Nr. 12-13, 25. mars 1999

Jan Erik Vold:

Vener med felles fiendar

Det må verta meir politikk i Jan Erik Volds dikt - ikkje mindre. Det trengst eit røntgenblikk på samfunnet, ikkje berre eit blikk på avisene, meiner professor Georg Johannesen.

OTTAR FYLLINGSNES

Jan Erik Vold stod i sentrum på det åttande poesiseminaret på flate Flisa i slutten av sist veke. Vold har tidlegare klaga over lita akademisk interesse for det han har skrive, men på Flisa møttest ei rekkje kapasitetar og eit publikum på nærare 150; dei fleste lærarar.

Hovudpersonen sjølv, Jan Erik Vold, var også til stades, men berre for å opptre saman med pianisten Einar Iversen om kvelden. Jan Erik Vold ønskte ikkje å høyra på dei mange førelesarane som hadde grave seg ned i forfattarskapen hans. Difor kom han seint og reiste tidleg. Det syntest Georg Johannesen var litt ille. Han skulle snakka om Jan Erik Volds lyrikkomgrep, men det kom til å handla om mykje anna.

Felles fiendar

Georg Johannesen omtalar seg som ein ven av Oslo-diktaren. Professoren kunne i tillegg skryta av å ha halvannan meter med Jan Erik Vold-bøker i bokhylla.

- Me er på vedunderleg vis utstyrte med felles fiendar. Eg har aldri møtt eit menneske som foraktar Vold som ikkje eg foraktar, og eg trur det er omvendt - også.

Georg Johannesen laga i 1974 ein pamflett om Noreg i litteraturhistoria.

- Der hevda eg at dei som skreiv norsk litteraturhistorie ikkje visste kva norsk tydde, dei visste heller ikkje kva litteratur eller historie tydde. Og slik har det halde fram sidan, sukka professoren i retorikk - denne søvnige laurdagsmorgonen - den 20. mars 1999 på Solør Hotell i snes kommune.

Han viste til Jan Erik Vold fagkritiske pamflett frå 1980 Det norske syndromet.

- Han hengde ti bjøller på ti kattar og kom med namn på ti personar som han meinte var ansvarlege for at me ikkje hadde noko skikkeleg lyrikkoppfatning her i landet. To av dei var professorar, Leif Mæhle og Edvard Beyer, og ingen av dei hadde greie på lyrikk. Elles var det personar i NRK, Dagbladet og Arbeiderbladet. Jan Erik Vold hadde heilt rett i det han sa.

I boka opererte han med to omgrep: "besinnelse" og "besvergelse". Han meinte det var så mykje "besvergelse" i norsk lyrikk:
- O, du!

Heller "besinnelse" enn "besvergelse", meinte Georg Johannesen også den gongen.

- Så langt, så godt, men det var ikkje nok. Eg har ei anna oppfatning av godt og vondt; ein klassisistisk, buddhistisk eller hinduistisk moral som går ut på at det gode ligg midt mellom to vonde og at det vonde ligg midt mellom to gode.

Dei som "besverger" er dårlege, dei som "besinnar" seg er fornuftige, men dei besette er dei verkeleg gode, siterte professoren.

Hoe-syndromet

Han viste til det som han har kalla Hoe-syndromet.

- Det omfattar slike folk som trur at det er interessant å lesa Edvard Hoems Kjærleikens ferjereiser, i staden for Odysséen av Homer.

Professoren drog inn endå meir Hoe - gjennom Sigurd Hoels og hans Møte ved milepælen sett opp mot Homers Iliaden.

- Dermed vert dei Holberg-figurar alle saman, om dei vil det eller ikkje, og alle er dei ute på Nils Klims underjordiske reise til Mediakyrkja.

Ein nøkkel

I 1965 - i det same året som Jan Erik Vold debuterte, gav filosofen Arne Næss ut boka Modernefilosoffer i København. Der skreiv han om filosofar som Sartre, Heidegger og Wittgenstein.

- Vold var ikkje påverka av Heidegger, men kanskje kan Wittgenstein vera ein nøkkel til dei frie versa hjå Jan Erik Vold når dei er på sitt beste. På same måten som Wittgenstein, er ikkje Jan Erik Vold interessert i å definera. Generaliseringar fører til det uklare. Sanninga er konkret.

Truga med sak

Georg Johannesen var redaktør i Basar frå 1975 til 1981, saman med Jan Erik Vold, Kjartan Fløgstad og Einar Økland.

- Grovt sett kjenner eg ingen andre norske forfattarar enn dei som var med i krinsen kring Basar. Eg ønskjer ikkje å kjenna nokon heller. Eg les berre bøker eg er nøydd til å lesa, sa Georg Johannesen - og viste hyppig til Fløgstad-sitat - eitt av dei frå 1993.

- Der skriv Fløgstad at diktsamlinga er ein halvsakral kultstad for mange prestar og ein liten kyrkjelyd. Han minner om at Georg Johannesen (eg) var den første på det norske språkområdet som gjennomskoda dette, og at GJ trekte svært idiosynkratiske konklusjonar og forlet diktinga for å verta norsklærar og retorikar. Dette får stå for Kjartan Fløgstads rekning, men det er sant at eg slutta å gje ut diktsamlingar etter 1965 - då innkjøpsordninga trådde i kraft.

Det same året debuterte Jan Erik Vold. Georg Johannesen meiner at resultatet av innkjøpsordninga er opplagd:

- Dess fleire diktsamlingar, dess færre lesarar per bok.

Professoren minna om forleggjaren som kjende seg som "gjæs i dusjen" - etter å ha fått kjeft for å gje ut for mange dårlege diktsamlingar.

- På 60-talet truga eg med å gå til sak mot Gyldendal på juridisk grunnlag for at dei hadde selt verka mine til tredjemann. Dei let som dei skulle gje ut boka, men dei skulle eigentleg berre gje ho over til innkjøpsordninga. Det var fusk, men eg hadde ein flink advokat. Og slik vart eg statsstipendiat, fortalde Georg Johannesen.

Han viste til konsekvensane av den statlege innkjøpsordninga.

- I 1980, femten år etter at me fekk henne, hadde talet på diktsamlingar her i landet vorte tredobla. Oslo gav ut fleire diktsamlingar enn heile USA. Klart at me styrer USA med hjelp av den enorme kreativiteten vår, la han til.

Venstresida

Georg Johannesen synest det er ille og overdrive når Kjartan Fløgstad gjev uttrykk for at "venstresida" er eit signalord som viser til ein useriøs skribent.

- Dette er for sterkt, sjølv om det er vanskeleg å bruka ordet, sa Johannesen.

- Kven er høgresida sin poet, spurde han.

Og lanserte John Olav Egeland, "ein stor norsk lyrikar som har vorte politisk redaktør i Dagbladet".

- Stadig vekk skriv han politisk engasjerte dikt på andre- og tredjesida i avisa. Han løyser til og med problema i Kosovo, men han har berre to lesarar: den amerikanske og den russiske presidenten. John Olav Egeland meiner at det som er att av norsk venstreside er ein mann, Kjartan Fløgstad, og tåketalen hans.

Vold-teser

Jan Erik Volds lyrikk er både materiell og gestisk; han er knytt til både kropp og røyst.

- Den gestiske skrivemåten er latent musikalsk. Han kommuniserer, men utan ord. Lyrikk utan ord er naudsynt som pausar i musikken, sa Johannesen.

Og viste til sine to Vold-teser. Den eine er "besvergande" utan grunngjeving. Den andre er "besinnande", med grunngjeving eller sannsynleggjering. Den besvergande tesen er slik:

- Jan Erik Vold har som vokalist, lyrikar, prosaist, omsetjar, kompilator, kommentator, plagiator, redaktør, gjendiktar, brevskrivar, samtalepartnar gjennom dei siste åra utretta meir i norsk lyrikk enn andre her i landet. Dette inneber ikkje at Jan Erik Vold har skrive eit fleirtal av dei gode norske dikta. Men som kjent frå dialektikken, slår kvantitet av og til over i kvalitet. Ein kan ein seia at VG inneheld Noregs beste lyrikk av di avisa er Noregs største avis. Diktsamling er altså avis, til det motsette er bevist. Avis er ei diktsamling til det motsette er bevist.

Georg Johannesen viste til nok eit Fløgstad-sitat som seier at Thorbjørn Jagland diktar utan stans.

- Men Jan Erik Vold er mykje betre - i den same sjangeren, slo professoren fast.

Heimstaddiktar

Han viste til utviklinga av landet i Jan Erik Volds tid; frå først ein vanstyrt storkommune, til eit Oslo-imperium under ein media-styrt atomparaply frå USA.

- Der kjem vanskane med å vera Oslo-diktar inn. Dagens Oslo er ikkje det same som Oslo den gongen Jan Erik Vold voks opp. Det er ikkje slik som Jan Erik Vold skreiv i Dagbladet; at Noreg har vorte ein gangsternasjon. For Noreg er ikkje det same som Oslo.

Georg Johannesen meiner at Jan Erik Vold har to syn på Oslo; to syn som både strir og som ikkje strir mot einannan.

