Dag og Tid nr. 37, 10. september 1998

Helgheim:
Eit liv etter døden

Mykje har blitt sagt om Morgenbladet på 179 år. Ein gjengangar er at avisa er det endelege provet på at det finst eit liv etter døden. Av eldre dato er det faktum at det er den einaste norske avisa Karl Marx (1818-83) har lese. Han let vel om produktet. Kva han ville ha sagt om avisa i dag, er ikkje godt å vite, men det spørsmålet gjeld for fleire organ, ikkje minst eit som ein gong hadde bilete av Marx i avishovudet. I Morgenbladet kunne han i alle fall ha slumpa over ein artikkel eller eit ordskifte om seg sjølv.

Når Morgenbladet no etter eit tabloid drygt tiår vender attende til gammalt stort format, prikkar det i den nostalgiske hjernen, og CCs gamle avis stig fram for det indre blikket. Som politisk organ var det i vårt tidlege minne ei reaksjonær avis du kunne stole på. Ikkje danna, utvatna konservativ, men skikkeleg mørkeblå, akkurat som bladet Farmand, som vart fast lektyre etter at eg kom til hovudstaden for ein mannsalder sidan. Ei medverkande årsak var at redaktør Hoff var den einaste som skreiv sakkunnig om piperøyking då den sporten var kultur. Men også godt skrivne reaksjonære artiklar er ei fryd å lese – kva hadde prosalitteraturen vore utan Nils Kjær?

Ikkje for å samanlikne, men ingenting var som dei store antroposofi-debattane i Morgenbladet. Og over dei alle heva Idar Aarheim seg, den gamle ABC-redaktøren som med forakt for alle middelmåtige undermenneske dyrka Nietzsche, og då snakkar vi ikkje om kva Nietzsche som helst, men han som lovsong krigen som eit «renselsens bad». I denne avisa kunne vi også lese om sosieteten, dvs. diplomatiet, der Ingegerd Galtung cocktail-oppdaterte oss punktleg om siste nytt frå Inkognitogata og ambassadør-stroka utanfor. Men vi kan ikkje sleppe fordums Morgenbladet utan eit namn til.

For det var her Stein Mehren dei siste CC-åra skreiv sine store essay før dei kom i bok. I natt har jeg våket over mitt liv og andre klassikarar gjekk kvar for seg over fire tettpakka gamle avissider, og det var berre å finne ein avkrok av eit bord på næraste skjenkjestove og la resten av verda segle sin eigen sjø. Eg trur det var slike sjeledykk som gjorde livet til å halde ut i ei tid då dei var like lite politisk korrekte som å høyre på The Modern Jazz Quartet fordi dei gjekk i smoking – for ikkje å snakke om Frank Sinatra eller Dean Martin...

Etterpå har avisa gått gjennom ein del fasar vi ikkje skal dvele lenge ved. Geelmuyden-perioden var eit heltemodig, men dødsdømt forsøk, det politiske harry-regimet til Hroar Hansen ei katastrofe. Det noverande weekend-regimet har med hyppige interne palassoppgjør vakla av garde i fem år i eit slags postmodernistisk bukkeritt det ikkje har hattstyring på, delvis i trua på at mange ord er synonymt med ånd. Slik er det som kjent ikkje, i alle fall ikkje når dei mest maniert urbane fører tastaturet. Den mest kjende av dei er med på å fronte ny-lanseringa med ein eigen «samfunn»-seksjon attåt kulturdelen, men vi bør alle få ein sjanse i ei tid då dei som ikkje ligg i den same halen etter politikarane, svermar i dei same korridorane eller går på vift i dei same salongane, har ein historisk misjon.

Denne flokkferda har i dagane etter Bondeviks kollaps nådd parodiske høgder. I alle kanalar har vi sett og høyrt dei, svermande som bier rundt regjeringsmedlemmer som på veg inn eller ut av hus eller køyrety seier at vi har ikkje noko nytt å melde, men livet går sin gang og regjeringa er i rute – og alt blir køyrd i reprise i radioens politiske kvarter som intro til det hundre og n'te ordskiftet eller innslaget med absolutt null i innhald.

Ein dag stod den pompøse Lars Sigurd Sunnanå i dramatisk positur framfor regjeringsbygget (kamera nedanfrå og opp) og fortalde at her inne sit regjeringa i budsjettforhandlingar, men vi veit enno ikkje noko. Er ikkje det ein vanleg dagsorden for ei regjering i innspurten til statsbudsjettet? Kva nytt fekk du høyre eller lese om den politiske situasjonen denne veka?

Godtfolk, dette er ikkje til å halde ut. Enten må dette systemet styrtast i grus. Eller så må vi finne på noko anna. Uansett format.

Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |