Nr. 1, 7. januar 1999

IvarMortensson-Egnund:
Rabulist og romantikar

Ivar Mortensson-Egnund er for lengst gått i den litterære gløymeboka. Kanskje hjelpte han godt til sjølv med å skrive seg inn der.

"Ivar Mortensson var en i god forstand enfoldig natur. Men hans virksomhet var mangfoldig."

Slik byrjar Francis Bull, Fredrik Paasche, A.H. Winsnes og Philip Houm kapitlet om Ivar Mortensson i 1961-utgåva av Norsk litteraturhistorie.

"I god forstand en enfoldig natur."

Eg har togge på desse orda lenge, for dei er uforståelege. Kva vil det seia å vera ein "enfoldig natur"? Og kva vil det seia å vera det i "god forstand"? Og kva skulle det vera ved Ivar Mortensson-Egnund som var så enfoldig?

Om Arne Garborg skriv dei same forfattarane: "Det er som om tiden selv skulle ha valgt denne hvileløst søkende ånd, denne kritiske tanke og dette uendelig følsomme sinn til sitt særlige redskap for å måle styrken og kvaliteten i sine mangfoldige svingninger."

Liten kunnskap

I desse orda finn vi truleg nøkkelen til eitt av dei største forsvinningsnummera i norsk litteraturhistorie. Ja, det handlar ikkje ein gong om eitt forsvinningsnummer, det handlar om tre: Når namnet Ivar Mortensson-Egnund kjem på bordet i dag, får dei aller fleste flakkande blikk samstundes som dei viser med eit rikt spekter av kroppsspråk at dei helst vil snakke om noko anna.

Dei veit ikkje kven han er. Dei har ikkje høyrt om han.

Er dei målfolk, har dei truleg sunge den altfor pompøse songen "Flaumen går", som Ivar Mortensson sjølv tonesette ein gong på slutten av 1800-talet, og da har dei også lagt merke til at det står "Ivar Mortensson" eller "Ivar Mortensson-Egnund" som signatur. Men så veit dei truleg ikkje meir.

Og dei som har teke seg tid til å lesa den klangsterke og

stundom ordvriene Edda-omsetjinga, og som også har teke seg bryet med å sjå etter kven som har omsett dei norrøne diktverka, ber også namnet hans ein eller annan stad i hovudet.

Elles er kunnskapen sørgjeleg liten.

Sørgjeleg fordi Ivar Mortensson-Egnund er viktigare for norsk litteraturhistorie, og for historia til målrørsla enn dei fleste anar. Det er eitt av forsvinningsnummera - sett i scene av litteraturhistorikarar som ikkje har teke forfattarskapen hans spesielt alvorleg. Kanskje fordi Mortensson-Egnund støtt gjekk på tvers av alle litterære moteretningar og straumdrag; kanskje også fordi han støtt søkte attover i tida og arbeidde seg fram til ei målform og eit ordforråd som gjer at det er krevjande å trengje inn i forfattarskapen hans.

Anarkisten

Det andre forsvinningsnummeret handlar om Arne Garborg, om ein livslang venskap, om to sterke personlegdommar som drog i hop, som påverka kvarandre, som fauk i hop i beisk uvenskap - slik gode vener ofte gjer - som fann att kvarandre, og som kunne trøyste, oppmuntre og inspirere kvarandre, og som kunne påverke kvarandre litterært og politisk.

Eg er overtydd om at det ikkje er mogeleg å forstå Arne Garborg og hans forfattarskap fullt ut utan å kjenne til Ivar Mortensson-Egnund. Like lite er det mogeleg å forstå Ivar Mortensson-Egnund utan å kjenne til Arne Garborg.

Det merkelegaste og kanskje største forsvinningsnummeret handlar om "politikaren" Ivar Mortensson, om den anarkistiske agitatoren som var mørkeraud som kvalblod. Han som i samspel med venen Arne Garborg voks frå å vera ein stødig venstremann med eit trygt kristent grunnsyn til å bli ein av dei mest originale politiske tenkjarane i landet. For han var ein politisk tenkjar, og det politiske manifestet hans finst framleis nedstøva og godt gøymt i somme bibliotek her til lands. For ettertida har han fullstendig forsvunne som politisk tenkjar; han stod jamvel sjølv for eit underleg forsvinningsnummer da landet skulle røyste over statsforma i 1905.

Da det politiske ordskiftet raste i 1905 om kva statsform det sjølvstendige Noreg skulle ha, skreiv Mortensson ein artikkel i avisa Den 17de Mai der han tok til orde for monarkiet. Det gjorde han ved å trekkje linene tilbake til kongane i det gamle Noregs-veldet. Det var romantikaren Mortensson som tok livet av rabulisten Mortensson.

Mange merkelappar

Ut i frå dei litterære og historiske interessene hans, er det ikkje vanskeleg å forstå kvifor han tok det standpunktet han gjorde. Og det er vel også dei litterære interessene hans som har sytt for at litteraturhistorikarane har regissert det andre forsvinningsnummeret hans, og gjort han til ein diffus statist i norsk litteraturhistorie.

Han har fått mange merkelappar av litteraturvitarane og litteraturhistorikarane: "En av de merkeligste menn i tidens åndsliv...", "...ferdes i en romantisk forestillingsverden, befolket av mystiske vesener fra folketro og middelalderdiktning...", "det han har skrevet skjønnlitterært er merkverdig, men uselvstendig", "hva han skapte er ofte kaotisk, uferdig, halv-kunstnerisk...", "han elsket vanskelige, rare ord. Og det lar seg ikke nekte at de kunne forlede ham til en kvasi-profetisk stil", "...men av og til slår hans selvstendige uttrykksevne gjennom og gir oss en sterk fornemmelse av den følelse som bar hans verk..."

Kva i all verda var det mannen gjorde gale?

Eg har nemnt ein ting allereie.

Han heldt seg langt unna å flørte med litterære moteretningar. Her var også dei første tidlege åra hans i Christiania skilsetjande. Der vart han tidleg ven med Moltke Mo, som seinare vart folklorist og professor i norsk folkemål. Moltke Moe var son av Jørgen Moe, som Ivar Mortensson-Egnund seinare kalla "hugkveikjaren" hans, og dei to gutane kunne dyrke interessa for norsk mål og folkedikting i lag.

Åndskreftene

Heile livet gjennom granska Mortensson-Egnund mytar, segner, eventyr og ordtak. Alt skin gjennom i forfattarskapen hans. Ja, det gjennomsyrar forfattarskapen hans fordi han låner motiv, strofer, heile songar og smeltar det saman til ei eiga litterær uttrykksform, som han utviklar og reindyrkar.

Eit streif gjennom Ivar Mortensson-Egnunds forfattarskap viser at det er djupt urettvist å hevde at han ikkje hadde noka sjølvstendig stemme, og at det han skreiv, var usjølvstendig. Gjennom forfattarskapen meisla det seg ut tydelegare og tydelegare eitt føremål for den diktande folkeminnesamlaren, teologen og "granskaren": Han meinte at naturen skjulte ei universell åndskraft, som vart spegla av gjennom den store diktinga, gjennom folkedikting og eddakvad, gjennom bibelen og tekstar frå andre religionar.

Gjennom diktinga si leita han etter opphavet, etter dei naturlege åndskreftene, etter den sameinande universelle krafta. Naturmystikaren Ivar Mortensson-Egnund var der frå debutboka Paa ymse Gjerdom. Songane aat Savalguten i 1889 til sisteboka Gullharpa vår. Soga om Hugfrid i 1931. Heile forfattarskapen byggjer på store kunnskapar om folkediktinga, om den norrøne diktinga, om religionshistorie og kulturhistorie.

Dei enorme kunnskapane som ligg attom forfattarskapen hans, gjer at ein godt kan vera audmjuk før ein dømmer. Dei fleste av oss har ikkje kunnskapar nok til å ane djupna og breidda i dei litterære arbeida Mortensson-Egnund let etter seg.

Men det er sjølvsagt lett for litteraturhistorikarar å avvise arbeida fordi dei er så annleis - i tiår etter tiår.

Påverka Garborg

Einast førsteboka hans, Paa ymse Gjerdom kan kanskje fortene merkelappen "kaotisk og uferdig". Men denne boka er vel heller ikkje meint som eit fullendt diktverk, ho inneheld vers og dikt skrivne over eit lengre tidsrom. Det gjev seg heller ikkje ut for å vera eit formfullendt diktverk der det ligg, trykt med ei handpresse på billig avispapir.

Truleg tok ikkje Ivar Mortensson-Egnund boka så alvorleg, heller. "Det er ikkje likt til at noko blad vil melde ho, og likevel er det sumt i ho som er godt," skreiv han, og så melde han henne sjølv i Fedraheimen. Der skreiv han: "Ho vil taka atti, der den sjølvgjorde norske Litteraturen bogna for Dansken, og i stutte Drag liksom gje eit Bilæte av korleis nyare og meir utvikla Tankar kunne ha funne seg Ord i fullnorsk Ham."

På eit vis vart dette ei programerklæring for heile forfattarskapen hans.

Trass i at Paa ymse Gjerdom har vekslande kvalitet, er det peikt på at den vesle diktsamlinga var ei av dei første i Noreg som varslar om dei nye litterære straumdraga på 90-talet.

Klaus Langen, som i si tid skreiv ei magistergradsavhandling om Ivar Mortensson-Egnund, hevda også at Mortensson-Egnund utan tvil fekk "hatt meir å seia for 90-årsdiktaren Arne Garborg enn litteraturhistorikarane reknar med". Så er da heller ikkje Haugtussa eller dei prosalyriske tekstane i Den burtkomne faderen aldri langt unna når ein les Paa ymse Gjerdom.

Mistydd

Men det er nok Or duldo, ei lita bok i lommeformat som kom i 1895, som er sjølve gromboka. Boka fengsla Sigbjørn Obstfelder. Han kunne ikkje gå nokon stad utan henne, og bar henne med seg overalt. Edvard Beyer fortel at også Kristofer Uppdal dyrka dette sterke og draumeaktige diktverket som ein bibel.

Boka vart mistydd av meldarane da ho kom ut. Både Rasmus Steinsvik i Den 17. mai og Rosenkrants Johnsen i Dagbladet meinte at boka handla om kvinnekjærleik, mens Mortensson-Egnund ville syne denne kjærleiken fram som noko ein måtte komma over for å nå høgare ting.

Mortensson-Egnund vart så fortvila over mottakinga og mistydingane at han tenkte på å kjøpe heile opplaget og brenne det. Han skreiv til venen Garborg i Paris, bad han om å lesa boka og seia frå om Mortensson-Egnund var "ein styving eller alle litteratar æ blinde". Garborg svarte Mortensson-Egnund, ikkje berre i brev, men også i form av ei ny melding i Den 17. Mai: "Men grunnemnet, slik som det daa tek til aa klinga for mine øyro, det er ogsaa um sjæli, mannshugen, som paa livsens ville vegar søkjer og tilslutt finn seg sjølv, sitt sanne sjølv, guddomsgneisten i seg, og soleis vinn fred og livsforsoning. I tri vendingar vert emne utforma: det er kvar gong det same, men paa eit høgare stig liksom: meir og meir strider sjæli seg laus fraa den verdslege livstummel, meir og meir vert ho einsam, vinn seg burt fraa det ytre og innetter, burt fraa det lægre og uppetter, upp mot sitt evige vesen, - høg-sjæli, atma-buddhi, som teosofane vilde seia -, til dess i fjorde vending den høge sjølv stig fram."

Teaterstrid

For mange vart målforma i denne boka ei sperre, som ho vart det i mange av dei bøkene Ivar Mortensson-Egnund gav ut seinare. Skodespelet Varg i Veum, eit vikingspel, bles liv i måldebatten i hovudstaden. Skodespelet var ikkje eit vanleg historisk spel, men meir eit forsøk på å skildre sjølve tidsskiftet i vikingtida. Mortensson-Egnund ønskte å syne at det er åndskrefter som strir om og i menneska og fører til store omskifte. Dei mest levande i stykket er ikkje menneska, men dei personleggjorde åndskreftene Tor og Odin.

Mortensson-Egnund sende det inn til ein konkurranse om det beste folkeskodespelet på landsmål; der nådde det ikkje opp fordi nemnda meinte at det meir var eit lesestykke enn eit skodespel. Da Mortensson-Egnund sende det til Nationaltheatret, fekk han det i retur frå Bjørn Bjørnson med beskjed om at "Varg i Veum er et sjeldent dramatisk Digterverk, som det vilde været mig en Glæde at opføre, hvis ikke Sproget havde lagt uovervindelige Hindringer i Veien." I eit intervju med Morgenbladet utdjupa Bjørn Bjørnson standpunktet sitt: "...dets Sprogform er saa archaiserende eller lagt saa nær op under Gammelnorsk at det hverken vil forstaaes af Skuespillere eller Publikum."

Men da stykket kom ut i bokform i 1901, vart det sett på som det store skodespelet i mållitteraturen. "Me hev ikkje i norsk eller dansk diktheim noko som eg veit aa likna det med," skreiv Arne Garborg.

Først i 1915 vart stykket sett opp på ei scene i hovudstaden. Edvard Drabløs opna si tid som teatersjef ved Det Norske Teatret med Varg i Veum. Da hadde Hulda Garborg og spellaget hennar allereie turnert med stykket på Austlandet, Vestlandet og i Trøndelag.

Draumkvedeskalden

Dette er berre tre døme frå forfattarskapen hans. Det er sjølvsagt så mykje, mykje meir å nemne. Eg kunne ha skrive om den einaste skjønnlitterære prosaboka hans, Ein frikar, der Mortensson-Egnund i ekspresjonistisk form drøftar fridomen. Vi kunne ha nemnt Svall, der humoristen Ivar Mortensson-Egnund boltrar seg i små sjølvbiografiske prosastykke, vi kunne ha sett på Gjallarbrui. Ei diktbok um draumkvede-skalden, der han jamvel overgår venen Moltke Moe og restaurerer Draumkvedet til 119 vers. Da kjem vi naturlegvis heller ikkje utanom boka som kom året etter; Grunnsteinen i norsk bokheim, der Ivar Mortensson-Egnund gjer greie for Draumkvedet, og der han på grunnlag av eiga gransking kjem fram til at Draumkvedet må ha vore skrive på Lyse-kloster av cisterciensar-munken abbed Runolv mellom 1146 og 1149, sannsynlegvis i jula 1147.

Livsverket

Dei bøkene Ivar Mortensson-Egnund sjølv sette høgast, var Gjallarbrui og Gullharpa vår. I desse bøkene hadde han lagt ned livsverket sitt, syntest han sjølv. Gullharpa vår var eit forsøk på å laga eit norsk folkeepos bygd på folkedikting og norrøn litteratur, inspirert av Lønrots Kalevala - her prøvde Mortensson-Egnund å rekonstruere det norske roteventyret.

Men her finst meir. Her er noko som dei fleste av oss ikkje har fått ta del i: Ivar Mortensson-Egnund fekk ferdig enda to bokmanus før han døydde i 1934. Egnund-gubben, som han kalla seg dei siste åra, bestemte seg også for å finne den opphavlege mysterievegen i Det gamle testamentet. Men ikkje noko forlag ville gje ut boka Visdomsvegen. Alamot eller hebraiske Mysteriesongar um Visdomsvegen i Det gamle testamente utvalde, umsette og skipa i samanheng av Ivar Mortensson-Egnund.

Heller ikkje det siste diktverket fekk han nokon gong sjå på trykk, det årstidsmystiske diktet På rullande hjul, der kvar månad i året har fått sin bolk.

Slik opplevde Ivar Mortensson-Egnund å gå i den litterære gløymeboka allereie mens han levde. Kanskje skreiv han seg inn der sjølv fordi han tviheldt på originaliteten sin.

Audun Skjervøy

© Dag og Tid