Torsdag 25. februar 1999

Roald Helgheim:

Ytring, næring og fridom
Ei av gladmeldingane frå førre veke er at Canal M blir lagd ned. Canal M er shopping-kanalen som tilbyr deg treningsapparat, knivsett og Mr. Bean-videoar når NRK2 på same frekvens ikkje sender, og M-kanalen blir eigd av TV2 og Telenor. Kjøpeprogramma har vore sende via satellitt frå London for å omgå norsk kringkastingslov. Men det du kanskje har gløymt, er oppstyret før kanalstart, då NRK Aktivum i planleggingsfasen ville vere med på den kommersielle pengegalloppen, før kulturminister Anne Enger Lahnstein sette foten ned for Einar Førde og dåverande Aktivum-sjef Arne Wam. Men M-folket var ved godt mot, og eigarselskapet Nordic Shopping Channel spådde at kjøpekanalen ville omsetje for 75 millionar kroner det første driftsåret. I staden må selskapet leggje ned på grunn av manglande inntening, og TV2 gir sjølvsagt styresmaktene skulda. Mens EUs fjernsynsdirektiv seier at homeshopping på fjernsyn ikkje skal reknast med i den ordinære reklamekvoten til ein TV-kanal, vedtok Kulturdepartementet at slike sendingar nettopp er å rekne som vanleg reklame.

For ein amatør i faget verkar det som eitt feitt kva som går inn i kvoten, ettersom det er snakk om butikk uansett. At det i dette tilfellet var dårleg butikk, er vel ikkje styres-maktene sin feil? Innanfor den kvoten som er gitt, står det dei kommersielle selskapa fritt å satse på dei hestane dei vil, men då kan dei ikkje etterpå gje kvoteutdelaren skulda for eigen fiasko når det gjeld å forvalte sitt pund.

Det handlar om rein kommers i dette tilfellet, men dømet har likevel ein samanheng med ordskiftet om politisk reklame i eteren, der næringsfridom på den mest skamlause måten blir køyrd fram som eit spørsmål om ytringsfridom. Denne limpinnen går også presseorganisasjonane sine talsmenn på. TV2-sjef Arne Jensen lar ikkje noko høve gå frå seg til å seie at for han er saka først og sist eit spørsmål om ytringsfridom. Her i avisa sa han i september 1997 at dei politiske reklamepengane var peanuts i den store TV2-bingen, men vedgjekk at dersom det vart frislepp for politisk reklame, ville det sjølvsagt verte meir pengar å hente i framtida, “men det er ikkje det viktigaste”. Kva då med å tilby gratis reklame for parti og organisasjonar som ikkje har råd til å betale, dersom ytringsfridomen var så overlag viktig?  Det har vi ikkje vurdert, sa fjernsynssjefen.

I dette spørsmålet kan vi trygt leggje til side alle våre personlege oppheng når det gjeld synet på kommersielt fjernsyn. For dette mediet er inntening gjennom reklame heile vitsen, og det er greitt nok. Men då må ikkje næringa prøve å fornærme den offentlege intelligensen med den gjennomsiktige idealismen sin i denne saka. Nasjonen har levd godt utan politisk eterreklame så langt, og då er det ikkje noko argument at ein kan kjøpe seg politisk reklameplass i trykte media. Er fråværet av politisk reklame i eteren eit djupt sakn ute i folket? Kjenner dei diktaturets åk knuge når dei ikkje får små snuttar om X-partiet og Y-organisasjonen inn i stova? Vil politisk reklame gjere dei klokare og auke innsikta i samfunnsspørsmål? Svaret gir seg sjølv, og som lakmustest på om dette i det heile tatt har noko med folkets rett til ytring eller informasjon å gjere, er han knusande. Legg så til at det sjølvsagt er dei med mest pengar som også kan kjøpe seg mest “ytringsfridom”. Dette argumentet får ein reklamedirektør til å stille problemet slik i Dagens Næringsliv tysdag: “Men skal partienes eller organisasjonenes økonomi være avgjørende for hvilke medier som skal tillate reklame for livssyn eller politiske budskap?” I prinsippet ikkje, men når det er snakk om å utvide det offentlege rommet for betalt bodskap til dei sterkaste media vi har, vil ikkje minst ein bransjens mann sikkert forstå at det er ein faktor som veg tungt, sjølv om også han prøver seg med at reklameforbodet “kan vanskelig forsvares så lenge vi har ytringsfrihet i Norge”.

Den demagogiske marknadsføringa av næringsfridom kamuflert som ytringsfridom har lenge gripe om seg i mange slags media, i fleire samanhengar. Journalistlærar Odd Raaum har difor Ytring i næring som åtvarande sluttkapittel i boka Pressen er løs!, der han skriv at “forsvaret for ytringsfrihetens forkjørsrett kan iblant bli så nyanseløst og påståelig at det får anstrøk av fundamentalisme”. “En mindre heorisk, men like nærliggende, forklaring på prinsippfastheten kan være at den er et kamuflert utslag av medienes næringsinteresser”, skriv amanuensis Raaum. Og når det gjeld den heilage profesjonen journalistikk, minner han oss elles om at “rettslig sett står journalistene friere enn markedsførerne til å fremme uholdbare påstander om produkter, fordi redaksjonelt stoff av hensyn til pressefriheten er unntatt fra markedsføringsloven”.

Men i dette tilfellet handlar det altså om rein kommers, kjøp og sal av eter-tid. Di lettare skulle det vere for både yrket og talsmennene for næringa å halde tunga rett i munnen, i staden for å tale med henne kløyvd.
Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |