Torsdag 25. februar 1999

Klok på bok 405:

Klok på rykte
Det var ein amerikanar de skulle vera kloke på denne veka, og ei bok som er sjølvbiografisk, men det er omstridd kor mykje som er sjølvbiografi og kor mykje som er oppdikta. Boka inneheld vinterkulde, klapperslangar, whisky-politi og sleiske handelsfolk, og er ei forteljing om ein foreldrelaus indianargut sin oppvekst hjå besteforeldra i 1930-åra.

“Den som har lese denne boka, gløymer ho ikkje, og da var jo oppgåva lett. Dette er dei første linene i Forrest Carters 'The Education of Little Tree' som kom ut i 1976. Hovudpersonen fortel om oppveksten sin hos besteforeldra i eit Cherokee-samfunn i 30-åra. Boka gir eit svært vakkert bilete av desse menneska, av kjærleiken og omsuten og klokskapen deira, og korleis dei evnar å tilpasse seg verda utanfor indianarsamfunnet så langt råd er. Boka blei svært godt motteken i USA og fekk mellom anna Abby Award-prisen Book of the Year. Den norske omsetjinga kom i 1992 og heiter 'Lille Tre'. Elles er eg forundra over at forfattaren ikkje er å finne i Store norske leksikon”, skriv Kari Nord i Stavanger.

Helge Torvund visste òg at dette var Lille Tre. Han karakteriserer boka slik: ”Ei fin skildring av forholdet mellom ein liten gut og to forstandige gamle, deira innsikt og fordommar, myter og forståing... om brenning av whisky og kjøp av sjuke kalvar... Les ho for barna dine og kos deg saman med dei”, skriv Helge Torvund.

Frå “søring” Bjørn-Petter Finstad i Tromsø kjem det korrekt svar. Brita Lundeland i Aurland kjende med det same att sitatet. “Denne forfatteren er også kjend for romanen 'Du finner meg i fjellene'. Carter døydde i 1979”, skriv Lundeland i Aurland. Olaug Hokstad i Trondheim kjem med eit kontant og korrekt svar, og har denne veka gått av med sigeren. Hurra for Hokstad! Merete Hoel i Loddefjord visste òg at dette var Forrest Carter. Elen Maria Todal, ur-klok på bokar, skriv slik: “Ei søt  om det går an å seie at ei bok er søt da  rørande og gripande skildring av ein liten gut og oppveksten hans hos cherokee-indianarbesteforeldra. Det får berre våge seg om forfattaren dikta som berre det om barndommen sin, boka sjarmerte meg.”

Ane Hjort Guttu og Ragnhild Margretha Taranger sender riktig svar frå Berlin i snøstorm. Me tykkjer vel om at det er nokon i Berlin som følgjer med i Klok på bok, seier Barabass.

Klok 405
Eg skulle ønskje eg ikkje hadde sett meir av mannen den første gongen han kom inn i kaféen som også var krambu  ikkje noko anna enn hendene som flakka tregt og klønete omkring, redde, lange og uvisse, enno utan farge av sola syntest dei be om orsaking for at dei var der utan å ta seg til noko. Han kom med eit par spørsmål og drakk eit glas øl ståande i den mørkaste enden av disken mot ein bakgrunn av tøysko, kalenderen, falma fargebilete og vende andletet ut mot kveldssola og dei fiolette fjelltoppane medan han venta på bussen som skulle ta han med til inngangen på det gamle hotellet.

Dette er skrive av ein latin-amerikansk forfattar med irsk familiebakgrunn. Forfattaren vart fødd ikkje lenge etter århundreskiftet og vart kjend på 60-talet. Sitatet er byrjinga på den fyrste romanen forfattaren fekk gjeve ut på norsk. Det skjedde på slutten av 70-talet.

Veit du kven forfattaren er, kva romanen heiter og kva tid boka kom ut, sender du svaret til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, faksar til 22 41 42 10 eller sender e-post til bladstova@dagogtid.no. Svar innan 3. mars. Lukke til!
Dale-Oskar

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |