Dag og Tid nr. 42, 15. oktober 1998

Herbjørn Sørebø:
Kraftlaust demokrati

Ei av dei fine smilesogene frå den politiske arenaen fortalde Kjartan Rødland i nekrologen han skreiv i Bergens Tidende då det vart meldt at Sjur Lindebrække var død, nær 90 år gammal. Sjur Lindebrække vart fødd på Voss, og den første barnepika hans heitte Gurid Almenningen. Dei to møttest att då dei begge var valde til Stortinget, ho for Arbeidarpartiet, han for Høire. – Ver snill med han Sjur, sa Gurid. – Han var slik ein god gut!

Det var mykje mot sin vilje Sjur Lindebrække vart vald til Stortinget i 1945. Han var ikkje medlem i Høire, og han prøvde å bli friteken etter Grunnlova for å stå på lista fordi han arbeidde i Erstatningsdirektoratet og slik han såg det, ikkje kunne veljast, men det arbeidet han hadde berre mellombels, vart ikkje godteke som god nok grunn til å nekte. Den gongen sa bergensarane – og det var meir enn ein skjemt – at Høire sende ein venstremann til Stortinget, Venstre ein høgremann. Sjur Lindebrække melde seg inn i Høire først i 1949, men då hadde han sjølv skrive partiprogrammet. Dr. juris. Sjur Lindebrække avanserte til banksjef i Bergens Privatbank i 1959, seinare styreformann til 1976, og han stod for samanslåinga av Bergens Privatbank og Bergens Kredittbank til Bergen Bank. I 1962 vart han vald til formann i Høyre (Høgre), og det ville vere underleg om ikkje mange ved båra hans tenkte på dei politiske visjonane han hadde.

Først på 60-talet svinga oppslutnaden om Høgre mellom 15 og 20 prosent. Det var så reint for lite for Sjur Lindebrække. Han ville skape eit romsleg, sosialt og liberalt parti i sentrum av norsk politikk, eit parti som svara til det kvar tredje veljar ville ha, og som han sjølv ønskte seg så sterkt. Dette brann han for, og han var ein eldfull folketalar som knytte ei språkleg 17. mai-sløyfe både om partiet og landet. Den lina han arbeidde etter, fekk tilslutnad. Her skal berre nemnast John Lyng og seinare Erling Norvik, mannen som stod i brodden då Høgre svinga seg opp til det 30-prosents-partiet som Sjur Lindebrække drøymde om.

Hadde nokon fortalt at ei barnepike frå Arbeidarpartiet hadde bede pent for Jan Pettersen som Gurid Almenningen gjorde for Sjur Lindebrække fordi «han var slik ein god gut», ville ingen ha sagt at det ikkje kunne vere sant. Jamvel av motstandarane blir høgreleiaren omtala som ein grei kar, og folk flest har inntrykk av at han er ein ærleg politikar som ikkje driv med fantestrekar. Men kvar er visjonane hans? Er det berre mindre skatt og sal av statsaksjar han brenn for? Og kvar har partiet gjort av dei som har høgre hugmål? Inge Lønning, javel, men han får visst berre høyre at han driv på og samlar røyster til Framstegspartiet, intellektuell som han er. Vart visjonane til Sjur Lindebrække gravlagde med han?

Alle veit at Arbeidarpartiet og Høgre har eit felles ønske, sterkast i Høgre, og det er å få sentrumsregjeringa bort. Høgre vil få Carl I. Hagen nøytralisert og isolert. Men hittil er det ein kraftlaus opposisjon i eit kraftlaust demokrati vi har sett. Høgre likar ikkje framlegget til statsbudsjett, og partiet er i ein nøkkelposisjon, men alternativet er å gjere Thorbjørn Jagland til statsminister att. Det er, som det blir sagt, som å velje mellom arsenikk og blåsyre, eller kanskje meir treffande mellom pest og kolera. Høgre skal berre vite at ein meir maktfullkommen posisjon kan Carl I. Hagen aldri få enn den han har nå, som vernar av ei mindretalsregjering han kan presse så langt at det må føre til sjelenaud for veljarane til dei tre partia ved kongens bord. Så lenge Høgre diltar etter Carl I. Hagen slik det har gjort, kan ikkje partiet peike seg ut ein skikkeleg motstandar ein gong. Ser Høgre nå at det er verre enn å vandre i dødsskugge-dalen?

Herbjørn Sørebø

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |