Dag og Tid nr. 35, 27. august 1998

Bøker:
Om kampen mellom mann og kvinne

Marokkanaren Tahar ben Jelloun har laga ein tankevekkjande roman, som òg er ein viktig politisk manifestasjon.

Tahar ben Jelloun:
Den gale natten
Omsett av Kari og Kjell Risvik
Cappelen

Det er skrive mange romanar om kampen mellom menn og kvinner, og sympatien til forfattarane har for det meste vore på kvinnene si side. Draumar og magi har også ein plass i litteraturen, og når slike krefter har blitt blanda inn i kjønnskampen, har det som regel vore kvinnene som har hatt nytte av dei. Dette kjenner vi til heilt frå den eldste litteraturen og til i dag.

Den gale natten heiter den fjerde romanen på norsk av marokkanaren Tahar ben Jelloun. Slik det blir framstilt i boka, er dette ei natt der ein ikkje må elske med kvarandre, ettersom det vil kvile ei forbanning over dei ungane som måtte bli resultatet. Sjølvsagt blir hovudpersonen Zina fødd etter eit slikt samleie, og som om ikkje det er nok, døyr bestefaren hennar, sjølvaste patriarken i familien, i same augneblinken som ho kjem til verda. Ho får ikkje den velsigninga ho skulle hatt, og dei første dagane sine lever ho i eit hus som er sterkare prega av sorga over den avlidne, enn av gleda over den nyfødde.

Hemnmotiv

Den første delen av denne romanen er ei skildring av oppveksten til ei ung jente, så realistisk som det er mogleg når ein også har å gjøra med ånder og magi i ulike former. Faren må ta med seg familien og flytte til storbyen Tanger etter å ha blitt sviken av kompanjongen sin. Zina veks opp og blir kjent med kjønnslivet slik unge jenter skal gjøra, iallfall i romanar. Ho er fascinert av evna til å bruke det gode og det vonde auget til å påverke andre, og lever eit liv som er nokså fredeleg, når ein tenkjer på kva utgangspunkt ho hadde. Så kjem ho i ein situasjon der ho blir seksuelt misbrukt og fornedra utan høve til å forsvare seg, og denne hendinga pregar ho så sterkt at ønsket om hemn skyggjer over alt anna for ho.

Etter at dette har skjedd, endrar romanen karakter. Ho drøymer om ein skrivar som får den eine handa hogd av etter å ha prøvd seg på elskarinna til sjefen sin. Den avhogde handa tek tak i forteljingane til Zina, som på denne måten går over frå å vera eit menneske av kjøtt og blod, til ei blanding av kvinne og legende. Fleire forteljarstemmer kjem inn i romanen, kronologien blir borte, og den blir meir som ei samling historier. Lesaren må setja ned tempoet, dersom han vil henge med.

Frå no av handlar boka om hemnen til Zina. Fem mannfolk blir plukka ut, og det ser ut som om det skjer nokså tilfeldig. Fire kvinner som alle har fått stygg behandling av det motsette kjønnet, blir hjelparane til Zina, og den som får jobben å fortelja om det som skjer, er den uheldige skrivaren.

Det er ein tankevekkjande roman Tahar ben Jelloun har skrive, og Kari og Kjell Risvik har gitt han ei god norsk språkdrakt. Eg trur ikkje mange mannlege forfattarar her til lands ville gitt seg i kast med eit slikt prosjekt: Ikkje berre skape ein kvinneleg hovudperson, men attpå til gjøra hennar rettferdige hemn over mannekjønnet til eit viktig tema i boka.

Anti-autoritært

Skulle noen etter dette tru at forfattaren er ein slags marokkansk Fay Weldon med skjegg, så viser det seg etter kvart at dette ikkje er tilfelle. Dei fem mennene som blir råka av raseriet til Zina, er svært ulike typar. Eit par av dei er slike som sjølv ein middels mannsgris gjerne unner ein smekk over kjønnsorganet, mens dei som ikkje heilt har gått inn på premissane til hovudpersonen, nok vil føle ein viss sympati for dei hine. Ein av dei, Salim, tek opp kampen. Han ser korleis kameratane har blitt forvandla til skuggar av seg sjølve etter møter med Zina og hjelparane hennar. Han har på si side aldri hatt vondt i sinne; det heiter i boka at han berre hadde søkt kjærleiken, men det han hadde funne, var eit mareritt fullt av vald og raseri.

Salim leitar opp Zina i ein liten landsby der ho nærmast har helgenstatus. Han blir overmanna (eller -kvinna) og det er så vidt han kjem seg fri. Neste steg for han blir å komma seg vekk for å styrke seg, ettersom han har innsett at kvinna er sterkare enn mannen, og det er feigskapen hos mannen som er skyld i dette.

Den grunnleggjande haldninga i denne romanen er anti-autoritær. Zina nyttar alltid det vonde eller det gode auget i beste meining, og det er gode grunnar for det kvinnelege opprøret ho blir representant for. Når hemnen hennar rammar alle menn uansett kva dei representerer, blir det likevel riktig å kjempe mot. Ben Jelloun samanliknar med islamsk fundamentalisme – fleire stader heiter det at religionen ikkje likar spøk, og gjennom den oppdikta Salim trekkjer han inn den dødsdømde Salman Rushdie. Dette er kanskje ikkje så heldig for komposisjonen av romanen, men ein viktig politisk manifestasjon frå ein viktig forfattar i den arabiske verda.

Norske forleggjarar har blitt flinke til å presentere bøker frå ulike delar av verda, og i tillegg til det litterære utbyttet, får lesarane høve til å gjøra seg kjent med sider ved kultur og folkeliv på fjerne stader. I denne romanen spelar byen Tanger ei viktig rolle, og han er teikna svært levande. Det er dessutan fint at det er med ordliste som forklårer omgrep lesaren elles ville ha problem med å forstå.
Steinar Lillehaug

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |