Dag og Tid nr. 27, 2. juli 1998

Bøker:

Ein skarpsindig og intellektuell luring

Halvdan Magnus Hansen er kanskje ein framtidig kultforfattar, skriv Hadle Oftedal Andersen.

Halvdan Magnus Hansen:
Utan å ta metermålet fram
Samlaget

Halvdan Magnus Hansen er ein vaksen debutant, fødd i 1953. Og det kan godt vera sant som det står i baksideklisjeane, at han er «formsikker og belest». Men det som først og fremst slår meg, er at me har å gjera med ein skarpsindig og intellektuell luring. Meir analytisk enn lyrisk, eigentleg. Og med ein underfundig humor eg meir anar enn forstår:

Den lystige enka kjem
Kroppen hennar syng
Ho smiler under kjolen
Eg blunkar til ho
Ho kjem til meg
Vil ho ete meg?
Enka, enka!
Eg spring til han kloke bror min
Har du peiling på naturvitskapane, gut?
Seier bror min med høg klar røyst
Du må vere budd skal du leike med kvinnfolk
Bror min ler og les
Går og ler mens han les

Programdikt

På denne måten framstår Hansen i dei mest markante og sjølvstendige dikta i denne boka, som ein forfattar som stiller opp litt halvskeive dikt som ikkje byr fram klare svar, men som har eit eller anna med humor og det å ha og ikkje ha ein ståstad i verda å gjera.


Me merkar oss at diktet inneheld ei dobbel rørsle. Det gåtefulle ein ikkje heilt fattar, altså enka, kjem imot. Samstundes går det kjende og det som har svara, altså broren, bort. Og det er nett der, idet det sikre glir bort, at låtten og skrifta manifesterer seg. Broren «går og ler mens han les». Og med det dunkle orakel-svaret hans står ein att med ei innsikt om det ein ikkje har innsikt om, nemleg «kvinnfolk».

Slik blir dette diktet til eit slag programdikt, fordi det sirklar inn noko av det eg oppfattar som vesentleg for denne diktsamlinga: Gjennom boka veks det fram eit portrett av eit eg som er strekt ut mellom det sikre og det usikre. På eine sida har han ikkje fast grunn under føtene, men på same tid veit han òg eit og anna om kor han står, anten han ser enka komma imot seg eller han sit på toget og ser tre personar stå ved ein planovergang. Det er med andre ord ei mogen og vel fundert visse om det uvisse me møter her, og som på ein svært inntagande måte løyser seg ut i ein behageleg tryggleik.

Og eg må seia eg likar dette. Småmorosamt, kjekt og uforståeleg som møtet med ja, ei frekk enke kanskje? Ein debut som lovar noko, når forfattaren får betre grep om diktsamlinga som sjanger og får rein-dyrka humoren sin (dikta om sex er til dømes ganske håplause, fordi dei er så preglause i sitt poetiske alvor). Kanskje ein framtidig kultforfattar.

Hadle Oftedal Andersen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |