Nr. 48, 26. november 1998

Leiar:
Vassen kritikk
Tidleg i november vart journalist Jan H. Landro i Bergens Tidende overmanna av lyst til å heise flagget for den uavhengige og "objektive" kulturjournalistikken. Skal eg forstå Landro rett, har Dag og Tid gjort seg skuld i to alvorlege synder i haust: Den første, og openbert største synda, var at vi let professor Otto Hageberg melde den ferskaste Fløgstad-boka, Kron og mynt.
Den andre synda, som vi gjorde før den første, var at vi let Nora Simonhjell melde boka Ingerid F. av May Grethe Lerum.
Kvifor var så dette så store synder?
Jau, meiner Jan H. Landro, Otto Hageberg, som gav Kron og mynt "en overstrømmende anmeldelse" hadde "gått seg vill i rollenes labyrint", og det kunne dessutan tenkjast at Hageberg "med sin panegyrikk" var ute "på et hevntokt mot Bokklubben Nye Bøker, som avviste Fløgstads roman". Alt dette fordi Otto Hageberg også sit i styret for Gyldendal, som gav ut boka, insinuerer Jan H. Landro.
"Den relativt ferske litteraturviteren" Nora Simonhjell, som i Dag og Tid "figurerer" som "den 'objektive' kritiker" er heller ikkje så uavhengig, meiner Landro, fordi ho "etter hva BT er kjent med" fekk refusert eit manus på Samlaget i vår. Dette gjev Landro "grunn til å reise tvil ved hennes motiver ved å gå så hardt ut som hun gjør."
No forstår eg godt at Landro stiller dei spørsmåla som han gjer, til at professor Otto Hageberg melde Kron og mynt for Dag og Tid. Og han skal få mitt svar: Vi valde Hageberg fordi han er ein av dei største kapasitetane her til lands på Fløgstads forfattarskap. Vi ville ha valt Hageberg på nytt dersom problemstillinga kom på banen. Det vi burde ha gjort, var å opplyse om at han sit i styret for Gyldendal.
Og hadde Landro hatt nokolunde gangsyn da han skreiv kommentaren sin, burde han også ha halde seg til Hageberg som døme på deltakarar med fleire hattar i kulturdebatten og kanskje funne andre døme enn Nora Simonhjell for å utdjupe poenga sine. Landros store problem er nemleg at han sjølv gjer seg til brikke i eit forlagsspel ved å kritisere Dag og Tid for at Nora Simonhjell melde
Ingerid F.
I kva grad er eigentleg Jan H. Landro ein uavhengig observatør i kulturdebatten når han fører vidare simpelt slarv frå Samlaget? Dette er slarv som ikkje kan vera spreidd av andre enn ein eller annan i forlaget for å ta brodden av Nora Simonhjells sterke kritikk av både boka og det at forlaget gjev henne ut. Landro vil sjølvsagt gøyme seg bak stolen og rope "kjeldevern, kjeldevern" viss han får spørsmål om kven som har spreidd rykta, men i Dag og Tid veit vi kven det er, for vi fekk også ein telefon frå forlaget med dei same rykta. Slikt er naturlegvis gjennomrote av eit forlag å gjera, særleg når vi kan vera sikre på at ryktespreiinga aldri hadde vore sett i verk dersom kritikken i Dag og Tid hadde vore overstrøymande. Likeins kunne Landro ha trekt fram Hageberg som døme på ein mann med integritet dersom Hageberg hadde slakta Fløgstad. Så laust sit hattane på alle hovud!
I Dag og Tid har Nora Simonhjell både før og etter Ingerid F.-meldinga hatt på trykk rosande meldingar av samlagsbøker. Sjekka Landro dette før han sette den sterke kritikken sin på trykk, eller let han vera fordi det kunne drepe eit poeng for han? Kasta han også eit lite blikk på andre meldingar av den same boka; meldingar som også hadde kritiske merknader til dei litterære kvalitetane?
Vi har framleis full tillit til Nora Simonhjell som litteraturkritikar, og ho har ikkje meldt den siste samlagsboka for oss. Dei vi ikkje har tillit til, er kulturjournalistar som kritiserer andre for ha på seg ulike hattar, mens dei sjølve ikkje er i stand til å sjå kven som eig hatten dei ber på hovudet. Eg er dessutan ikkje fri for å kjenne det som noko vasse når ein slik kritikk kjem frå Bergens Tidende, avisa som er blitt illgjeten for sin høgst uortodokse kriminaljournalistikk. Det gjer det ikkje lettare å ta kritikken alvorleg.

Audun Skjervøy
© Dag og Tid