Nr. 12-13, 25. mars 1999

Film:

Eventyr til oppmuntring

Dette er britisk kveik for den som trør tungt.

Little Voice

britisk
Regissør: Mark Herman
Med: Jane Horrocks, Michael Caine, Brenda Blethyn

Little Voice er basert på eit teaterstykke, men filmen passar ypparleg inn i den nye bølgja av britiske suksessar på lerretet. Oppskrifta varierer litt frå den eine filmen til andre. Historiene skildrar som oftast folk langt nede på den sosiale rangstigen. Kvardagen er alt anna enn fargesprakande, men folk kjempar og kjempar - og som oftast halar dei i land ein siger til slutt. Felles for filmane er at dei formidlar både håp og humor - i all tristessen.

Little Voice er ikkje noko unnatak, og det er lett å trekkja trådane til både den irske forfattaren Roddy Doyle og andre filmsuksessar som The Commitments, The van og Blanke messingen.

Visst kan Little Voice plasserast i den lange rekkja av Korleis-laga-ei-stjerne-filmar, men han kan på ingen måte avfeiast med det. Til det er det for mykje boblande energi og fantasi i han.

Regissøren av Little Voice, Mark Herman, har prøvd seg med hell i den engelske sjangeren tidlegare. I Brassed off var eit brassband det store lys- og midtpunktet i ein elles dyster og thathcerisert industriby.

Little Voice er basert på Jim Cartwrights populære teaterstykke The Rise And Fall of Little Voice, som vart sett opp med hell på London's National Theatre i 1992. Cartwright skreiv teaterstykket med tanke på Jane Harrocks og hennar sjeldne evne til å tolka artistar som Judy Garland, Shirley Bassey og Marilyn Monroe. Også i filmen har Jane Harrocks ei hovudrolle, og den vokale innsatsen er storslegen.

Little Voice
handlar om ei mor og dottera hennar, to vidt ulike skapnader som er busette nedst i ei trist gate i ein by i Nord-England. (Filmen er innspelt i Scarborough). Mora har eit kjeftament som arbeider både på inn- og utpust, og eit puppe- og rumpe-stell på kontinuerleg utstilling. Er ho ikkje ute etter ein mann, er ho ute etter andre menn. Brenda Blethyn (i heilt anna rolle denne gongen enn i Hemmeligheter og løgner ) overspelar så det er ein fryd. Her er det ingen vits i spørja etter realisme; her er replikkane så råe og uhøvla at det dryp lattertårer på kinogovlet.

Dottera er den rake motsetnaden. Little Voice eller LV, som ho vert kalla, har trekt seg heilt inn seg sjølv og i huset der ho bur. Ho kommuniserer ikkje lenger, men lever vidare med eit sterkt minne om den døde faren, om platene og musikken hans.

Men litt etter kvart snublar underhaldningsindustrien inn også i denne avkroken. Veteranen i britisk film, Michael Caine, er strålande både som menneskekjennar og som kynisk profittmakar. Ewan McGregor frå Trainspotting er stillsleg til stades både som dott og duepassar, og då kan ein tenkja seg resten.

Little Voice er som eventyret. Ein fattar fort korleis filmen skal enda, men det gjer ingenting. Vegen fram er særs underhaldande, spesielt den første halvdelen. Little Voice rommar komikk, musikk og romantikk nok til at me skal greia oss gjennom resten av snjoslapset denne våren.

For den som er drit lei ski, påske, krim og vitamin frå sol og appelsinar: Det finst vitamininnsprøyting i kinomørkret denne påskehelga.
Ottar Fyllingsnes

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |