Nr. 4, 28. januar 1999

Bøker:
Ferdaminne frå Australia

I ørkenen i Australia bur folk som har mykje til felles med menneska Vinje møtte, og både Chatwin og Vinje fortel med eit overskot som gjer det morosamt å lesa, skriv SteinarLillehaug.

Bruce Chatwin:
Drømmespor
Omsett av Kari og Kjell Risvik
Gyldendal, 1998

Sjølv om det aldri så mye er slik at folk kan reise til eksotiske mål, sjå seg om i ukjende landskap og oppleve fremmende kulturar, har det ikkje blitt slutt på at forfattarar skriv om reisene sine. Og dei får lesarar òg. Somme har vore på dei stadene dei les om, somme har tenkt seg av garde, men dei fleste er nok lenestolturistar som les reisebøker slik dei les romanar. Dei vil vekk frå den kvardagslege tralten, eller dei vil ha hjelp til å få eit anna perspektiv på det dei kjenner.

Ikkje minst i den engelskspråklege verda er det populært med reisebøker. Fleire forfattarar har spesialisert seg på å oppsøkje ulike strok på kloden for å gjera dei til gjenstand for litteratur. Amerikanaren Paul Theroux hadde stor suksess med skildringa av ei fire månaders togreise gjennom Asia, medan landsmannen Bill Bryson drog på oppdagingsferd i Europa. Han tok mellom anna bussen frå Oslo til Hammerfest i den mørkaste vintertida og skreiv inspirert om det han opplevde.

Den av reiseskribentane som har fått størst publikum, er kanskje engelske Bruce Chatwin. Ikkje berre var han ein god prosaist, han er også ein av vår tids unge døde, og ei dramatisk livssoge er aldri til hinder når eit forlag skal selja bøker. Merkeleg nok kom romanane hans på norsk før reiseskildringane, men nå er "The Songlines" her under tittelen Drømmespor, medan boka om Patagonia er i kjømda.

Vinje på vidvanke

Chatwin drog til Australia for å gjera seg kjent med mytane til urbefolkninga om korleis verda blei til. På kryss og tvers over kontinentet går det synlege og usynlege vegar der forfedrane har merka alle landemerke med song. Desse vegane har framleis mye å seia både for kommunikasjonen og for dei religiøse rituala til urinnvånarane.

Saman med ein australiar med russisk bakgrunn tek han seg fram gjennom eit ørkenlandskap som ikkje har det minste til felles med såpe-opera-Australia frå TV-skjermen, og dei kjem i kontakt med mange spesielle personar. Eg kan ikkje fri meg frå tanken på Vinje og ferda han gjorde frå Kristiania til Trondheim over 120 år tidlegare. Ørkenen i Australia er heimlandet til folk som ikkje har så lite til felles med grannane i Odalen, Malene frå Folldalen eller andre bygdefolk Vinje trefte på sin veg, og både Chatwin og Vinje skildrar desse originalane med eit overskot som gjør det morosamt å lesa om dei.

I tillegg til reiseskildringa inneheld Drømmespor utsnitt frå notatbøkene til forfattaren. Her finn vi sitat frå heilage skrift og frå diktarar og filosofar, og utgangspunktet har han frå tankane til Pascal, der det står: "Vår natur ligger i bevegelse, fullstendig ro er døden". Sjølv er eg ikkje blant dei ivrigaste mosjonistane, men eg hugsar at da eg las originalen for snart ti år sia, fekk eg eit heilt nytt perspektiv på det å gå turar. Er det verkeleg slik, at det er unaturleg for mennesket å leggja seg på sofaen etter arbeidstid? Blir mentale krefter frigjort når ein går til fots? Det var i notatbøkene til Chatwin at eg for første gong kom over forteljinga om dei afrikanske berarane som nekta å gå vidare etter fleire dagars ilmarsj, fordi dei måtte vente på at sjelene deira skulle ta dei att. Kanskje blei dette ei vandrehistorie etter at Chatwin hadde skrive ho ned i Drømmespor?

Eigne tankar

Han er ikkje redd for å gå laus på viktige eksistensielle spørsmål i notatbøkene sine, og det som gjør dei så spennande, er kanskje det at dei ikkje er skrivne først og fremst for å bli offentleggjort. Dei ber preg av at dei er meint for forfattaren og arbeidet hans for å klarne tankane om vandring, om menneskenaturen, kva som skil oss frå dyra, kva som ligg bak aggresjon og fiendskap og så vidare. Det var ikkje meininga at vi skulle lese dei, og nettopp derfor gir dei oss innblikk i ein intellektuell prosess omkring spørsmål som opptar oss alle, enten vi visste det frå før eller ikkje.

Kari og Kjell Risvik har gitt boka norsk språkdrakt. Det har nok ikkje vore heilt liketil, ettersom det er fleire typar tekst med ulike stilnivå mellom desse permane. Forfattaren forsyner seg dessutan av eit stort ordforråd, både henta frå språka til urfolket og frå ulike variantar av hans eigen engelsk. Dei har gjort ein framifrå jobb, og gir ein ekstra grunn til å gle seg, når denne viktige boka endeleg er komen ut på norsk.

Steinar Lillehaug

© Dag og Tid