- For det første er Jan Erik Vold ein Oslo-patriot. Oslo-nostalgikaren er av stor etnisk og estetisk interesse. Jan Erik Vold frå den austlege delen av Oslos vestkant er som ein kvar stor lokal kunstnar eller heimstaddiktar frå Flisa, Ulvik, Kina eller Madagaskar, men han har betre kjennskap til dei fire skriftstadane i USA: New York, Washington, Hollywood og Pentagon enn til Mosjøen, Hammerfest, Vardø, det eksotiske Voss og bøndene i Halden.

Oslo-patrioten Jan Erik Vold er kjent for Briskeby-blues i kampen om å ta vare på Bislet.

- Dessutan trur Oslo-politikaren Jan Erik Vold på at det finst fysisk vald i Oslo. Det ønskjer Oslo-media at folk skal tru. Jan Erik Vold var mot EU, og det var eg også, men no skal nei-fylka i Vest-Noreg tappast for politiressursar også. Alle ressursar skal til Oslo, sa Georg Johannesen.

Og raljerte med kravet om ein politimann i kvar drosjebil i den norske hovudstaden.

Fire grunnar

Professoren viste til omtalen i Oslo-avisene av dei kloke som teier; dei som ikkje tek ordet i debatten lenger.

- Delvis er det sant. Der eg bur, ville det vera idioti å tru at ein vart høyrd. Likevel finst det fire grunnar for å uttala seg. Den eine er at du skal forsørgja deg og familien din. Den andre grunnen er at du skriv for at du på litt lengre sikt skal kunna forsørgja deg; for at du skal å få deg ein jobb på universitetet eller i ungdomsskulen.

- Den tredje grunnen er at ein skriv for å gleda seg sjølv og sine medmenneske, og det er den beste grunnen. Den fjerde grunnen er eit paradoks, og då ligg det til grunn at du trur at du kan breia ut meiningane til heile det norske folk. Viss du trur det, er du så dum at du ikkje har noko meining å koma med.

Late lyrikarar

Georg Johannesen meiner Jan Erik Volds flid føreset audmjukskap.

- Han har si eiga litteraturhistorie og sitt eit eige resepsjonsmiljø. Han skil seg frå andre norske lyrikarar med både kapasitet og arbeidskraft. Medan Jan Erik Vold både er sportsmann og arbeidsjern, er dei fleste lyrikarar relativt late, hevda professoren.

Og kom inn på nordisk litteraturpris som gjekk til den danske lyrikaren Pia Tafdrup i år.

- Jan Erik Volds siste bok Storytellers vart heldigvis og håplaust innstilt til litteraturprisen av den norske juryen; håplaust av di boka er ein antologi med tilfeldig valde dikt. Heldigvis av di det var eit intelligent forslag som kom frå den ertelystne Einar Økland; ei råk i den norske isen. Økland er på Jan Erik Volds side og nivå. Slike folk er det kanskje 100 eller 150 - eller kanskje 999 av her i landet. Eg kjenner sjølv mellom 14 og 19 danna språkbrukarar i Noreg.

Kaldsindig ros

Georg Johannesen framhevar det musikalske i kvardagsspråket hjå Jan Erik Vold.

- Jan Erik Vold er ein lyrikar. Han er ein utøvande vokalist. Som poet står på han på ei lang og stram line som går frå Sigbjørn Obstfelder til Bob Dylan, men om han er ein diktar - ein diktator som dikterer - er eg ikkje sikker på.

Georg Johannesen viste til at det er skrive  lite om Jan Erik Vold.

- Det er rart og merkeleg at Jan Erik Vold tidleg vart angripen av mange. Endå rarare, og nesten ekkelt, er det at han no møter ein slik kaldsindig ros. Litteraturforskarar synest at dei må skriva mykje om han, men ein merkar reservasjonen. Det er likesæla i dårleg litteraturforsking me snakkar om. Lyrikar er eit skjellsord i Noreg, men Jan Erik Vold gjev seg ikkje. Han har vendt seg inn mot den dagspolitiske dreiescena. Han prøver sjølv å verta den venstresida som ikkje finst.

Georg Johannesen meiner at det fantastiske med Jan Erik Vold er den rausheita han viser.

- Det kan få ein til å samanlikna med Henrik Wergeland. Jan Erik Vold finn så mange geni; så mange fleire talent enn oss som eksisterer, sa han. Og la til:

- Me lever i eit korporativt system der ekspertane rår. Moderne lyrikk kan berre forståast av lyrikarar, men det er ikkje så ille som det høyrest ut til. Den som veit at han er lyrikar - døgeret rundt, kan forstå lyrikk. Verre er det ikkje, meinte Georg Johannesen.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |