Nr. 12-13, 25. mars 1999

Bøker:

Med kvinnebrystet som utsiktspunkt

Marilyn Yalom har med boka "Kvinnebryst. En kulturhistorie" funne eit gjødningsmiddel som faglitteratur treng for å blomstre: Det gode og pirrande caset, meiner Bjarne Øvrelid.

Marilyn Yalom:

Kvinnebryst. En kulturhistorie
Pax

Kvinnebrystet er eit slikt case. Yalom les historia til heile vår sivilisasjon gjennom dette caset. Kvinnebrystet er eit symbol som vi kan bruke til å fortolke mange samfunnsfenomen. Frå sivilisasjonens vogge har brystet vore livsviktig næring for barn og erotisk næring for vaksne. Det går ein (eg hadde nær sagt) "mjølkeveg" frå gudinna Isis i oldtidas Egypt til Pamela Anderson som ein ikkje skal kimse av. Yaloms bok løftar fram eitt av vår sivilisasjons viktigaste ikon på ein så kompetent og skrivefør måte at ho fortener mange lesarar.

Yalom fører lesaren gjennom historia frå oldtida til våre dagar. Ho syner fram historiske bryst-typologiar i framstilling av den symbolske og konkrete meininga til desse kroppsdelane. Ho dreg historiske liner gjennom heilag melkesprut, verdsleg erotikk, nasjonalisme og kommersialisme. Eit førebels punktum vert sett då notidskvinnene erobra sine eigne bryst. Yalom sin innfallsport og empiriske materiale er ofte bilete og lyriske tekstar.

I oldtida og gjennom delar av middelalderen var brystet ei heilag mjølkemaskin. Brystet sin funksjon i kvardagen var å sørgje for næring til ungane. I biletkunsten vart jomfru Maria-figuren ein gjengangar som gjorde amming til eit opphøgd religiøst ritual. Yalom legg vekt på denne overlappinga mellom kvardagsleg ernæring og det heilage i oldtida og middelalderen. Mjølka til Maria var ei mirakelvæske og Maria kan tolkast både som mirakelmor og som eit morssubstitutt som biletkunstnarane og andre menn lengta mot.

Brysta på madonnabileta skulle ikkje tenne tilskodaren. Det var i renessansen kvinnebryst på målarstykke vart objekt for mannleg attrå. Renessansekunsten serverte svulmande bryst eller nakne henslengde damer framstilt for og av det mannlege auget. Også klesdraktene i kvardagslivet gav i denne perioden høve til generøse utringingar. Kyrkjelege autoritetar bar seg ille over dette.

Ei av dei mange oppsiktsvekkjande informasjonane i boka handlar om ein viss Ronsard, ein geistleg mann som i 1552 gir ut ei diktsamling, Les Amours, tileigna Cassandre, ei kvinne frå det verkelege liv, som eit slag lyrisk substitutt for ekteskap. Ho prydar omslaget på boka i eigen person, med nakne bryst. Vi har eit stykke att dit, vi som enno har Myklesaka som viktigaste referanse i den erotiske litteraturdebatten.

Når den heilage madonna bryt saman under tyngda av verdslege lyster, hevdar Yalom at det er fritt fram for mannen og at kvinna er vorte hans eigedom. (Hans hand på hennar bryst). Samstundes er Yalom klar over at erotisering g gir kvinnene makt som attraktive objekt for menn, noko dei kunne profittere på til dømes som deltakarar i hofflivet.

Amming og propaganda

Vi følgjer Yalom inn i 1700-talet og finn at brystet og morsmjølka er trekt inn som eit sentralt strids-tema i samfunnsdebatten. Mange autoritetar meiner no at mødrene må amme ungane sjølve. Ho syner til Rousseau som den store agitatoren for den ammande, omsorgsfulle og sjølvoppofrande mora. Ho likar han ikkje noko særleg fordi han er kjønnsdiskriminerande.

Men Rousseau kan like gjerne oppfattast som ei stemme frå eit samfunn som no tok til å dele kjønn etter samfunnssfærer, privat og offentleg, der brysta fekk plass i det private, i den borgarlege familien, der mor, far og barn samla seg rundt brysta som om det var ein peis.

Men brysta fekk samstundes plass i den politiske kampens første linje. Under den franske revolusjonen vart amming eit politisk og militært våpen i kampen mot det gamle regimet: Brystet vart eit nasjonalt ikon som symboliserte republikanske dygder og ideal.

Under 1. verdskrigen deltar både kvinnebryst og kjønnsorgan på propagandaplakatar. Ein potent gjennomgangsfigur på franske plakatar var den barbrysta Marianne som i tillegg til sine eigne attributtar lener seg mot ein lang, rykande kanon. Yalom les plakaten som eit fransk uttrykk for den symbolske styrken, heilag, erotisk og politisk som ligg nedfelt i kvinnebrysta, overlevert og akkumulert gjennom lange tradisjonar. Yalom presenterer ein spennande skilnad mellom franske og amerikanske bryst. Amerikansk brystkultus slo ut i full blom under den andre verdskrigen som ikon i pinup-sjangeren, til glede for amerikanske soldatar som måtte ha kontrasterande verdiar til krigens gru. Marilyn Monroe og Jane Mansfield gav gutane syn for segn i den amerikanske etterkrigstida, samstundes som dei spikra fast det tradisjonelle kjønnsskiljet på 50-talet.

Korsett og frigjering

Bryst med den staffasjen som høyrer til er definitivt også kommers. I middelalderen var det amming og prostitusjon som gjorde kvinnebryst til handelsvare. Etter kvart vart det undertøy, i starten (frå tidleg på 1300-talet) ikkje minst korsett. Korsettet skulle forme kroppen og brysta til den rådande kroppsmoten. Både England, Tyskland og Frankrike hadde ein svær korsett-industri. Kvinnene kunne nytte døgnet til å skifte mellom fritids-korsett, sovekorsett, omstendighetskorsett, ammekorsett, ridekorsett, bade- og sykkelkorsett.

Vitskapen dømde etterkvart heile korsettindustrien nord og ned på helsemessig grunnlag. Sosiologen Thorstein Veblen meinte korsetta gjorde kvinnene svake og ute av stand til å arbeide. Frå 1930-åra var det duka for BH og trusekombinasjonen. For Yalom vert denne industrien eit teikn på at kvinnekroppen først og fremst skulle tilfredsstille krava til mannen, som ei vidareføring av dei erotiserte kvinnebrysta i renessansen.

Frigjeringa frå dette åket kjem først på 1960-70-talet, da kvinner kastar og brenn BH-en og vil bestemme over kroppen sin sjølv. I fortolkinga av denne epoken vert Yalom litt for skjematisk. For statusen til kvinnebrysta gjennom historia er ikkje på noko tidspunkt eintydig. Det er typisk at kjønnsforskarar les stillinga til kvinna i 60 og 70 åra inn i eit rigid feministisk mønster. For det første syner Yalom sjølv at den langvarige og omfangsrike kor-settindustrien etterkvart vert styrt av kvinnene sjølve. Dei kan sjølvsagt ha overtatt mannlege ideal, men dei kan ˜g lesast som sjølvstendige produsentar av kvinneleg sjølvforståing for eiga rekning (les: kvinnene kan ta ansvaret for sine eigne korsett).

Dessutan: Den kvinnelege frigjeringa på 60-70 talet opnar ˜g for ei sterk erotisering av kjønnsrelasjonane der kjønnsstatusen til kvinner vert forsterka både som subjekt og objekt. Renessanse-poenget gjer seg atter gjeldande: Kvinnene får makt som kjønnsobjekt, men no er det ein ny objektstatus dei har produsert sjølve, til dømes gjennom å kaste BH-en og krevje retten til eit aktivt kjønnsliv på eigne premiss. Dei kan ta seg til rette gjennom nakenprovokasjonar slik Yalom syner til at dei tyske studinene gjorde i høve til ein tysk filosof Yalom ikkje veit namnet på. Eg gir til beste følgjande saksopplysning: Det var stakkars Theodor W. Adorno som vart offer for ein streakingaksjon i auditoriet der han sjølv mista både munn og mæle: Han som saman med Horkheimer skreiv klassikaren Opplysningens dialektikk.

Det kan jo vere at Adorno hadde noko å gi feministane. Kanskje Yalom òg: For frigjering kan slå over i si eiga motsetning: Erotiserande frigjering kan slå attende i form av nye former for kjønnsundertrykking (sexpress, valdtekt).

Når kvinnene mot slutten av boka får makt over eigne bryst skjer dette paradoksalt nok på eit trist tema: Brystkreft. Kampen mot brystkreft står for Yalom som ein viktig kjønnskamp. Igjen vert brysta symbol på dei store spørsmåla i samfunnet: miljø- og livsstilsproblematikk som Yalom framstiller som sjølve rota til ondet. Kampen for eigne bryst vert difor det same som kampen for eit betre samfunn. Eg er såpass fascinert av denne boka at eg kjøper resonnementet og er ikkje i tvil om at menn burde kunne mobiliserast til samfunnskritisk innsats på den heilage erotikkens grunn.
Bjarne Øvrelid


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |