynet, men også gangsynet. Kven skulle ein halde med? Meiningsskilnadene gjekk tvers gjennom den gamle venstresida, og dei færraste orka å verkeleg involvere seg i dei humanitære katastrofane i kjølvatnet av etniske reinsingar som ikkje berre ramma bosniske muslimar, men også kroatiske serbarar, eller var det serbiske kroatar? Og kva med slovenske serbarar eller omvendt, og montenegrinske makedonarar, finst det? Og kva farken er skilnaden på Slovenia, Slavonia og Slovakia?
Graden av fåkunne kunne nok variere, men for politisk engasjerte menneske vande med enkle skiljeliner var det nye europeiske lappeteppet som i Waages bok heiter Kakania ikkje til å bære. Di enklare er det i dag å kompensere dårleg samvit med å hoppe på bombevogna når ein ny katastrofe grin mot ein, etter at kosovo-albanarane har blitt Vestens nye hjartebarn, frå eit Kosovo og eit Albania Vesten historisk har brydd seg katten om (bortsett frå som gammalt kommunistisk skremmebilde).
Akkurat det kan eg lese om i det amerikanske magasinet Time, der den elles krigshissige kommentator Charles Krauthammer tar eit knusande oppgjer med Clinton-doktrinen, proklamert av presidenten i ein tale 23. mars, der han snakka om ei framtidig verd i harmoni med alle våre ulikskapar, der vi ikkje treng vere redde for å sjå scener kvar kveld i dei neste 40 åra av etnisk reinsing ein eller anna stad i verda. Mot slike scener er USA ein elendig garantist, skriv Krauthammer, som ikkje berre viser til kjende historiske døme (som den USA-støtta kroatiske utreinskinga av serbarar i 1995), men også til det USA-innsette regimet på Haiti som har blitt eit nytt diktatur mot all demokratisk opposisjon (sjå også Noam Chomskys artikkel på midtsidene i DT denne veka).
I desse dagar kan eg høyre og lese gamle raddisar som meiner at kan hende var det ikkje så lurt å bombe, men vi kan ikkje gje oss no. Slik har den nasjonale sjåvinismen som er rota til all etnisk reinsing, også blitt språket i dei fleste norske media, med VG i suveren spiss. Etter påske kunne vi lese ymse aviskommentarar om kor ille det var at pressa ikkje kunne vere på banen i påskehelga, mellom anna for å gje bakgrunn for den tabloide fjernsynsdekkinga (Hans Fredrik Dahl i Dagbladet). Men i det lyset har saknet av avisene verkeleg vore til å bere. Når informerte dei store avisene oss om det viktigaste innhaldet i Rambouillet-avtalen? Dei hadde god tid før påske, men har underslått at det var eit reint okkupasjons-diktat for heile Jugoslavia. Til å lære om den strategiske rolla bombinga har som øving i Nato-krig i Europa, blir eg klokare av å lese Time enn norske
aviser (med unntak av oss små). Men eg blir også klok av min gamle kjenning Ljubisa Rajic, ein gong student i Oslo, no radikal opposisjonell professor i Beograd og skribent her i avisa, som til Aftenposten seier at som gammel venstreradikaler er jeg forbannet over å bli bombet av forhenværende blomsterbarn som nå er blitt makthaverne i vestlige land.
Slik bombar Nato ikkje berre all gammal jugoslavisk opposisjon attende til Milosevic-folden, men norske radikale inn i Nato-folden, i helga stadfesta av eit partilandsmøte på Lillehammer. Attpåtil blir det i media kalla politisk modernisering i motsetning til gammalsosialisme og museumsvaktarar. Men kva er det som er så moderne med å bli lik alle dei andre? Er politisk einsretting likare enn etnisk?
Roald Helgheim |
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|