Nr 14, 9. april 1999

Kosovo:

Slutten for FN og folkeretten?
Om ein ikkje går til grunnane for konflikten i Kosovo, kan ein ikkje løysa han heller. Inntrykket mitt er at Nato-intervensjonen ikkje byggjer på nokon analyse av grunnane for konflikten, skriv professor Ljubisa Rajic i dette brevet frå Beograd.

Bombinga av Jugoslavia var i kjømda i lang tid. No, når ho er i gang, er det vanskeleg å halda hovudet kaldt, men ein lyt analysera situasjonen så objektivt og godt som ein maktar. Denne krigen har reist mange viktige prinsippspørsmål som må diskuterast.

Partane i konflikten

Det finst fleire partar i konflikten enn det ser ut til. Den serbiske leiinga, som får skulda for konflikten, består akkurat no av fire parti. På papiret har dei svært ulik ideologi, men i praksis spelar ideologien lita eller inga rolle; det er den politiske makta og dei økonomiske fordelane av denne makta som er det viktigaste for dei. I leiinga for dei sit kremen av statsbyråkratane, statskapitalistane og privatkapitalistane, praktisk tala heile den politiske og økonomiske makteliten. Men indre konfliktar er sterke, og det er berre maktinteressene som held dei saman. Alle har dei brukt nasjonalisme, framandhat og Kosovo som middel i den politiske kampen i så lang tid at dei ikkje kunne sleppa dei no sjølv om dei ville. Dei kan heller ikkje tenkja seg noko som kunne innskrenka makta deira, minst av alt nokon utanfrå. Når dei forsvarer makta og dei økonomiske interessene sine kjenner dei ikkje nokon grenser for valdsbruk. Moderate røyster finst i delar av den serbiske opposisjonen, media og ulike organisasjonar.

Den albanske leiinga er enda meir brokut og består av av alt mogleg, frå ekstremt venstre til ekstremt høgre. Dei indre maktkonfliktane er mykje sterkare enn på den serbiske sida, særleg mellom ulike grupper innafor UCK og mellom grupper frå Kosovo og frå Albania. Det er berre konflikten med regimet i Serbia og ønsket om ein albansk stat i Kosovo som held dei saman. Ein sterk patriarkalsk kultur med storfamiliar og klanar gjev leiande politikarar ei særleg makt. Valdstradisjonen er svært sterk. Mistrua mot framande kan vera ekstrem. Moderate røyster finst no praktisk tala ikkje lenger. Ein tredje usynleg part er partia til dei andre minoritetane som mest ventar på å sjå korleis Kosovoknuten vert løyst, av di løysinga kjem til avgjera mykje av deira eigen lagnad i landet. Med få unntak kan ein rekna dei til moderate.

Utanfor har me, noko forenkla, USA, Nato og EU på den eine sida, Russland på den andre sida og dei andre landa på ei yttarst samansett tredje side. Reint generelt kan ein seia at for dei er Kosovo, albanarar og serbarar for det meste berre middel i deira maktspel, sjølv om ein del ekte interesse for å løysa konflikten òg finst.

Grunnen til intervensjonen

Mykje av det som vert kalla konfliktstyring, går ut på å gje gode råd om korleis ein allereie pågåande konflikt kan handsamast for ikkje å bli for stor og farleg. Men om ein ikkje går til grunnane for konflikten, kan ein ikkje løysa han heller, for grunnane kjem alltid til å reprodusere konflikten så lenge dei finst. Inntrykk mitt er at intervensjonen ikkje byggjer på nokon slik analyse av grunnane for konflikten.

Den uttala grunnen for intervensjonen frå Nato si side er å hindra ein humanitær katastrofe i Kosovo forårsaka av undertrykkinga av albanarar. Undertrykking er undertrykking, og ein skal ikkje måla med apotekarvekta, men det som er undertrykking av albanarane, muslimane og dei andre minoritetane (ein tredjedel av befolkninga i landet), er berre det som vert att når ein tek bort det som er undertrykking av alle statsborgarar i Serbia.

Det er ikkje nokon tvil om at politiet har fare hardt fram mot albanarane i alle åra sia 1981, særleg sia 1991. Det finst mange uavhengige rapportar, og mykje kunne seiast om dette. Albanarar har vore meir undertrykt enn serbarar, og denne undertrykkinga har til dels hatt rasistisk underlag. Men nokon humanitær katastrofe kan ein ikkje snakka om før opprøret starta i fjor. Ein del av denne katastrofen er serbarar, muslimar, sigøynarar og dei andre innbyggjarane som òg forlet heimane sine. Den som har mest våpen og makt, her statsmakta, brukar òg ha den største skulda, men utan opprør hadde det ikkje vore nokon katastrofe. Det ser ut som om leiarane for UCK anten har feilrekna styrken sin eller medvite rekna med at ein framprovosert humanitær katastrofe kom til å framprovosere innblanding frå Nato. Styresmaktene i Serbia har så gjeve dei all den vind i segla som dei har kunna gje, og det er ganske typisk for handlemåten deira heilt sia krisa i eks-Jugoslavia byrja. Situasjonen er i prinsippet svært lik den som utvikla seg i Krajina i Kroatia fram til august 1995, men ei total fordriving av albanarar som det skjedde med serbarar, er ikkje ein gong teknisk mogleg å gjennomføre.

Kvifor så intervensjon akkurat i Kosovo, når det samstundes skjer ting mange andre stader rundt i verda som gjer alt som skjer i Kosovo til berre barnemat? Det skjer i Europa, det er berre for mange flyktningar og liksomflyktningar som er for stor belastning i vestlege land, heile konflikten er godt stoff både i media og i innanriks- og utanrikspolitikken, og dei som intervensjonen skal rettast mot har vore i skammekroken lenge nok at til at alt vert enklare. I det minste kan ein då stogga flyktningstraumen og senda tilbake alle dei som har kome ut tidlegare. Ein skal ikkje gløyma at sanksjonar ikkje vart innført mot Kroatia i si tid delvis fordi Tudjman truga med å senda muslimske flyktningar vidare til Vesten.

Den halvveges uttala grunnen kom Clinton med då han sa at Nato sitt truverde står på spel. Det er nærast eit abrakadabra i Vesten. Eg har lyst til å sitere Tsjekhovs dramaturgiske regel som seier at om eit gevær heng på veggen under første akta, så må det takast ned under tredje akta for å avfyrast. Nato har no hengt på veggen i nesten femti år, no må det takast ned. Om nokon har tent politisk på konflikten og krigen i eks-Jugoslavia, er det Nato som har hatt visse legitimeringsproblem, og det er Tyskland som har endra grunnlova slik at det no kan senda tyske soldatar til utlandet med sjanse til å verte fast medlem av Tryggingsrådet. Den ikkje-uttala grunnen er at Nato må få sine soldatar på heile Balkan for å ha ei samanhengande kjede til Tyrkia, og no ligg Serbia der som ei øy.

Konsekvensane

Intervensjonen har ei rad av konsekvensar. Fyrst er det dei prinsipielle konsekvensane. Nato har gjort intervensjon mot eit suverent land som ikkje hadde gått til åtak på noko anna land, intervensjonen byrja utan noka krigserklæring, utan vedtak frå FN og Tryggingsrådet, utan handsaming i OSSE, til og med i strid med Nato sine vedtekter og grunnlova i nokre av medlemslanda. Dette tyder på at Nato utviklar seg til eit reint maktapparat heva over folkeretten, som kan brukast når og slik USA bestemmer og får med eller trugar dei andre til det. Korleis det kan arta seg, kan ein best sjå av kurdarproblemet. Irakiske fly får ikkje lov til å bomba kurdarane i det nordlege Irak for at tyrkiske fly skal kunna bomba dei same kurdarane. Forresten, tyrkiske fly tek del i intervensjonen i Jugoslavia. Om det til slutt ikkje finst noko anna enn rein makt, kan det gjera slutt på FN og OSSE og elementær folkerett, med alle konsekvensar som det får.

Konsekvensane for den politiske opposisjonen i Serbia og Montenegro kan allereie no reknast som katastrofale. Bombinga og fornya strid i Kosovo har truleg gjort slutt på resten av moderate røyster blant albanarar og gjeve UCK ei absolutt makt. Styresmaktene i Montenegro, som har vore kritiske mot regimet i Serbia og den føderale regjeringa, har truleg fått eit så kraftig skot for baugen gjennom bombinga av måla i Montenegro at det er stor sjanse for at neste valsiger går til dei ekstreme partia. Både dei moderate serbiske partia og partia til dei ikkje-albanske minoritetane i landet står i ein umogleg situasjon når dei skal velja mellom å støtta regjeringa i ein krigssituasjon, men dermed òg styrkja henne, eller gå imot regjeringa, men forsvinna frå det politiske livet med forrædarstempel på seg. Enorm innskrenking av dei politiske og borgarlege fridomane i Serbia er det einaste resultatet fram til no.

I offisiell amerikansk politisk analyse kjem folket i eit land som vert bomba og utsett for sanksjonar til å skjøna at det må velja ei ny regjering og styreform. Det er så elementær fåkunne i sosialpsykologi at ein grunnfagsstudent på Blindern kunne ha gjeve betre forklaring. Det er berre makthavarane i Serbia og ekstremistane mellom albanarar samla i UCK som vinn på intervensjonen. Altså: Dei som er skuldige i krigen, kjem styrkte ut av krigen. Mange her trur at det òg var meininga med intervensjonen, så det heile vert avslutta med at Nato tek over alt styre og stell slik det  meir skjer i Bosnia-Hercegovina. At dei vanlege menneska betalar ein enorm pris, kan forklarast med at dei heller ikkje er mål, berre middel.

Situasjonen for media i Serbia kan best beskrivast som rein katastrofe, og det er eit stort spørsmål kor mange frie medium som kjem til å finnast etter at intervensjonen er over. Eller som nokon sa: Ytringsfridomen har vi framleis, men kva med fridomen etter at ein har ytra seg? Det same kan ein seia om dei meir kritiske organisasjonane, som allereie er hardt pressa, og som ikkje kjem til ha lang levetid med den varsla nye parti- og foreiningslova.

Kva er konsekvensane for det politiske livet? Om enn me alle veit at Kosovo er tapt om få år, om ikkje på anna vis, så demografisk, er det politisk umogleg for ei regjering å skrive under på at ein heil lut av landet skal takast ut av det nasjonale politiske og juridiske systemet og overlatast til opprørsstyrkane og ein framand militær pakt. Kor lenge kjem så bombinga til å halde fram om styresmaktene ikkje vil skrive under? Det kan ingen svara på, for ingen har sett fram klare politiske mål for bombinga bortsett frå at avtalen skal skrivast under. Under debatten i det serbiske parlamentet sa den serbiske statspresidenten at dei fekk tilbod i Paris om å utforma avtalen slik dei vil, berre dei skreiv under på at Nato-troppar skulle kunne koma inn i landet. Om det er riktig, og alt tyder på at det er riktig, er det meir enn nok grunn til mykje ettertanke om prinsipp for det politiske livet. Albanarane er langt mindre viktige enn dei trur, og det vert ikkje så lett for dei når dei oppdagar dette. Dei som overlever.

Prinsipielle spørsmål om reglar som skal gjelda for sjølvstyre og lausriving har no kome heilt i bakgrunnen. Det same gjeld ansvaret som kvilar på dei militære. Det vert forventa av lærarar, lækjarar, ingeniørar og andre yrkesutøvarar å tenkja over mål og middel for yrket deira og ta etisk ansvar. Men det krevst ikkje av militære, dei skal berre gjera eit profesjonelt arbeid. Og så vidare, for ein kan ikkje lenger lata som om alle slike spørsmål er uviktige. Sjølvsagt kan det sjå ut som om det er luksus å diskutera dette så lenge blodet flyt, men blodet flyt i høgste grad fordi at ein let vera å få klarleik i dette, så det vert tolka som det passar kvar einskild politikar.

Kva er så løysinga? Det har vore lagt fram mange gode forslag på ulike konferansar, og før konflikten i eks-Jugoslavia kom i gang, og dei finst framleis, men den politiske makta har aldri vore interessert i dei. Det er typisk for politikarar at dei fyrst spiller mjølka og så krev at andre skal koma med gode råd om korleis spilt mjølk skal samlast opp.

Men innan politikarane gjer dette, kan me vanlege menneska halda oss til den gamle graffitien: Kva er det ein skal gjera når bomber og rakettar kjem? Ta eit kvitt laken og gje seg i veg mot næraste kyrkjegard.
Ljubisa Rajic

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |