Dag og Tid nr. 45, torsdag 5. november 1998

Bøker:

Den nyliberalistiske dronninga

Den ulne talemåten til Gro Harlem Brundtland var den politisk kamuflasjen for å deregulere velferdsstaten, omdanne Arbeidarpartiet til eit elitært parti, og sleppe marknadskreftene laus for godt.

Håvard Nilsen og Dag Østerberg:
Statskvinnen
Gro Harlem Brundtland og nyliberalismen
Forum Aschehoug

Dette kan vi lese i ei lita, men viktig bok som vart lansert onsdag denne veka, betimeleg nok mens vi ventar på andre delen av sjølvbiografien hennar. I Statskvinnen har Håvard Nilsen og Dag Østerberg skildra sosialdemokratiets politiske glideflukt i Brundtland-epoken med både vidd og eleganse, men først og fremst med idéhistorisk innsikt. Vil det ta glansen av Brundtlands eige prosjekt, ho som det politiske hoffet og deler av media har prøvd å gjere til ei dronning, «altså en person man ikke diskuterer med, men prøver å påvirke med smiger»? I så fall ville det vere haustens politiske sensasjon.

Undertittelen er Gro Harlem Brundtland og nyliberalismen, og ordet prosjekt møter oss på første side. Livet til eit menneske blir til i spenninga mellom det Heidegger kalla prosjekt og faktisitet. Prosjektet er dei vala vi gjer, dei vonene vi har, og dei måla vi set oss. Faktisiteten er det konkrete utgangspunktet, bakgrunnen for prosjektet, summen av det faktiske som omgir oss, og som gir oss konstitusjon. Kva er det særeigne ved Brundtlands konstitusjon, og kva var det ved den som høvde for den tida ho regjerte i, spør forfattarane.

Inn i styringspartiet

Gro Harlem Brundtland voks opp i skjeringa mellom ein akademisk kultur på Frogner og den sosialdemokratiske partikulturen. Det pregar retorikken hennar når ho grunngir sine politiske val, i eit parti med rolle som både lønnsarbeidarparti og styringsparti. Ho kom rett inn i styringspartiet når keynesianismens glanstid var over, byråkrati og politisk lamming var aukande, og det var behov for «fornying». Regjeringa Bratteli hadde starta ei offentleg maktutgreiing, og gjennom den kom Gudmund Hernes med den ideologiske overbygninga med stikkordet deregulering. Gudmund Hernes vart etterpå statssekretær for finansminister Per Kleppe, og Gro Harlem Brundtland var i gang med eit nytt prinsipprogram for partiet. Marknadskreftene skulle takast i bruk «der de kunne være det riktige virkemidlet» (Brundtland), og nedbygginga av Husbanken, altså starten på dereguleringa av bustadmarknaden, skaut fart i Brundtlands første statsministertid i 1981. Etter Willoch i 1986 kom ho med «snuoperasjonen» sin, og «motsigelsen mellom styringspartiet og lønnstakerpartiet ble i denne situasjonen pinlig merkbar: mens regjeringen fremkalte ledighet, hengte partiet samtidig opp bannere med slagordet 'Hele folket i arbeid – Jobb nr. 1'»

Den uklåre talen

Samstundes skjer det ei endring i lønnsarbeidarklassen. Det blir færre industriarbeidarar, men fleire funksjonærar. Det vil ikkje seie at lønnsarbeidarklassen blir mindre, men at han har endra karakter, og det påverkar klassemedvetet. Inn kjem Gro Harlem Brundtland, ein gong ei klårttalande kvinnesakskvinne, no med ein retorikk like ullen som tilslørande. «Tidens politiske og klassemessige situasjon var uklar og ullen, når Gro Harlem Brundtland besvarte de fleste spørsmål med uklare og ulne talehandlinger, var hun egentlig helt på høyde med situasjonen». Partiet skifter ham, og Gro Harlem Brundtland tilslører at det skjer. I staden for å politisere dei upolitiske funksjonærane, gjorde partiet seg «funksjonæraktig upolitisk».

Det «opne» samfunn

For meg er det politiske høgdepunktet i boka til Østerberg og Nilsen drøftinga av Det offentlige og det hemmelige. «Noen blir forundret når de hører at offentlighet betyr åpenhet», skriv forfattarane, som peikar på at skiljet mellom openheit og hemmeleghald går som ein viktig tråd gjennom idéhistoria. Openheita er garantien for at demokratiet verkeleg er eit demokrati, og ikkje styrt av ein elite. Openheit er eit demokratisk ideal, ikkje eit økonomisk (eit inntrykk som vart skapt då «eit opnare samfunn» var synonymt med utvida opningstider, min merknad). Det opne (demokratiske) samfunnet står i motsetning til det hemmelege, som er ein uløyseleg del av logikken til den marknaden som kallar seg «fri». Etter at Allende vart styrta i Chile, fekk det nye militærstyret hjelp til å setje i verk laissez-faire i økonomien. «Slik viste det seg at diktatur og frimarked var fullt forenlige fenomener».

Fridomsdebattens parodi

«Offentligheten er ment å være et rom for utveksling av meninger og dannelse av en politisk bevissthet, men kan den det hvis den samtidig skal være en markedsplass?» spør forfattarane. Den herostratiske fridomsdebatten i Arbeidarpartiet på åttitalet vart lansert av Gro Harlem Brundtland. På ein pressekonferanse i 1986 sa ho at «velferdsstaten ble skapt for å fremme enkeltmenneskets frihet», ein oppsiktsvekkjande definisjon fri for klassar og samfunnsmessige motsetningar. «Vi tar opp spørsmålet hvordan kundene – eller markedet – kan få større innflytelse over hvordan offentlige tjenester utføres», sa ho vidare, og forfattarane oppsummerer:

«I 80- og 90-tallets politiske retorikk gikk politikerne så langt i å importere markedslogikken at man rett og slett begynte å forveksle kategoriene statsborger og kunde

Tonen til Brundtland blir meir kritisk andsynes «det offentlege», samstundes som ho set likskapsteikn mellom det offentlege og det statlege. Og til forfattarane si undring presterer ho å seie at «det har aldri vært arbeiderbevegelsens syn at det er best at mest mulig drives i offentlig regi». Å? «Det kan vel argumenteres godt for at det har hele tiden vært arbeiderbevegelsens mål å gjøre samfunnet mest mulig offentlig, i betydningen åpent og allment tilgjengelig, eid og drevet av allmenheten», svarar forfattarane. Privatisering er ei særleg form for spreiing av hemmeleghaldet i samfunnet.

Staten og det offentlege

I den politiske retorikken blir staten og «det offentlege» ofte brukt synonymt, og det tilslører at samfunnet er delt i det offentlege, det private og staten. For staten som stat er det ikkje så ille å sleppe å bry seg om allmenne oppgåver. Staten blir ikkje nødvendigvis svekkja gjennom å privatisere offentlege organ. Typisk for den nyliberale perioden i vestlege land er å styrke staten gjennom å deregulere han. Det vil seie at «staten blir styrket som stat, og svekket som offentlighet». Privatiseringa av gruvene i England er eit kron-eksempel. Det er snakk om eit statens paradigmeskifte, der statens rolle som garantist for offentleg velferd har endra seg i retning av å vere ein garantist for stabile prisar, låg inflasjon og dei nasjonale bedriftenes aukande konkurranseevne. Samstundes som dei private verksemdene tek avgjerder som er «høyviktige for offentligheten».

Det er ikkje vanskeleg å kjenne att det Egil Sundar ville ha kalla «den aktuelle politiske situasjon» i denne skildringa. Men forfattarane plasserer ansvaret for framveksten av det som meir og meir liknar eit politisk einevelde av før-parlamentarisk type (som også Francis Sejersted har skildra det som), i det maktsenteret der dei politiske avgjerdstakarane i Norge alltid held hus.

Gro representerer

Gro Harlem Brundtland politiske habitus svarar ofte til uttrykket å vere «en samlende skikkelse» i norsk politikk. Under dette samlande leiarskapet vart prosessen frå sosialdemokrati til elitær sosialliberalisme fullført, og det representative demokrati såg under Brundtland meir og meir ut som eit «representerande» styre, forsterka av ei regjering krydra med «representative» kjendisar.

I den siste bolken av boka har forfattarane ein idehistorisk analyse av utviklinga til den nye liberalismen. Med sine knappe 180 sider er Statskvinnen ei av haustens verkeleg spennande politiske bøker, og spenninga blir neppe mindre når Rune Slagstads store verk om De nasjonale strateger kjem seinare denne månaden. Uansett blir det lettare å halde ut Brundtlands eige, sentimentale mellomspel.

Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |