Nr. 51, 17. desember 1998

Bøker:
Når England flyttar
til ei anna øy

Med sin siste roman "England, England" risikerer den britiske forfattaren Julian Barnes å fylle hyllene med uoversiktleg mange nye franske prisar, skriv Stephen Walton.

Julian Barnes:
England, England
Jonathan Cape, London

Julian Barnes skriv romanar frå og for det meir eller mindre halvintellektuelle engelske småborgarskapet. I førestillingsverda hans lever det lærarar, historikarar, forfattarar for all del, kort sagt forstadsbuarar av alle slag. Det var denne klassen som skilde ut privatsfæren frå det offentlege liv, og såleis fekk det vanskeleg med kjærleiken.

Barnes har spesialisert seg på den vanskelege, triste og sentimentale kjærleiken mellom menn og kvinner. Han er arketypisk i si småborgarlege, engelske oppgløding for det franske.

For engelske småborgarar er Frankrike ferielandet. Når både sola skin der og alkoholprisane er låge, er resultatet ikkje til å unngå: sex. Såleis tener også Frankrike som sensuelt motpol til engelsk kjensleløyse og lunkenheit, iallfall i Barnes' univers. Dette smigrar franskmennene sitt sjølvbilde, slik at dei med jamne mellomrom dryssar prisar over Julian Barnes.

Den dåmen av kollektivt sjølvhat som ligg over romanane til Barnes er med på å feste eit sett med særskilt uinteressante fordommar, og i tillegg lyser det av forakt for vanlege engelske menneske. Dette minner mykje om den småborgarlege, urbane og halvintellektuelle norske avsky for bygdene.

Sentimentalitet

Med sin siste roman England, England risikerer Barnes å fylle hyllene med uoversiktleg mange nye franske prisar. Det er seks år sidan han gav ut ein roman sist, og han meiner kanskje at han har fornya seg. Han skriv også her om kjærleiken, å forelske seg i nokon ein veit at ein helst ikkje burde, men likevel, å oppleve at verda vert heilt annleis verkeleg når ein er forelska, at kvardagen slit på både det ømme blikket og den gode omtanken, at ordløysa tek over og endar i svik. Ja, dette veit han om, men vi visste det like godt frå før, og her ligg sentimentaliteten klistra så tjukt på, at det knapt lèt seg gjere å kome på innsida av han.

Det nye i denne boka ligg i at Barnes har kasta seg over ein gammal samfunnsrefsande sjanger, the state of England-novel, eller romanen om Englands tilstand. Den har eksistert sidan 1700-talet, og lever framleis i beste velgåande hos ein del frustrerte mannlege forfattarar.

Den kvinnelege hovudpersonen her, Martha Cochrane, har doktorgrad i filosofi men arbeider for mediamogulen Sir Jack Pitman. Ho har vore ung truleg ein gong på 1970-talet, og er 40 år i hovuddelen av romanen; vi er altså nokre år framover i tida. Sir Jack lever av å manipulere bilde, å skape representasjonar, og er ein reaksjonær festtalepatriot. Han er ei slags legering av Maxwell, Murdoch og den nyleg avdøydde Tiny Rowland.

Braksuksess

Han set ut i livet Prosjektet. Det går ut på å skape att eit konsentrat av England på den kjende ferieøya Isle of Wight. Men dette blir ikkje England. Det blir ein representasjon av England som blir betre enn England. Målet er å lokke turistar. Marknadsundersøkingar viser kva utlendingane forbind med landet: Kongefamilien, raudstruper i snøen, varmt øl, snobbeskap, toetasjesbussar. Det står femti punkt på lista. Sir Jack kjøper opp Wight, og tilset øybuarane som statistar. Så erklærer han øya for sjølvstendig og seg sjølv for guvernør. Alle har sin pris, og omsider kjem kongen og dronning Denise og buset seg i halvstørrelsesversjonen av Buckingham Palace han har bygt til dei.

Øya vert ein braksuksess, og endrar namn til England, England, mens gamle England vert heitande Old England. Men Pitman er ein diktator, og audmjukar elskaren til Martha, den såkalla idéfangaren Paul Harrison. Etter litt detektivarbeid med hjelp av ein annan utru tenar vert Pitman avslørt på eit horehus for gamle kallar som får det til å gå ved å spele spedbarn. Dei syg bryst, blir ronka, skit i bleiene og blir tørka. Sir Jack blir filma. Han vert avsett som leiar for Prosjektet av Martha og Paul. Dei som lever ved media, skal døy ved media.

Seinare svik Paul Martha, og Sir Jack kjem att i eit motkupp med Paul som stråmann. Martha vert send i eksil i Frankrike, men kjem i sluttkapitlet tilbake til Old England som gammal og einsam dame. Da har England løyst seg opp i det angelsaksiske heptarkiet, altså dei sju kongedøma som før førre tusenårsskiftet gjekk saman om å danne England. Det er blitt til eit tilbakeståande sjølvbergande agrarsamfunn i fullstendig isolat frå omverda.

Satire

Martha leiter opp autentisiteten i den anglikanske kyrkja og i dei attskapte restane av det rurale England som ho voks opp i.

Barnes har eit velutvikla satirisk talent, og dette er den sterkaste sida ved boka. Satire er ein utelukkande negativ sjanger. Han riv ned, og har ingen ambisjonar om å byggje opp. Det er mange einskildbilde å kose seg med. Sjåføren til Sir Jack betaler ein pubvert for å spandere ein gratis konjakk på den store mannen, slik at verten kan få fortalt han kva for ei ære det er å ha han til gjest. Eit sjeldant godt og fortetta bilde på dei absurde privilegia makt og pengar gir i England, og på korleis småfolk for vinnings skuld gjer seg til medsamansvorne i eit samfunn som systematisk sparkar dei i lysken.

Barnes har eit vake auge for dei totalitære sidene ved det postmoderne underhaldningssamfunnet. Framfor alt forstår han korleis realiteten til kvar tid må haldast på avstand. I England, England inntreffer krisa når statistane overfører rollene sine frå representasjon til verkelegheit. Smuglarane tek til å smugle dop og porno og brenne heimebrent, mens Robin Hood-banden i protest mot kosthaldet kastar seg ut i ei verkeleg omfordeling av goda som mellom anna går ut over dyra i dyreparken.

Når det skal løysast verkelege konfliktar, må dette skje gjennom bilde som allmenta kan godta. Vi kjenner igjen fenomenet frå Golfkrigen og dei andre fjernsynskrigane dei siste åra. Det er Marthas manglande evne til å styre resepsjonen av det verkelege åtaket mot Hood-banden som feller ho.

Minnesvikt og latskap

Likevel er Barnes mindre god som samfunnsanalytikar enn som satirikar. Han kan peike på korleis kommersialiseringa av historia byggjer på ein kollektiv minnesvikt og kunnskapsløyse, men når han gir historikarane ansvaret for dette, må ein begynne å lure på kor han har vore dei siste tjue åra.

Å lese historiebøker er som å pakke opp plasten rundt ein ny cd, meiner Barnes. Ein veit aldri kor ein skal byrje. Den eine boka viser berre til den andre.

Tidlegare, i Before She Met Me, har han skulda historikarane for latskap. Da har han vel ikkje høyrt om til dømes Eric Hobsbawm eller E.P. Thompson, som båe to har lagt ned eit enormt arbeid i å fortelje om kva som har hendt, og ikkje i å fortelje om kva som er skrive om kva som har hendt.

Det ligg også ein tese under denne boka om at alle kollektive identitetar utelukkande er eit produkt av kommersialiseringa. Dei er per definisjon falske. Det autentiske kan einast lokaliserast innanfor parforholdet eller i den individuelle mystikken, som altså her får utslag i ein vag religiøsitet og andre former for sentimentalitet. Dette er vel utslag av eit større kulturproblem hos det engelske småborgarskapet, som for det første ikkje er i stand til å oppfatte verdiar som ikkje kan uttrykkast i pengar, og for det andre ikkje skjøner kva anna grunnlag enn pengetransaksjonar ein skal byggje fellesskap på.

Og det er vel derfor kjærleiken blir så overlag viktig hos Barnes. Menneska hans manglar eit klart livsprosjekt. Same kor godt bevandra i fransk åndsliv Barnes elles måtte vere, ser ikkje Sartre ut til å ha gjort noko større inntrykk på han. Den einaste i England, England som har eit livsprosjekt, er Pitman, og det kan berre realiserast ved at han kuar og fornedrar menneska omkring seg.

Eit prosjekt, det verkelege, det når ein berre inn til hos Barnes gjennom kjærleiken. Da er det klart at kjærleiken må bli problematisk til det fatale. Han vert symbolsk overvektig, skal redde menneska frå seg sjølve, og dermed naturlegvis alltid sviktar.

Akterutsegla

Barnes har nok arbeidd med denne boka i seinthatcherismens mest dekadente periode, og ho verkar merkeleg akterutsegla. Det har jo skjedd for lite sidan regimeskiftet i 1997, men det finst ein trå etter modernisering og demokratisering i England som Barnes ikkje er i stand til å fange opp. Dei som no arbeider saman, i fellesskap, for å byggje ned dei strukturane han harsellerer over, får iallfall ikkje noka hjelp av han.

Stephen Walton

© Dag og Tid