Torsdag 25. februar 1999

Teater:

Tragisk Eyolf
- men berre for to?

“Lille Eyolf” på Rogaland Teater har noko dempande i seg, meiner Magne Drangeid.

Rogaland Teater:

Lille Eyolf
av Henrik Ibsen
Instruktør: Kai Johnsen
Scenograf : Olav Myrtvedt  

I Rogaland Teaters Lille Eyolf er scenen rydda, og tilbake står skodespelarane nakne og forsvarslause på ein valplass, innramma av trugande portalar. Stykket startar med eit urovekkjande misforhold mellom stilisert scenografi og lystig spel, men ettersom skjebnen får falda seg ut, blir personane langsamt ein del av rommet som omgjer dei. Eyolfs død blir likevel mest ein tragedie for to.
Lille Eyolf (1894) er eit lite, men temmeleg svart drama. Her er det vanskeleg å finna særleg mange andre lyspunkt enn at ekteparet Alfred og Rita Allmers trass alt rører ved kvarandre i det teppet går ned. Det er likevel helst ei berøring som berre må til for at dei skal halda ut på eit vis. Her blir det gitt få signal om at Eyolfs død verkeleg får foreldra til å ta ansvar for noko som helst utanfor seg sjølv. Ritas filantropiske idear berre liknar kjærleik, målet hennar er å mildna dei vonde augo som stirer på henne.

Eviggyldig

Om stykket har lysare trekk, så ligg vel desse ikkje i forholdet mellom Alfred og Rita, men i forholdet mellom Ingeniør Borgheim, sunt og nyansert spelt av Fridtjov Såheim, og Asta Allmers, skjørt og gripande framstilt av Kirsti Refseth. Kva Asta rømmer til saman med vegbyggjaren er uvisst, men iallfall vil ho fri seg frå det incestiøse bandet til Alfred.

Dette seine Ibsen-stykket har ein eviggyldig problematikk. Mange foreldre vil kjenna seg att i konflikten mellom eigne ambisjonar, ønskje om kjenslemessig sjølvrealisering, og omsynet til barna. Stykket peiker på konfliktar som er vanskelege å komma utanom. Kanskje står Alfred Allmers fram som ein tåpe med si bok om “det menneskelige ansvar”  men dei stridande kjenslene han har i seg, dei konkurrerande banda mellom “søster”, kone og den uføre Eyolf, er gripande og skremmande.

Djupe og ekte

Lille Eyolf på Rogaland Teater har likevel noko dempande i seg. Kanskje kan eg drista meg til å gi Ibsen noko av skulda på grunn av det vesle formatet. Alt går svært fort i Lille Eyolf, og det tragiske må som regel ha litt tid for å kunna ladast opp og ladast ut. Stykket er sjølvsagt svært velstrukturert, og stiliseringa forsterkar det stive hos Ibsen. Til gjengjeld gjer den reine forma det lettare å akseptera det allegoriske, særleg Rottejomfruen, spelt av Ilse Kramm. Torfinn Nag (Alfred) og Marika Enstad (Rita) treng ei stund før dei klarer å fylla (tom)rommet kring seg, men tolkingane deira verkar etterkvart djupe og ekte. Begge speler også ein god del på dei komiske talenta sine. Dette er frigjerande midt oppe i alt det svarte, men samtidig står denne komikken i fare for å undergrava tragedien. Eg har ikkje sett andre oppsetjingar av Lille Eyolf og er usikker på om problemet ligg i teksten eller i tolkinga, men eg oppfattar iallfall denne versjonen som ambivalent, slik også denne meldinga blir. Lille Eyolf står fram som ein djup tragedie, men også, som Rita sjølv seier, som noko som ingen andre enn Rita og Alfred har særlege grunnar til å bry seg med. Eg er i tvil om dette gjer tragedien større eller mindre.

Det er grunn til ein klapp for 10 år gamle Odin Hørthe Omdal som både speler bra og har godt grep om krykkja. Han vekslar med Anders Selvåg i rolla som Eyolf.
Magne Drangeid

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |