Torsdag 25. februar 1999

Herbjørn Sørebø:

Nattsvart bibelsyn
Det er så lenge sidan at å minne om det er som å stige ned i den svartaste mellomalderen, men det var noko nærare vår tid, for radioen var oppfunnen: Professor Ole Hallesby fortalde folk at dei kunne vakne i helvete dersom dei ikkje omvende seg før dei la seg til å sove. Professoren fekk sjølv eit helvete av einfolkestorm etter den talen, og svovelpreikarane fekk det vel litt vanskelegare etter den tid, men framleis har dei sine mørkerom. I eitt av desse mørkeromma held det jamvel til eit politisk parti, Kristelig Samlingsparti. Formannen heiter Ivar Kristianslund, og i ein artikkel i BA (som tidlegare heitte Bergens Arbeiderblad) fortel han at “Djevelen vant en foreløpig seier da han fikk “biskop” Rosemarie Køhn til å gjeninnsette den lesbiske samboende “presten” Siri Sunde i prestestilling igjen. De to kvinnene lever i minst fire synder som de forsvarer stikk i strid med Bibelen”.

Det er kanskje best å rekne opp desse fire syndene så det er klart for alle kva Djevelen har fått i stand, for  som vi skal komme tilbake til  konsekvensane kan etter det parti-formann Ivar Kristianslund fortel bli forferdelege for fleire enn dei to, truleg mesteparten av folket. Rosemarie Køhn og Siri Sunde har “tiltatt seg ein stilling i kirken som ifølge Bibelen er forbeholdt menn”. Det heiter vidare at dei to “forkynner et annet evangelium enn Jesu sanne evangelium. De sier nemlig at Gud godtar homofilt samliv, mens Bibelen sier med all mulig tydelighet at dette er en synd som leder til evig fortapelse”. Dei to andre syndene er at dei set seg opp mot ordningane i kyrkja “i den hensikt å ytterligere undergrave kirkens Gudgitte lære”, og dei forsvarar at dei har brote ein lovnad eller ein avtale. Partiformann Ivar Kristianslund kommenterer dette på ein måte som viser at han tek vare på arven etter professor Ole Hallesby, ja, han går den avlidne svovelpreikaren ein høg gang.

Etter det partiformann Ivar Kristianslund skriv, er det ikkje berre dei to kvinnene som har gjort seg skuld i fire synder det skal gå ille med. “Konsekvensen er at mange mennesker kan komme til å gå evig fortapt”, fordi dei to kvinnene “forsøker å narre folk til å tro at Gud mener det stikk motsatte av det han sier i sitt Ord! Dessuten har Den norske kirke beveget seg enda et skritt i retning av å bli helt ut en løgnkirke. Dette kan komme til å få enorme konsekvenser for hva det norske folk i fremtiden vil oppfatte som synd og ikke synd.” “Dette er katastrofalt, ikke bare for kirkemedlemmer, men for alle! Gud lar seg ikke spotte. Han kan komme til å straffe Norge som han straffet Sodoma og Gomorra!”

Statsminister Kjell Magne Bondevik og kyrkjeminister Jon Lilletun får hard medfart i artikkelen av Ivar Kristianslund. Det heiter at regjeringa har plikt til å avsetje dei to kvinnene som har gjort seg skuld i fire synder, og det har statsministeren og kyrkjeministeren makt til, men dei har tidlegare vist at “de er villige til å føre en helt ukristelig kirkepolitikk”. “Andre partier og KrF i regjeringsposisjon sørger for at vranglære blir innsatt i kirken og KrF freder dem slik at de fritt kan spre sin åndelige gift. Dette må jo automatisk gå den gale veien!” Kjell Magne Bondevik har gått så langt at han har sagt at “han kunne tenke seg å gå til en gudstjeneste hvor en kvinnelig lesbisk “prest” forrettet”. Korkje statsministeren eller kyrkjeministeren står heilhjarta for det bibelske synet på homofilt samliv, heiter det.

Føredømet for partiformann Ivar Kristianslund i Kristelig Samlingsparti er kyrkjeministeren i Mowinckels andre regjering i 1928 til 1931, Sigvald Mathias Hasund. Då den liberale teologen Kristian Schjelderup søkte embetet som sokneprest i Værøy og Røst, sende statsråden søknaden tilbake med den merknaden at han ikkje kunne utnemne ein teolog som offentleg hadde sagt at han stod for eit anna syn enn det som kom til uttrykk i paragraf 2 i Grunnlova. Spør nå nokon om det er grunn til å sitere så mykje av dette, med alle utropsteikn, så er det fordi dette gjev oss innsyn i baklandet til det største regjeringspartiet i det Herrens år 1999.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |