Torsdag 25. februar 1999

Debatten går vidare:

Ideologisk avsl¯ring som demografisk tilsl¯ring
(Sigurd Skibekk)
Reint og ureint om ideologi (Roald Helgheim)
Forteiing som probleml¯ysing? (Sigurd Skirbekk)


Sosiologi:

Den fleirkulturelle skrekkvisjonen
I boka med den tilforlatelege tittelen “Ideologi, myte og tro ved slutten av et århundre” spår professor i sosiologi, Sigurd Skirbekk, den vestlege sivilisasjonens undergang som resultat av eit knefall for det fleirkulturelle samfunnet.

Sigurd Skirbekk:

Ideologi, myte og tro ved slutten av et århundre
Tano-Aschehoug

Nokon annan konklusjon er det umogleg å dra av eit verk utgitt på fagbokforlaget Tano/Aschehoug, med økonomisk støtte frå Norsk Faglitterær Forfatterforening, berekna på studentar i samfunnsfag.

Ein innleiande påstand frå denne meldaren er at boka heller enn å vere ei fagbok er ein tjukk politisk pamflett forkledd som vitskap, med Skirbekks eiga meningsramme  for å bruke eit av forfattarens yndlingsuttrykk  som ideologisk lim. Slik blir ho også ram-ma av forfattarens eigen måte å diskreditere meiningsmotstand på, ved å stemple det som ideologi, religion, myte eller tru.

Av medieomtalen så langt har ålmenta fått vite at boka er eit åtak på fråsegna om menneskerettar, at ho kan vere det intellektuelle alibiet for rasismen, mens forfattaren i Morgenbladet seier han vil avsløre “de moderne ideologiene fordi de ikke makter å korrigere seg selv”.

Den nye liberalismen

For å komme vidare må vi presisere at Skirbekk med den nye liberalismen ikkje meiner ei moderne forlenging av gamalliberalismen, men ein type vestleg politisk moral som set individet i sentrum utan at det står i motstrid til ei sentral statsmakt, der staten er til for individet, og ikkje omvendt. Både sosialdemokratar og andre demokratar får plass i den store nyliberalistiske flokken, og etter murens fall og alle dei gamle ideologiars endelege død er det denne vaklevorne ideologien som sit ved roret, og som Skirbekk ikkje trur er i stand til å demme opp for sivilisasjonens undergang. “Individsentrerte ideologier” er eit av yndlingsuttrykka hans når han skal karakterisere alle utvekstar som fremjar eit samfunns dysfunksjonalitet i staden for funksjonalitet. Eit eige kapittel om “Funksjonalitet som målestokk” er ein nøkkel til å forstå Skirbekks prosjekt. Sosiologisk kulturteori og funksjonsanalyse er undertittelen på boka.

Den sosial-antropologiske idyll

Alt på side 21 slår Skirbekk an grunntonen, når han skriv at “mange sosialantropologiske tolkninger har etterlatt seg idylliserte og fredfylte bilder av fremmedartede mennesker som lever i pakt med naturen”. Margaret Mead og andre klassikarar blir lista opp i fotnoten, og Skirbekks enorme bruk av referansar og faglitterære tilvisingar kan ta pusten frå den som ikkje også her augnar eit mønster. Men Skirbekks prosjekt er i første omgang å stille ein sosiologisk kulturanalyse opp mot den antropologiske romantikken, med Samuel Huntingtons herostratiske The Clash Of Sivilizations mot bøker som Thomas Hylland Eriksens Veien til et mer eksotisk Norge. Med eit lands kultur eller sivilisasjon forstår forfattaren “sosiale normer, verdier og symbolsystemer som virker regulerende på de kollektive liv”, og han slår tidleg fast det som tykkjest opplagt, at det er “rimelig å forvente at levedyktige samfunn utvikler institusjonelle forsvar om de meningsbærende mønstre i sin kultur”. Han går vidare i byggverket med å stille opp eit rad analytiske kjenneteikn på ideologiar, “systemsammenheng, interessesammenheng, realitetsfordreining (ofte kalla 'falsk bevissthet,' min merknad), en skadelidende part og selvimmunisering”. Desse kjenneteikna brukar han seinare ikkje berre til å analysere dei ideologiar som har gått i grava, men også til å konstituere “nyliberalismen” som ein ideologi han kan gå til “vitskapleg” åtak på.

Meiningsrammer og funksjonalitet

Sentralt i byggverket står omgrepet “meningsrammer”: “Uten felles meningsrammer i et samfunn vil det sosiale fellesskap forvitre. Slik sett er utvikling og opprettholdelse av adekvate meningsrammer et imperativ for overlevingsdyktige samfunn”. I tillegg til ideologiane kjem mytar og tru, og “kulten om menneskerettighetene” får tidleg status som religion. Men heller ikkje vitskap, rasjonalitet eller demokratisk debatt er nok til å demme opp for det (fleir)kulturelle forfallet. “De som oppfatter frigjøring som en rett til å ignorere kulturelle føringer, har neppe noe godt utgangspunkt til å forholde seg kritisk til det de påvirkes av”, og med Jürgen Habermas konstaterer forfattaren at også vitskap blir brukt som ein generell autoritet på mange slags område. “Ikke rent sjelden brukes denne autoriteten som et grunnlag for å legitimere ideologier”. Heller ikkje demokrati bør sjåast på som eit mål i seg sjølv, men “en samfunnsordning som skal optimalisere folks mulighet til å komme til orde med sine erfaringer”. Innanfor ein modernitet svevande mellom det totalitære og det anarkistiske må vi rigge opp eit analyseapparat som brukar funksjonalitet som målestokk. “En funksjon er et bidrag av et element til opprettholdelse eller overlevelse av den helhet som dette elementet er en del av”, lyder definisjonen, og i Skirbekks verd vil det seie at det som var bra for den rådande kulturen er det som byggjer endå meir opp om han, som er funksjonelt, mens det som er ein trussel, er dysfunksjonelt. “På samme måte som de fleste mutasjoner er skadelige, må vi også forutsette at de fleste former for kulturell fornyelse vil være det. Et sunt samfunn kan derfor forventes å ha ordninger for streng sortering av nye kulturformer og for utstøtelse av det som virker dysfunksjonelt”, skriv Skirbekk, og følgjer opp med det eg vil kalle ein kulturpolitisk höjdare:

“Mange talsmenn for kulturlivet, som gjerne taler varmt for ikke-diskriminerende kulturstøtte og mot offentlig sensur, vil ha vansker med å ta inn over seg slike tanker; selv om kultur opprinnelig betyr dyrking, og all dyrking innebærer luking.”

Kultur og pop

Dette er ikkje tendensiøs sitatbruk for å score billege poeng. Når det gjeld kulturpolitikken, skriv Skirbekk i eit seinare kapittel at “den offisielle kulturpolitikk har i senere år fungert (...) mer som en formidling av stimuli for opplevelser enn som en formidling av en bestemt nedarvet meningsramme” (uth. her). Han observerer “påfallende mange kunst-ytringer som gir seg ut for ikke å ha noen mening”, og om moderne popmusikk skriv han: “Det er ikke uten videre lett å forklare hvorfor moderne kulturmennesker søker selvbekreftelse ved å tilstrebe en indre naturtilstand gjennom et bombardement av utstuderte lydstimuli. De lydkomposisjoner som vi her står overfor, har like lite med klassisk europeisk musikktradisjon å gjøre som kolasjevirksomhet kan forstås som en videreutvikling av tidligere tiders bildende kunstneridealer”.

Slike karakteristikkar av kulturell utarting er historia som kjent ikkje framand for, men for ikkje å forsøple debatten vil eg nøye meg med at dei her framstår både i eit lett komisk skjær og som tankevekkjande smakebitar på kva vi får servert som presumptivt vitskapsfundert analyse i ei komande lærebok for studentar i samfunnsfag. Alvor er det saktens nok av når vi tar opp att tråden i forfattarens prosjekt, som er å vise at sjølv om funksjonaliteten ikkje kan nyttast som forklaring på ei handling, er han uunnverleg som målestokk på resultatet av handlingane. “Slik sett blir den funksjonalistiske målestokken overordnet andre målestokker av politisk, etisk eller estetisk art.”

Murens fall

Med dette som rettesnor søkjer Skirbekk mellom anna ei forklåring på Murens fall som er interessant. Som andre har peika på før, kom murens fall og oppløysinga av Sovjet som julekvelden på kjerringa for det meste av den internasjonale politiske ekspertisen. Unntaket er etter Skirbekk sosiologen Randall Collins som i 1986 analyserte Sovjet som eit sosialt system med ubalanse mellom “integrerende og desintegrerende krefter”, mens dei som analyserte utviklinga etter vanlege politiske kategoriar, kom til kort. Skirbekk er difor skeptisk til Francis Fukuyama som kalla murens fall ikkje berre slutten på den kalde krigen, men slutten på historia, “det vil si endepunktet for menneskehetens ideologiske utvikling og universaliseringen av vestens liberale demokrati som den endelige form for samfunnstyring” (Fukuyama). Slik gjekk det ikkje, og etter bakrusen er det difor grunn til å gjere opp ny status.

I analysen av kvifor dei gamle ideologiane tapte, overraskar det ikkje at Skirbekk sidestiller nazismen og kommunismen, ut frå den no velbrukte reknemåten i Rudolph Rommels bok Death By Government, som ut frå ein mekanisk reknemåte av talet på dødsfall på grunn av systemet viser at kommunismen er verre enn nazismen. Det er meir interessant at Skirbekk spør: “Hvorfor ble ikke potensialet i de tapende ideologitradisjoner utnyttet bedre da utviklingen pekte mot krise?” Eit slikt potensial hadde også nasjonalsosialismen på trettitalet, meiner han, og gitt forfattarens funksjonsanalyse er ikkje det ei sjokkerande, men ei logisk problemstilling. Vi må berre sjå kva veg det ber når han ved å presse sitt eige ideologiomgrep konstituerer “nyliberalismen” som eit ideologisk byggverk så vaklevore at det med god hjelp av “de publikumsrettede medier” og den tonegjevande intelligentsia elles grev si eiga grav. Dette skjer i kapitlet “Meningsrammer tilpasset nyliberalismen”, der den multikulturelle trusselen for alvor stig fram.

Brorskap, ikkje toleranse

“Når unge menn har vært villige til å ofre sitt liv for sin nasjon, har det ikke vært for å forsvare et sammensurium av interesser og livsformer til et antall individer som tilfeldigvis har samme borgerskap”, skriv Skirbekk, som med utgangpunkt i det franske revolusjonsslagordet “frihet, likhet, brorskap” overgår seg sjølv. Ein ting er at fridom kan vere så mangt og likskap likså, men brorskap (av det franske fraternité), det har no blitt utvatna frå det Skirbekk i ramme alvor meiner var meint som eit familiært slektsband:

 “I dag tolkes dette dels som rettigheter for sosialpolitisk hjelp, på tvers av landegrensene, dels tolkes det som respekt og toleranse for det avvikende og fremmede. Også individer med en annen kultur har rett til menneskeverdig liv”. Dette er ikkje brorskap, men toleranse, meiner Skirbekk, og: “Det kan synes umulig å forene en vidtdreven toleranse med vilkårene for dypfølt brorskap”. Det er difor med ironi han konstaterer at revolusjonens gamle slagord har blitt forvandla til “frihet, likhet og toleranse”. Og det er dette som er oppkøyringa til kritikken av FNs menneskerettsfråsegn frå 1948.

Hovudankepunktet slik eg les det, er ikkje det som står om at alle er født frie og med same menneskeverd, men det punktet i fråsegna som slår fast at “enhver har rett til en levestandard som er tilstrekkelig for han og hans families helse og velvære”, noko som betyr fritt fram for dei kulturane som formeirer seg mest, og det er som kjent ikkje vår. Sett frå ein økologisk synsstad er perspektivet for menneskerettane saktens verdt ein debatt. Her høver det også for Skirbekk å vere politisk korrekt når han seier at menneskerettane er eit døme på korleis Vesten trer eit idealisert sjølvbilde ned over folk med heilt andre føresetnader. Men den funksjonalistiske konklusjonen til Skirbekk blir at dette vender seg til ein trussel mot Vestens kultur og sivilisasjon, noko han seinare kallar the survival of the unfittest. Dette er også ei motseiing, for etter forfattarens eigen funksjonsanalyse burde det vel vere dei sivilisasjonane som i alle fall sikrar sin eigen reproduksjon som har livets rett, som er “the fittest”?

Vi har brukt så mykje plass på Skirbekks ideologiske byggverk, for resten av kapitla gir seg dermed sjølv. Ikkje minst kapittel 11 der forfattaren går til det mest frenetiske åtak på innvandringspolitikken og antirasismen som Akademia har prestert så langt. Det er også her han i mine auge står fram som rein ideolog.

Lønnings kanonisering

Men før det har han eit kapittel om “moralutvikling og kjønnspolitikk” og eit om “familieform og funksjonalitet”, som på omslaget blir kanonisert av biskop Per Lønning som “den mest vesentlige samtidsanalyse som har sett dagens lys her i landet på jeg vet ikke hvor mange år”. Plassen tillet ikkje stort meir enn å slå fast at Skirbekk her står fram som ein sosiologiens svar på Ole Hallesby, der grunntonen er gitt: “Isteden for å sette seksualitet inn i en funksjonell sammenheng, som belønning for opprettholdelse og samfunnets fortsettelse, er sex blitt definert som en individuell rettighet: Alle har rett til sex!” Ein annan godbit er denne: “Når mange menn i ledende stillinger i vår tid viser en viss tilbøyelighet til å ville bytte kone etter en tid, er dette dysfunksjonelt for samfunnets ekteskapsmoral. Men, i den grad det resulterte i flere evnerike barn, kunne det være funksjonelt for populasjonens arvemessige ressurser for langsiktig tilpasning.”

Norge som Pakistan

Her kan bokmeldaren berre strekkje våpen og tilrå dei to kapitla overfor dei sakkunnige profesjonane, før eg går inn for sivilisatorisk landing i det sluttkapitlet forfattaren kallar “En selvdestruktiv ideologi”. Denne ideologien har fått sitt uttrykk i ein innvandringspolitikk som under den rådande utviklinga vil gjere Norge til ein del av Pakistan om hundre år eller så.

Livet er for kort til å gå i nærkamp med forfattarens demografiske kalkylar, men det er på sin plass med nokre ord om forfattarens metode. Den viktigaste skyteskiva hans er ikkje innvandringspolitikken, men antirasismen, både som rasismens motsetning og som tidas undergravande ideologi. Med sitt spesielle anti-ideologiske luftvernskyts gjer Skirbekk det nemleg svært lett for seg med å framstille antirasismens plattform berre som avlat for gamle arvesynder, enten det er slavehandelen eller “den store fortellingen” om Holocaust. Like mange afrikanarar som vart eksporterte som slavar til Amerika vart eksporterte som slavar til den muslimske verda. “Det er vanskelig å se at dette skulle gi muslimer fra Orienten en spesiell moralsk rett til å bosette seg i Europa i våre dager”, konkluderer sosiologiprofessoren i det eg vil kalle barnsleg triumf. “Ettersom rasismen er grumsete blir antirasismen og det fargerike fellesskap som den antas å skape, et uttrykk for det rene”, er ein annan höjdare der Skirbekk er frekk nok til å legge Mary Douglas' sosialantropologiske klassikar Rent og urent inn i sitt politiske kram. Slik går det unna i billeg poengscoring mot ein antirasistisk parodi som får sjølv rasismen til å framstå som vitskap i samanlikning. Rasismen var elles inga tysk oppfinning, skriv Skirbekk, sant nok. “Heller ikke i Tyskland fikk utryddelsene (av jødane, min merknad) en omfattende form før et par år etter krigsutbruddet, og etter at var klart at landsforvisning var umulig” (utheva av meg). Lesen i lys av det eg vil kalle Skirbekks eiga meiningsramme så langt, er det ei fråsegn med ganske spesielle overtonar, der den umoglege landsforvisinga lyder som eit formildande omstende for det vi kjenner som Wannsee-konferansens konfirmasjon i 1942 av den “endelege løysinga”, ei løysing som både ideologisk og praktisk var godt førebudd i lang tid.

The Bell Curve

I dette lyset  og ettersom forfattaren stadig poengterer sitt vitskapleg bolverk mot ideologar og andre mytebyggjarar  er neste utfordring å gå forfattarens omfattande kjeldebruk nærare etter i saumane. Som apetittvekkjar kan eg berre vise til bruken av Richard J. Herrnstein og Charles Murrays bok The Bell Curve frå 1994. Grovt sagt var det eit verk om samanhengen mellom rasar og IQ som det vart mykje oppstyr om, særleg etter at ein større artikkel i The New York Review Of Books same år påviste at boka bygde mykje av argumentasjonen på det rasehygieniske tidsskriftet Mankind Quarterly, som mellom anna forsvara apartheid i Sør-Afrika, og som var finansiert av The Pioneer Fund, eit fond for “raseforbetring”, særleg i USA.

Det heite ordskiftet etterpå kan alle internett-søkjarar klikke seg inn på, men det interessante for oss er at Skirbekk innlemmar The Bell Curve i kjeldematerialet sitt utan å opplyse om kva den mest avgjerande kritikken gjekk ut på. Dess meir interessant blir det når han i avslutningskapitlet om vår tids sjølvdestruktive ideologi siterer denne godbiten frå The Bell Curve: “Av alle ubehagelige temaer vi har studert, er et par av de mest ubehagelige at samfunn med en høyere gjennomsnittlig IQ også synes å bli et samfunn med færre sosiale sykdommer og med lysere økonomiske utsikter, og at den mest effektive måten å heve IQ-nivået i samfunnet på vil være at gløgge kvinner står for et høyere fødselsnivå enn sløve kvinner.”

Etter dette er det berre å la Skirbekk sjølv avslutte med den siste setninga i boka: “Historiens dom vil bli skrevet av de som overlever.”
Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |