Dag og Tid nr. 45, torsdag 5. november 1998

Bøker:
Vinking og drukning, liv og litteratur

Hovudpersonen i Anne B. Ragdes nye roman vinkar mye, men druknar for lite, skriv Steinar Lillehaug.

Anne B. Ragde
Jeg vinket ikke, jeg druknet
Tiden


Dei fleste som har bladd seg gjennom ein antologi over engelske dikt frå dette hundreåret, vil ha funne diktet Not waving but drowning av Stevie Smith. Dette diktet fortel at folk kan vera svært fortvila sjølv om dei ser aldri så muntre ut, det kan rett og slett gå på livet laus. Anne B. Ragde har funne tittel til den nye romanen sin i dette diktet, og ho gjengir det òg som eit slags motto. Slik opnar ho for at vondskapsfulle bokmeldarar kan skrive at da er det iallfall ei side god litteratur mellom permane. Men det er heldigvis meir å gle seg over i boka.

Hovudpersonen er ein forfattar som har skrive bøker som liknar veldig på dei Anne B. Ragde har skrive. Ho heiter Emma, og det er jo nesten Anne, dersom ein les namnet baklengs. Ein skilnad mellom dei er at Emma har tatt seg skrivepause, noe Ragde neppe kan ha hatt tid til. Emma har fått seg ein kjærast som er journalist i TV2, og ho har reist til Bergen for å vera saman med han. Ein dag tar ho seg ned til sjøkanten og møter eit underleg par som dreg ut frå land i to små gummibåtar, og det er ein av desse som vinkar først og druknar etterpå. Han blir funnen, men ikkje identifisert, og slik det bruker å vera i kriminalromanar, blir hovudpersonen interessert i å finna ut kva som har skjedd. For Emma er det ikkje ønsket om rettferd som er drivkrafta; ho har funne ei god historie, og ho vil dessutan veta kvifor partnaren til den omkomne viser seg å vera så sint på ho, når slumpen naturlegvis får dei til å møte einannan like etterpå.

Ragde vil bruke boka til å dramatisere sentrale tema for dagens kunstnarar og intellektuelle. Ein krangel om ansvaret til forfattarar og journalistar i ein situasjon der andre er i fåre, får Emma til å bryte med kjærasten, og han heng etter ho gjennom heile boka for å gjøra det godt att. Når ho skal løyse gåta som gir nerve til romanen, tek ho seg fram blant horer og fyllikar i Vestlandets hovudstad og prøver å seia noe om tilhøvet mellom liv og litteratur. I og med oppklaringa blir dette tilhøvet verkeleg sett på spissen, og for denne lesaren blei dette sjølve rosina i romanpølsa.

Det er interessant at Ragde har valt å skrive om ein forfattar som er så lik ho sjølv. Utsegner i boka kan få det til å sjå ut som om ho ønskjer seg ei utvikling frå skriving som eigenterapi og fram til skriving som ansvarleg, kanskje politisk, handling. Og det er jo faktisk slik at Ragde har gjort det til ein spesialitet å skrive om sterke kvinner som ikkje vik attende for utfordringar, samtidig som romanane ikkje har fått den heilt store gjennomslagskrafta. Dette kan henge saman med gjennomføringa, men det kan også ha noe å gjøra med at det kanskje ikkje er i isødet og i kjønnslivet at vi møter dei mest sentrale og engasjerande problema i samfunnet vårt. Eg synest at denne romanen er den beste Ragde har skrive. Likevel er det også i denne boka noe som manglar i gjennomføringa. For å ta utgangspunkt i tittelen, kan ein seia om Emma at ho vinkar mye, men druknar for lite. Sjølv om det er lagt vekt på at boka skal vera underhaldande, og det er ho òg, så har hovudpersonen fått djupt alvorlege problem å hanskast med. Eg skulle gjerne sett at forfattaren hadde late ho ta dei meir inn over seg. Anne B. Ragde har ein tendens til å sende heltinna på bar når det blir for stritt, og det fritar ho frå både smerte og refleksjon. Men når ho opptrer så skånsamt mot hovudpersonen, får heller ikkje lesaren oppleve det engasjementet og den smerten som kunne blitt han til del.

Det er godt driv i forteljinga, men likevel for mange slappe avsnitt. Det er så mange litterære allusjonar her at det nærmar seg koketteri; i store delar av boka mistar ein av syne den viktige grunnen til at Ragde faktisk har valt ein forfattar til hovudperson. Dessutan har ho ein tendens til å overdrive bruken avverkemiddel. Til å byrje med er det artig når ho gjentar ord frå replikkar og skriv dei lydrett for å understreke det bergenske, men etter kvart blir det for mye av det gode. Og eg blir iallfall lei alle meldingane på telefonsvararen hennar. Ein skal vera varsam med å blande hovudperson og forfattar, også når det blir lagt opp til det slik Ragde gjør. Eg vel likevel å tolke signala i denne romanen slik at Anne B. Ragde tenkjer å ta på seg større utfordringar i skrivinga si framover, og det må vi ønske ho lukke til med.

Steinar Lillehaug

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |