Nr. 9, 4. mars 1999

Herbjørn Sørebø:

Oppgjeret med Hagen
Mange kommentatorar framstilte resultatet av nominasjonen i Framstegspartiet i Oslo som ein snyting til Carl I. Hagen. Han ville ha Svenn Kristiansen, men nominasjonsmøtet trassa seg til å setje Einar Lonstad først, ein mann Carl I. Hagen åtvara på det sterkaste mot. Einar Lonstad er mannen som har gjort framlegg om å byggje fengsel på fjerne øyar, sende straffedømde innvandrarar dit for å sone, og utvise heile familiar. Svenn Kristiansen nøyer seg med å krevje stopp for innvandring i hovudstaden  nok er nok, seier han. Nominasjonsmøtet ville ha sterkare språkbruk. Somme kommentatorar har streka under at det ikkje passar Carl I. Hagen. Han er teken inn i varmen av Bondevik-regjeringa. Der trivst han best, og årsaka til det sterke engasjementet hans i Oslo-nominasjonen skal vere redsle for å bli utstøytt att. Dette er eit logisk resonnement, men i politikk er det ikkje alltid logikk.

Det kan godt vere at Carl I. Hagen er vel nøgd med resultatet av nominasjonen i Oslo-partiet. Han fekk markert at han krev det han kallar “anstendighet” i innvandringspolitikken. Samstundes vart det nominert ein mann som sjølv seier at han kallar ein spade for ein spade, og vi skal ikkje sjå bort frå at her er eit stort veljar-potensial i hovudstaden for ein som ikkje legg vekt på å vere polert. Dei veljarane ekstremismen har appell til, let seg neppe skremme av at kandidaten over natta vrakar sine eigne framlegg og seier at nå står han på partiprogrammet. Dei røystar på mannen som har kalla ein spade for ein spade. Resultatet kan bli at Carl I. Hagen får både i pose og sekk. Han tek seg sjølv av dei veljarane som trass alt ønskjer litt “anstendighet”, og så får mannen med spaden  eller skal vi heller seie greipa  ta seg av det andre veljarpotensialet.

Etter eit illgjete møte på Godlia i Oslo fekk Øystein Hedstrøm sparken som talsmann i innvandringsspørsmål. Der skulle Carl I. Hagen føre ordet. Øystein Hedstrøm heldt seg lenge i bakgrunnen, men nå er det slutt med varsemda. Han tek på seg å vere rådgjevar for Oslo-partiet i denne kampsaka, og det er tydeleg at ikkje spør han om lov, og ikkje har han fått noko forbod heller, etter det vi kan sjå. Carl I. Hagen er kanskje godt nøgd med å ha det slik? Åtvaringane hans mot det “fremmedkulturelle” fører rett over i vulgær-agitasjonen. Det er ei plattform folk som Vidar Kleppe trivst godt på.

Etter nominasjonsmøtet i Oslo vende ikkje Carl I. Hagen ryggen til den kandidaten han ikkje ville ha. Han snakka berre om at det hadde vore ein kamp mellom to kandidatar, og vi kan vere trygge på at han kjem til å kjempe for den kandidaten som vart vald. Spørsmålet er nå kva dei andre partia på den borgarlege sida gjer. Vil dei samarbeide med Framstegspartiet etter dette? Høgreleiaren i Oslo, Anders C. Sjaastad, har kommentert dette på ein måte som det ikkje skal stor vondskap til å tolke slik at han ser posisjonane viktigare enn politikken  det viktigaste er å halde Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti borte frå byrådskontora. Kristeleg Folkeparti og Venstre har tala klart, men held dei seg oppreiste når det ber i røyninga? Eit spørsmål er det også kor klokt det var av Thorbjørn Jagland å peike ut Framstegspartiet til hovudmotstandar endå ein gong. Det gjekk godt i duellen før stortingsvalet, men Thorbjørn Jagland har ikkje evna til å skape stemning og tenne folk som ein Haakon Lie, og innfløkte reknestykke er det vanskeleg å nå fram til veljarane med.

Det blir ein hard og spennande valkamp i hovudstaden. Åse Kleveland har ein sterk appell til veljarar som tradisjonelt ikkje har sokna til Arbeidarpartiet. I innvandringsspørsmål er ho både uredd og klar, men det er ikkje lett å nå fram med rasjonelle argument og “anstendighet” i Hagenland. Ein burde kunne vente ein brei politisk front mot det menneskesynet Framstegspartiet står for, men det kan gjere Carl I. Hagen til martyr. Det er ei rolle vi har sett at han trivst svært godt i.


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |