Dag og Tid nr. 30, 23. juli 1998

Bokmelding:
Fedrar og søner

Eg trur at dei fleste som er opptatt av samspelet mellom generasjonane og kva som gjør at vi blir dei vi blir, vil finna mye å tenkje på i Paul Austers tekst “Portrett av en usynlig mann”.

Paul Auster:
Ensomhetens grunn
Aschehoug


Det er noe gammalmodig over sjangeren "memoarar". Her til lands må ein på det næraste vera ferdig med livet før ein set noe slikt på papiret. Ei tid var toppidrettsfolk unntak frå dette -- dei fekk gjerne hjelp frå journalistar til å skrive ned det dei hugsa frå karrièren sin før folk flest gløymde dei, men dette var før dei kunne tene pengar medan dei heldt på.

Andre stader har dei andre litterære tradisjonar. I USA er det ikkje uvanleg at unge forfattarar nyttar eige liv som råstoff for skrivinga si, og dette gjeld ikkje berre rein fiksjon, men også meir sakprega litteratur. "Memoirs" er ein sjanger som blir tatt på alvor, og ein kan finna mange fine tekstar av dette slaget. Eitt døme er dei sjølvbiografiske bøkene til Tobias Wolff, som er omsette til norsk etter som dei er komne ut.

To personlege tekstar

Men denne gongen handlar det om Paul Auster. Her hos oss er han mest kjend for romanane sine, og mange har nok også gledd seg over filmane Smoke og Blue in the face som han har skrive manus til. Dei første prosastykka han gav ut i bok, er nå gitt ut på norsk under tittelen Ensomhetens grunn. Boka inneheld to personleg prega tekstar, og i alle fall den første av desse er av memoartypen.

Den heiter "Portrett av en usynlig mann", handlar om far til forfattaren, og blei skriven rett etter at han var død. Det som driv Auster til å skrive, er ikkje sorg, og han ønskjer heller ikkje å få fram for omverda kor storarta denne mannen var. Han seier sjølv at "Det var noe annet som foruroliget meg, noe som hverken hadde med dødsfallet eller min reaksjon på det å gjøre; nemlig erkjennelsen av at faren min ikke hadde satt spor etter seg."

Sideblikk

Og da vil lesaren måtte spørja: Korleis kan ein son seia slikt om far sin? Er han den som best kan sjå kva spor faren har sett? Og teksten kjem da også til å handle like mye om forteljaren som om den han fortel om. Sjølvsagt skriv han om faren slik han sjølv såg han, og når han skriv om han, skriv han også om sin eigen lengt etter han og om trongen til å avsløre løyndommane til faren; løyndommar som også har vore med på å prege han og livet hans. Samtidig har han eit sideblikk til sin eigen son, den neste i rekka.

Sann tekst

Denne teksten er gripande ut frå det han handlar om, og han er interessant som litteratur fordi han set på spissen skiljet mellom fiksjon og sanning. Sjølv om forfattaren vil skildre røyndommen, kan det godt hende at ein annan ville drege andre slutningar frå dei same fakta. Men at teksten er sann, er det ingen grunn til å tvile på, så lenge engasjementet til den forteljande sonen er så sant og ekte. Eg hadde stor glede av å lesa om den usynlege mannen, og eg trur at dei fleste som er opptatt av samspelet mellom generasjonane og kva som gjør at vi blir dei vi blir, vil finna mye å tenkje på her.

Gaper over for mykje

Men del to, "Minnenes bok", gav meg ikkje like mye. Denne teksten er meir som eit tradisjonelt litterært/filosofisk essay, samtidig som den personlege tonen til forfattaren framleis er til stades. Han skiftar frå første til tredje person og trekkjer inn fleire ulike tema. Tilhøvet mellom far og son er sentralt også her, og sjølv om han først og fremst presenterer seg som far, er det sonens erfaringar som er det viktigaste temaet. Han skriv også om opplevingar han har som jøde i Vesten med jødeforfølgingane tett innpå seg, og han er opptatt av tilfeldigheitene og den rolla dei spelar i liva våre.

Eg klarer ikkje heilt å setja fingeren på kvifor eg ikkje blir så interessert i dette essayet. Kanskje gaper forfattaren over for mye. Han klarer iallfall ikkje å leggje for dagen eit like sterkt engasjement som han gjør i den første teksten. Noe av det blir også i særaste laget. I romanen Moon Palace er han også inne på tilfeldigheitenes spel, og det gjør sitt til at romanen blir original og spennande. Kanskje er det slik at dette temaet ikkje passar like godt i sakleg prosa? Eller er Auster rett og slett betre når han skriv romanar og personlege essay, enn når han prøver seg som teoretikar?

Det er Knut Ofstad som er omsetjar, og han har som vanleg gjort ein god jobb. Men han må ha hatt eit problem med tittelen. The invention of solitude heiter originalen, og slik eg ser det, burde han nok ha halde seg unna ordet "ensomhet". Ingen av tekstane handlar om dei vonde kjenslene ein tenkjer på når ein hører om einsemd. Det er enklare på engelsk, der ein skil mellom "loneliness" og "solitude", men det skulle vore muleg på norsk òg, å finne ein tittel som betre dekkjer innhaldet.

Steinar Lillehaug

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |