Torsdag 25. februar 1999

Leiar:

Den dumme kunnskapen
Refleksjonsnivået er ikkjealltid like høgt på leiarplass i Aftenposten, men sjeldan går det så gale som da avisa for ei veke sia gjekk til åtak på sidemålsstilen. Bakgrunnen for Aftenposten-leiaren var ei undersøking gjennomført av forskarar ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim (NTNU). Eitt av resultata av undersøkinga kunne kven som helst som har følgt sånn måteleg med i norsk språkdebatt, ha spådd på førehand: Fleirtalet av elevane i den vidaregåande skolen (det vil sjølvsagt seia dei med bokmål som hovudmål) kan ikkje fordra nynorsk, og vil helst sleppe at faget skal vera obligatorisk.

Det er ikkje overraskande at Aftenposten grip fatt i ei slik undersøking med stor attrå. Det er diverre ikkje så overraskande at avisa snublar i sine eigne bokmålsord i forsøket på å komma med eit “velfundert” åtak på sidemålsstilen, heller. Og åtaket er naturlegvis ikkje retta mot sidemålsstilen, men mot nynorsk. Kva elles?

Den som verkeleg vil leite etter årsaker til haldningane blant elevane, treng ikkje å ta omvegen om sjølve nynorsken. Dei skal heller leite på lærarromma rundt om på norske skolar  og særleg i Akersgata.

Den språklege makta som er samla i Akersgata, står både for kulturelt og språkleg sneversyn. Skribentar og meiningsberarar som elles er i stand til å formulere seg vettug om ytringsfridom og redaksjonell fridom, set seg lydig ned føre føtene på eigarane når eit så prinsipielt viktig spørsmål som språkleg fridom kjem opp. Da er ikkje ytringsfridommen lenger verdt meir enn at han kan stuast vekk til fordel for vona om ekstra avkastning på avisaksjane.
Desse akersgatehaldningane er ynkelege, dei er feige, og dei står for eit kulturelt lågmål som er skammeleg i aviser som elles yndar å setja seg sjølve i eit kulturelt sentrum.

Kor alvorleg skal vi så ta meiningane Aftenposten smør ut på leiarplass? Er det nokon grunn til å høyre på ei avis som saman med kollegaene i Akersgata sit og saumar vidare på ei språkleg tvangstrøye som dagleg blir sveipt rundt hundretusenvis av avislesarar?

Og kor alvorleg skal vi ta avisa når ho presterer dette praktstykket av eit resonnement: “Han [professor Jan Terje Faarlund] fremhever nynorskens manglende status som 'det viktigste problemet'  og mener at dette bl.a. viser seg ved at 'språket så å si er usynlig' eksempelvis i Aftenposten. Den hansken skal vi ikke ta opp her. Vi vil heller slutte oss til professorens klare uttalelse om at man 'lærer å skrive først og fremst ved å lese'. Da blir det selvsagt mest bokmål for de aller, aller fleste.”

Aftenposten har ikkje i noka anna sak som gjeld det norske skoleverket, teke til orde for at skolen blir betre ved å gjera elevane meir kunnskapslause. Tvert i mot vil den som argumenterer for eit slikt syn, nærast bli stempla som dum. Følgjeleg blir Aftenpostens standpunkt lite truverdig, heller kunnskapslaust og ikkje så lite dumt.

Ingen bør ta dei alvorleg, dei som forfektar eit skolesyn der kunnskap blir framstilt som eit problem; særleg når dei ikkje ein gong på bokmål er i stand til å gjennomføre eit resonnement som har lengd av eit lite avsnitt.
Audun Skjervøy

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |