Nr. 12-13, 25. mars 1999

Film:

Kjærleik på landet

Det er ei underleg poetisk langsemd over denne nederlandske filmen om traust bonde som får jaga kvinne i fanget.

På rulleteksten etter denne filmen står det at einkvan ikkje vil vedkjenne seg det kunstnarlege resultatet. Kunnskapane mine i det aktuelle språket er mangelfulle, men Den polske bruden er altså ein film fødd i strid. Kan hende vart dei usamde om det skulle vere happy end eller ikkje, tenkjer eg på veg ut frå denne langfilm-debuten til Karim Tra‹da, fødd i Algerie, men busett i Nederland. I alle fall er det ein av fire filmar i den nederlandske Route 2000-serien, der oppdraget var å lage ei film der hovudpersonen blir stilt andsynes eit viktig val som fører til eit vendepunkt i livet, og det oppdraget er fullført.

Ei kvinne i fanget

Film frå landet innanfor dikene er ikkje kvardagskost på våre kantar, og i dette dramaet er vi på det mest flate landet der berre nye plogforer bryt monotonien. Den einslege bonden og ungkaren Henk driv familiegarden utanfor Groningen då ei mishandla blodig kvinne som har rømt frå byen ramlar framfor føtene hans. Han får henne i hus og steller henne, og det kjem for ein dag at ho er polsk kvinneimport som har stukke av frå den nederlandske arbeidsgjevaren som har tvinga henne til prostitusjon.

Det siste veit ikkje bonden, men vi, og brått blir livet snudd opp ned for den mutte mannen i kjeledress som utan å spørje lar Anna bli som hushjelp på garden, mens han sjølv prøver å halde banken frå livet. Men den nære fortida innhentar Anna ein dag, og stygge menn kjem på vitjing for å krevje retten sin.

Kjærleikens språk

Korleis det endar, må du sjølv finne ut, men det er ei veldig langsemd i denne filmen ute i det opne landskap der vind og ver bryt monotonien, mens den storøygde Anna med det magre, redde andletet får nytt liv i både seg sjølv og ein vanebunden bonde som berre hevar røysta når han kranglar med banken. Men om natta græt ho sine tårer over den vesle dottera ho måtte reise frå i heimlandet.

Den polske bruden
er ein film av få ord, sjølv om Anna stavar seg gjennom ordboka. Kjærleiken har sitt eige språk, står det om denne filmen, som vann publikumsprisen på filmfestivalen i Rotterdam i fjor, som fekk prisen for beste regi og der Monic Henrickx vann prisen i klassen beste kvinnelege hovudrolle. Jaap Spijkers er truverdig nok som den tagale traktormekkaren av ein bonde i for kort trøye, som vi ikkje kan anna enn å unne meir gøy ute på landet. Men får han det?
Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |