Dag og Tid nr. 27, 2. juli 1998

Bøker:

Eit nasjonalt angiveri

Trond Bergh og Knut Einar Eriksens mammutverk om «Den hemmelige krigen» dokumenterer eit nasjonalt angiveri utan sidestykke. Innsynet i den paranoide tenkinga til det norske overvakingsvesenet er hovudstyrken til verket, skriv Roald Helgheim.

Trond Bergh og
Knut Einar Eriksen:
Den hemmelige krigen
Overvåking i Norge 1914-1997
2 bind, 1132 s.
Cappelen Akademisk Forlag

I 1951 vart løytnant Per Edvard Danielsen, son til sjefen for Sjøforsvaret, arrestert og sikta for spionasje for Sovjet. Påstanden var to års fengsel for den høgt dekorerte offiseren, som gjorde teneste i marinen under krigen, og som var med i dei første norske frigjeringsstyrkane som kom til Aust-Finnmark i 1944. Det var her han kom i kontakt med russarane. Etter krigen vart han i 1948 medlem av NKP og formann i Vestkantlaget i Oslo i 1950, og arbeidde i Norsk Sjøkartverk. Ein sovjetisk marineattaché, Sokolov, hadde vanka i heimen hans, og seinare hadde han fleire «konspirative» møte med Sokolovs etterfølgjar Vladimir Koshlev.

Nederlaget

Det enda med full frifinning, men overvakinga av han heldt fram til 1992 (!), då han vart prioritert ned til ei såkalla «obervasjonssak». Saka er omtalt i Trond Bergh og Knut Einar Eriksens nyleg utkomne mursteinsverk Den hemmelige krigen, og har som forfattarane skriv «flere interessante sider». Frifinninga var eit stort nederlag for eit overvakingspoliti som enno ikkje hadde gjort den store spionfangsten. Men kva var det som gjekk gale? Det var strid mellom overvakingspolitiet og Forsvarets Etterretningsteneste om opplegget. E-staben ville vente med å gå til aksjon, men då Christian Christensen – seinare kjend som CC og redaktør av Morgenbladet – møtte Asbjørn Bryhn 12. april 1951, fekk han vite at regjeringas tryggjingsutval hadde bestemt at Danielsen skulle arresterast straks. E-staben var i harnisk, CC gjekk til justisminister O.C. Gundersen, som stod på sitt. Av preventive omsyn måtte Danielsen takast før spionasjen fekk større omfang. «Ikke minst usikkerhetsmomentet med at P.D. en dag kunne få fatt i 'gulleget' hjemme hos sin far», som statsråden sa det, spela inn. Om det kom for ein dag at styresmaktene brukte provokasjonsmetoden og let ein mistenkt gli «dypere inn i forbrytelsen», ville det bli skandale, står det i ein rapport.

Lærdommen

Men lærdommen til overvakingssjefen etter fadesen var at ein først og fremst måtte få gode nok prov. Denne lærdommen har spionjegerane sidan forvalta på ymse vis, men det historiske dømet i vår tid er Treholt-saka. Der slapp ein lenge overvaka og spionmistenkt statstenestemann inn på Forsvarets Høgskole fordi dei enno ikkje hadde nok på han – å gripe inn før kunne øydeleggje plottet. At reven slapp inn i hønsegarden og fekk gjere meir skade, var prisen ein måtte betale.

Denne tenkjemåten hadde også mykje å seie i overvakings-saker som etter tiår med spaning ikkje førde til noko. Eitt døme som har kome i fokus etter lanseringa av boka, er Knut Løfsnes, ein av dei mest overvaka personane etter krigen. Overtydinga om at han var ein vaskeekte spion var så sterk at dei var innstilt på å jage han kor lenge det skulle vere. Når dei ikkje lukkast, var det fordi han ikkje var spion, men ein politisk idealist, som dreiv solospel andsynes både NKP, Sovjet og DDR som vekte sterke reaksjonar også i Sosialistisk Folkeparti. Saman med Sigbjørn Hølmebakk høyrde han til den mest kommunistvenlege fløya i eit parti der også antikommunismen stod sterkt. Medieoppstyret no har kome etter påstanden om at han vart overvaka av ein av sine eigne, stortingspolitikaren Asbjørn Holm. Ein kan ha forståing for reaksjonane, men ein del gamle SF-arar som har uttalt seg, gløymer det historiske skismaet som til slutt førde til at Løfsnes gjekk ut av SF.

Lærdomens offer

Men for oss er saka eit døme på korleis Løfsnes, lik tallause andre spionmistenkte med mistenkjelege politiske kontaktar, vart offer for ei overvakingsteneste som etter Danielsen- og Ingeborg Lygren-skandalen gjorde alt for å få fast spionfisk i garnet. «Overvåkingen av Løfsnes og mange andre personer på venstresiden som var overvåkingsobjekter gjennom flere tiår, faller i hovedsak inn i det norske mønsteret... I hovedsak ble behovet for fellende bevis viktigere enn behovet for inngrep som eventuelt kunne skremme og vekke både objektet og de utenlandske kontaktene», skriv forfattarane.

Viktig verk

Det 1100 siders tobindsverket Den hemmelige krigen er skrive etter initiativ frå Justisdepartementet under regjeringa Jagland, som i 1993 ville ha ei undersøking av «norske overvåkings- og etterretningsmyndigheters samarbeid med bl.a politiske organisasjoner/miljøer i etterkrigstiden». Forfattarane presiserer at det er eit faghistorisk verk, ikkje ei rettsleg gransking som Lund-kommisjonens arbeid. Målet har vore å få fram mest mogleg fakta og sjå på dei i lys av den historiske konteksten. Resultatet har blitt historia til den norske overvakingstenesta, med eit endå større kjeldemateriale til rådvelde enn Lund-kommisjonen hadde. Forfattarane har blitt kritiserte for einsidig kjeldebruk, særleg i samband med Løfsnes/Holm-saka. Det bør ikkje skremme nokon frå å lese dette enorme materialet. Ikkje minst kommunistjakta i Nord-Norge har blitt eit endå større skrekk-kapittel enn før.

Nasjonal dugnad?

Men verket er også utmattande lesnad. Avslørt kvar for seg hadde alle aktene medført tusenvis av medieoppslag i mange år. Samla i eitt bokverk er medieomtalen av det over på nokre dagar, med fokus på isolerte saker med eit tabloid blikkfang. Slik har det blitt på eit nittital då nesten alle politikarar har blitt kritiske til den politiske overvakinga. Men den politiske heksejakta i etterkrigs-Norge hadde ikkje vore mogleg utan det store politiske medløperiet som ikkje berre omfatta dei fleste partia, men næringslivet, NSB, post- og televerket, NRK og dei store statsbedriftene, LO og mykje av det organisatoriske Norge. «Denne brede oppslutningen i ulike lag av befolkningen, som i disse årene nærmest tok form av en nasjonal dugnad for landets sikkerhet, var en avgjørende forutsetning for at en så liten tjeneste som det norske overvåkingspolitiet kunne utføre sine oppgaver.»

Unnfallande politikarar

Det er forfattarane sine ord. Men sett i historias lys kan vi også kalle det eit nasjonalt angiveri, der dei folkevalde som skulle kontrollere verksemda heilt frå 1947 av helst såg ein annan veg, om dei ikkje var med på det sjølve. Paradoksalt nok var det Asbjørn Bryhn & Co som i starten gjekk inn for politisk styring av overvakingspolitiet, mens politikarane veik unna. Då Mellbye-utvalet etter eit års arbeid leverte innstillinga si i 1967, gjekk det fem år før Stortinget hadde handsama saka og skipa Kontrollutvalet for overvakings- og sikkerhetstjenesten. Med unntak av pågåande politikarar frå NKP og SV (som Emil Løvlien og Finn Gustavsen) og einskilde svaler som Per Borten og Inger Louise Valle, var den politiske konsensus på Stortinget å ville ha minst mogleg innsyn. Av Mellbye-saka sluttar forfattarane at «denne saken bekrefter således en mer allmenn tendens vi tidligere har observert, nemlig at overvåkingstjenesten selv har hatt et mer liberalt syn enn de offentlige politikerne i spørsmålet om offentlig innsyn».

Arbeidarpartiets ansvar, og Høgre

Slik eg les dette verket, gjer det ikkje Arbeidarpartiet sitt hovudansvar for den politiske overvakinga i Norge mindre. Som statsberande parti i dei avgjerande åra, som NKPs hovudmotstandar i fagrørsla (med Gerhardsens Kråkerøy-tale som det store startskotet), som eigar av statsbedrifter der den politiske registreringa mest systematisk var sett i system, i samrøret mellom A-pressa, POT, DNA og LO på ulike nivå, la regjeringspartiet grunnlaget for den politiske heksejakta. Ny dokumentasjon i verket frå endå fleire av sakas akter og aktørar blir berre dynga på einannan.

Men Høgre står like klårt fram som den ivrigaste støttespelaren, frå John Lyng som i 1948 skreiv boka Forræderiets epoke til sjølvaste C.J. Hambro som same år rapporterte om utdanning av kommunistiske flygarar i Widerøe (!) og elles om kommunistproblemet i Nord-Norge. Dette var den landsdelen der Høgrepolitikarar, -redaktørar og -embetsmenn var mest ivrige i samarbeidet med både Forsvaret, Ap og POT om kommunistjakta. Høires Pressebyrå gav i 1950 overvakingspolitiet eit fullstendig oversyn over alle Høgre-redaktørar, med forsikring om at partipressa stilte seg lojal og garanterte hundre prosent mot «skadelig journalistikk». (Erling Norvik senior og junior, den siste som ung redaktør av avisa Vest-Finnmark, er med).

Open kamp?

Men Høgre kunne aldri bli nokon jambyrdig i faget med partiet som hadde grep om både staten, fagrørsla og mykje av Organisasjons-Norge elles. Men var det lyssky moldvarp-arbeidet i Ap-regi den avgjerande årsaka til at NKPs sterke posisjon særleg i fagrørsla etter krigen vart knust? Forfattarane meiner det var opprustinga av Aps eigen organisasjon. Det gjaldt utbygginga av eit landsdekkjande system av løna partisekretærar, skipinga av partilag på arbeidsplassane, Arbeidernes Opplysningsforbund, dei politiske «lærebøkene» til Haakon Lie og korpset hans m.m. NKP, som allment stod stadig lågare i kurs etter Tsjekkoslovakia i 1948 og utviklinga i aust etterpå, vart først og fremst tatt i open kamp, meiner forfattarane.

Det er ein høgst diskutabel hypotese. Forfattarane meiner at atteroppbygginga av overvakinga frå 1947 ikkje først og fremst var eit nytt trekk i den politiske dragkampen mellom DNA/LO og NKP. Den politiske hovudforklaringa for den store overvakinga serleg etter 1948 var redsla for det politiske trugsmålet utanfrå.

Ei anna forståing står Lund-kommisjonen for: Det var dei samanfallande interessene mellom parti og stat, som gjorde at Ap som statsberande parti tok i bruk alle statens reiskapar i sitt eige politiske prosjekt, med LO som «bærebjelke». Dette meiner Bergh og Eriksen ikkje stemmer med det faktumet at heksejakta i Vesten elles var like sterk, uavhengig av den politiske fargen på regimet.

«At Arbeiderpartiet som regjeringsparti ville bruke de hemmelige tjenester til å kartlegge, overvåke og bekjempe kommunismen, kan således ikke hovedsaklig forklares med at partiet så staten som det politiske hovedredskap. Snarere er det slående at myndighetene oppfattet kommunismen som en sikkerhetstrussel såpass uvahengig av de politiske og ideologiske oppfatninger som konstituerte de normale skillelinjene i politikken.» (Bergh og Eriksen)

Ei nidstong

Denne omtalen har konsentrert seg mest om det første bandet, som handlar om det politiske løpet som eigentleg starta i 1914, som grunnleggjande vart lagt i både Asbjørn Bryhn og Aps politiske eksil i Stockholm og London under krigen, som vart nyorganisert frå 1947 (overvakingspolitiet vart oppretta i 1937), og som frå 1948 starta ei politisk heksejakt utan sidestykke. Det andre bandet som startar i 1955, er ikkje mindre viktig for det. Det gjeld den historiske dragkampen mellom Bryhn og E-sjef Vilhelm Evang, konspirasjonane mot SF og jakta på den nye ml-rørsla. Men uavhengig av forfattarane sine vurderingar er det innsynet i tenkjemåten til den paranoide overvakinga, som vi kan lese med deira eigne ord, som er heile verkets styrke.

I mine auge kan bøkene også lesast som ei nidstong, over ein politisk feigskap som gjorde eit nasjonalt angiveri av eit slikt omfang mogleg.

Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |