Torsdag 25. februar 1999

Bøker:

Mangfaldige barnebøker på nynorsk

“Kvalitetssikring” er blitt eit av dei nye moteorda. No skal vi sjå etter om kvaliteten på tre nynorske biletbøker held mål.

Ingunn Krokann:
Mia og Micro
Illustrasjonar av Bente Finserås
Det Norske Samlaget

Arne Horge:

Gråskuggen
Illustrasjonar av Dagfinn Instanes (og Maria og Margreta)
Norsk Bokreidingslag

Helga Gunerius Eriksen:
Vi kjem frå havet
Illustrasjonar av Svein Rønning
Det Norske Samlaget

Ingunn Krokanns Mia og Micro er ei varm, vàr og vakker historie om vesle Mia-pia som flytter til ein ny stad saman med faren sin. Micro er ikkje ein omn, men ein mørkhåra gut som bur i kyrkjeasyl like ved det nye huset til Mia. Desse to blir venner slik berre ungar klarar det. Og sjølv om Micro ikkje snakkar, så kan dei kommunisere med smil, i leiken treng dei ikkje ord.

Dagsaktuell

Dette er ei dagsaktuell bok om korleis kvardagen kan vere for barn i Noreg. Mange barn må flytte fordi foreldra skil seg, fleire og fleire opplever at foreldra vel karriere framfor å vere saman med ungane, og nokre må som Micro leve i kyrkjeasyl. Sjølvsagt er boka svært politisk korrekt (jfr Mia som bur hos faren, flyktningpolitikken er sett frå eit flyktningbarns side osv.), men dette treng ikkje alltid vere eit skjellsord. Krokann greier å balansere riktig, også språkleg. Kvar gong det held på å bli litt for vakkert, kjem Mia med ein morosam replikk. Det er eit fint, skjørt og truverdig portrett av ei lita personlegheit Krokann har teikna i den andre boka si om Mia-pia.

I teksten finn ein spor av mange små historier. M.a. historia til Marja Kilpi, som budde i huset før Mia og faren flytta dit. Marja er finsk og spela kantele. No bur ho på “asylet”, og Mia får lære at det finst fleire typar asyl. Til slutt flyttar Micro inn hos Mia og pappa. Om hausten er det to ungar som får seg ny sekk og som gleder seg til å byrje på skolen. Og no slepp Mia å vere så mykje åleine, og lure på om pappa og mamma er meir glad i pc-en enn i henne. Då eg las denne boka, sakna eg å ha ein seksåring på fanget å lese saman med.

Vakkert og sanseleg

“Vi kjem frå havet, seier jenta. Ho står på den lange stranda med bølgeskum om anklane. (...)
 Vi kjem frå stjernestøv og sand, seier guten. Han står i sanden med tærne nedgravne og sandkorn klistra oppetter dei våte leggene.” På denne flotte måten byrjar boka Vi kjem frå havet. Det vakre, sanselege og poetiske skin igjennom både i språket og i biletet.

Jenta vil teste seg sjølv og guten og sym langt, langt ut-over. Ho er ny her og veit ikkje om det farlege tidvatnet. Han er oppvaksen i strandkanten og kjenner farane, han roper ut til henne, men ho kan ikkje høyre det. Guten kastar seg ut i bølgjene, men jenta sym berre enda lenger. Til tidvatnet tek tak i henne, og ho til slutt går under. Men guten kjem utover og får tak i henne, og sym med henne hengjande om ryggen innover og ho er berga: “Jenta legg seg tungt på sanden (...) Ho kjenner enno bølgjene som vil dra henne under, vatnet som vil fylle lungene og kvele henne, dei store kreftene i havet som vil ha henne med seg ned.” Vi ser det allmenne og universelle i situasjonen. Gunerius Eriksen maktar å gje forteljinga fleire lag, fleire understraumar.

Avstand

Etter denne dramatiske hendinga blir dei to enda nærare venner. Men då jenta vil be guten på middag om bord i båten til foreldra hennar, skjønner ein plutseleg at det på mange måtar er eit “hav” mellom dei likevel. Guten tør ikkje komme, fordi han ikkje har klede. Han er eit gatebarn som om sommaren lever på stranda, medan jenta er der på ferie. No er dei ikkje lenger berre ei jente og ein gut, to likeverdige venner på ei strand. Eit møte, eit vennskap blir øydelagt av skamkjensla og fattigdomen til guten, og jenta forstår det ikkje. Ho ser det ikkje, så fjernt er det frå hennar verd, og guten er for stolt til å seie noko.

Avstanden mellom dei rike og dei fattige, mellom nord og sør blir tydeleggjort i avstanden mellom guten og jenta. Ein avstand som formmessig kjem fram gjennom skilnaden på dei to delane i boka. Dette er eit godt grep, og saman med det stilsikre språket sikrar det ei god leseoppleving, sjølv om slutten vart hengjande litt i lause lufta.

Dette er ei bok som vil få ungane til å stille den vaksne spørsmål etter lesinga. Spørsmål som kvifor vaktmannen er så ekkel mot guten, kvifor han ikkje har korkje foreldre eller heim, og til sist: kvifor er verda så urettferdig? Det er viktig med slike bøker, både for barna, men også for dei vaksne, sjølv om det kan bli ubehageleg å svare. Eller kanskje nettopp difor?

Arkaisk språk

Gråskuggen av Arne Horge er som ein museumsgjenstand. Boka har kanskje verdi som eit språkleg og innhaldsmessig bilete frå ei tid som er forbi. Men om det fungerer, er eg ikkje heilt sikker på.
Boka er skrive på eit svært arkaisk nynorsk. Det er konsekvent brukt i-endingar. og i rettskrivinga finn vi former som “vetter”, “um”, “skillegt” osv. Men også historia er lite “tidsriktig”. Vi møter søstrene Astri og Ingri som skal gå gjennom skogen der bestefaren høgg “timber”. I skogen blir dei plutseleg vàr ein hest som dei kallar “Gråskuggen”. Kvar dag den vinteren stel jentene høy hos bestefaren som dei smuglar ut til hesten. Men så ein dag er han borte. Det blir ei vond tid framover for jentene som saknar hesten. Særleg ille blir det for Ingri når Astri byrjar på skolen og ho blir heilt åleine. “Sorgi yver det som hadde vore og som ho no skjøna aldri vilde koma att, tok makti frå Ingri. Ho seig ned på ein stein og let gråten taka seg.” Bestefar trøystar Ingri og seier at kanskje nissane har teke seg av Gråskuggen. “For det er no eingong slik, sa bestefar, (...) at dei som er småe dei tenkjer mest, og difor hev smånissane omsut for alt levande”. Så enkelt er det altså.

Enkelt

Det meste er enkelt i denne boka, også plottet. Ein går frå harmoni til disharmoni og til harmoni igjen. For etter at bestefar har fortalt om nissane, slepp Ingri å uroe seg meir for Gråskuggen, og så kan ho glede seg til Astri kjem heim frå skolen. Det einaste originale eg kan sjå i boka, forutan det å bruke ei gamal rettskriving, er at bestefaren gir nissane kreditt for å ha funne opp V-stilen i hopp: “Det var ein svenske som heitte Jan Boklöv, som fann ut kvifor nissane er so svære til å hoppe, og denne svensken tok til å hoppe på same viset, og det gjekk so godt at no hev alle hopparar i alle verdens land teke etter honom.” Dette er det eine innslaget av humor i teksten. Diverre har ikkje boka mange litterære kvalitetar heller. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal møte denne boka. Men eg meiner at det er ein forfeila strategi å gå attende i utvikling både når det gjeld uttrykk og innhald, og at ny litteratur først og fremst legitimerer seg sjølv ved å prøve å vere nyskapande. Men i slike fin de siècle-tider kan ein jo sjå noko vakkert i det å revoltere, og lage seg ein litterær tidskapsel mot alt det nye. Og ungane liker jo gjerne forteljingar frå “gamle dagar”.

Gode illustratørar

Når det gjeld dei tre bøkene samla, vil eg framheve noko som ikkje har komme så tydeleg fram i omtalane ovanfor, nemleg at dette er tre biletbøker. Sjølv om teksten er det sentrale ved dei alle, vinn dei seg på ha gode illustratørar som har fanga og formidlar tonen i bøkene på ein alternativ måte til orda. Her er det faktisk Gråskuggen som er mest eksperimentell, fordi denne boka har eit dobbelt sett med illustrasjonar. På den eine sida finn ein barneteikningar laga av Maria og Margreta. Det fine er at teikningane godt kunne vore dei to søstrene Ingri og Astri sine. Dette gjev ein god effekt og kontrast til dei vaksne fargeillustrasjonane til Dagfinn Instanes på den andre sida, som skildrar nissane slik bestefaren kunne sett dei.

Bileta i Mia og Micro av Bente Finserås er stemningsskapande og understrekar den gode atmosfæren i forteljinga. Dei sparsame kolblyantstrekane til Svein Rønning i Vi kjem frå havet er med på å støtte opp under den stilmessige stringensen i boka. (Gunerius Eriksen har i fjor haust dessutan gitt ut ei biletbok for vaksne, som også er vel verdt å lese.)

Desse tre barnebøkene har tilsaman eit spenn i språkleg uttrykk og intensjon, med både estetikk og politikk, og gode forteljingar som barn ofte synest er viktigast. Er dette representativt for norske barnebøker, kan ein vere fornøgd, sjølv om eg saknar meir eksperimentering både i form og innhald.
Ingrid Storholmen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |