Dag og Tid nr. 45, torsdag 5. november 1998

Bøker:
Om menn, og kvinnene som styrer dei

Det er grunn til å gle seg over at norske forleggjarar stadig gir ut bøker av den fine amerikanske forfattaren Richard Ford.

Richard Ford
 Kvinner med menn
Noveller
Omsett av Bård Kranstad
Tiden


Novellesamlinga Rock Springs kom i Vitaserien til Gyldendal i 1990, noen år seinare gav Tiden ut Sportsjournalisten og oppfølgjaren Uavhengighetsdagen, og i år heiter boka Kvinner med menn. Nå har han fått ein omsetjar som passar til oppgåva òg: Mens dei to første som prøvde seg, ikkje kom så heldig frå det, gjør Bård Kranstad ein framifrå jobb.

Dette ser ein først og fremst i den mellomste av dei tre lange novellene boka inneheld. Som så ofte hos denne forfattaren, møter vi her ein mann som fortel om skjelsetjande opplevingar i ungdomstida si. Ford er aldri større som stilist enn når han tar i bruk den munnleg fortrulege, men samtidig litterære tonen som pregar forteljingar som denne, og det er godt gjort av Kranstad å klare å gje ho att på norsk.

Denne novella heiter «Sjalu» og handlar om ein sytten år gammal gut som bur saman med far sin i den vesle bygda dei flytta til etter at foreldra gjekk frå einannan. Han er ein forsiktig kar som ikkje har det travelt med å starte sitt eige vaksenliv; han blir heller ein slags observatør av livet faren lever. Saman med tanta si drar han av garde for å vitje mora, og etter uventa å ha blitt utfordra til å tenkje sjølv, hamnar han heilt tilfeldig i ein dramatisk situasjon. Desse erfaringane blir grunnlag for nye refleksjonar og gir truleg livet hans ei ny retning.

Både den første og den siste novella handlar om vaksne, velståande amerikanske menn på vitjing i Paris. Hovudpersonen i «Skjørtejegeren» er i Europa for å selja eksklusivt papir til lærebokforlag, og han blandar seg inn i livet til ei kvinne han ikkje eingong er viss på om han liker, og utan å vera klår over kvifor han gjør det. I «Oksidentalere» møter vi ein mann som har skrive ein ikkje heilt vellukka roman, men som eit fransk forlag like fullt har fatta interesse for. Forleggjaren reiser frå byen like før han kjem, og han må tilbringe tida der saman med den nye kjærasten sin, noe han ikkje berre er glad for.

Ford omtalar desse mennene konsekvent med etternamn, og demonstrerer på denne måten ein distanse i tillegg til den distansen ein forfattar vanlegvis har til personane sine. Både Austin og Matthews har levd nokså beskytta; dei har solid, konservativ familiebakgrunn og god økonomi. Verda har aldri tvinga seg innpå dei, og når kona til Matthews reiser frå han og tar med seg den vesle dottera deira, lager han litteratur av det. Også desse får trygg-leiken sin øydelagt av uventa hendingar. Dei blir tvungne til handling på ein måte dei aldri hadde tenkt seg, og er ikkje heilt dei same etterpå.

I alle bøkene sine skriv Richard Ford om menn. Han skriv om unge menn og tilhøvet deira til foreldra, og han skriv om vaksne menn med born, koner, ekskoner, kjærastar og kameratar. Og han skriv om desse relasjonane på ein måte som får det til å sjå ut som om det også er menn han først og fremst vender seg til. Når denne boka likevel har fått tittelen Kvinner med menn,er det nok fordi kvinnene som hovudpersonane har med å gjøre, er meir handlekraftige enn dei er sjølve. Mens mennene er avventande til kva lagnaden har å by på, er kvinnene aktive og peiker ut retninga både for seg sjølve og mennene. I det første avsnittet av «Sjalu» oppfattar hovudpersonen denne haldninga hos faren: «Vi veit ikke alt som er verdt å vite. Det er mer orden på livet enn det virker som. Vi får bare følge med.» Tanta hans seier derimot: «Naturligvis er det ikke hva som skjer som betyr noe, men hva du gjør med det som skjer».

Eg håper mange vil gi seg tid til å lesa denne boka. Eg håper også at Bård Kranstad vil bli beden om gi fleire av Richard Fords bøker norsk språkdrakt. Det ville vore spesielt artig å sjå kva han hadde fått ut av Wildlife.

Steinar Lillehaug

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |