Dag og Tid nr 22, 28. mai 1998

Om Aslaug Vaa:
-- Ein ekte poet

-- Eg såg kolossalt opp til Aslaug Vaa -- det gjer eg enno, seier lyrikaren Marie Takvam.

Cecilie N. Seiness

-- At ei kvinne kunne hevda seg som nynorsklyrikar på denne tida fekk enormt mykje å seia for meg, seier Marie Takvam, sjølv nynorskforfattar med ti diktsamlingar bak seg. Førre året kom Dikt i samling.

-- Eg kan mest seia at hadde det ikkje vore for henne, så er det ikkje sikkert at eg hadde vorte forfattar, seier Takvam. Ho debuterte i 1952 med samlinga Dåp under sju stjerner. Då hadde Aslaug Vaa allereie gjeve ut fem diktsamlingar. Dei to kvinnelege nynorsklyrikarane kjende kvarandre ikkje godt, men møttest fleire gonger.

-- Ho var sympatisk, roleg og interessert i at dei som var yngre skulle forstå det ho skreiv, fortel Takvam. Ho hugsar ein gong eitt av dikta hennar hadde stått i avisa. Aslaug Vaa hadde lese det.

-- Ho gav meg ei positiv tilbakemelding. Det gledde meg veldig. Eg såg kolossalt opp til henne -- det gjer eg enno, seier Marie Takvam.

Ein ekte poet

Lyrikaren Helge Torvund, som sidan debuten i 1977 har vore ei nynorsk stemme i norsk lyrikk, har ikkje hatt noko intenst forhold til forfattarskapen til Aslaug Vaa. Namnet Vaa får Torvund til å tenkja på radio.

-- Eg er ein slik som høyrer Ønskediktet, sjølv om det ikkje står høgt i kurs blant kollegaene mine. Stemma til Aslaug Vaa sit i. Dikta hennar har ein naturleg autoritet. Det er ein ekte poet som snakkar, med eit musikalsk språk med fine klangar. Ho har det eg strevar etter å klara sjølv, seier poeten Torvund.

Han ser mange trådar frå Vaa sin forfattarskap til eigen produksjon. Vaa brukar naturen til å uttrykkje ein universell samanheng og eit fellesskap. Det freistar Torvund òg.

-- Me har naturmystikken felles. Når ein les nokre av dikta til Vaa, kan ein ikkje vera sikker på om det er natur, gud eller ein erotisk partnar ho skriv om. Alt går over i kvarandre. Lesaren kan setja sin eigen situasjon inn i dikta.

Vaa har ikkje vore nokon dominerande forfattar for Torvund, men ho har alltid vore der.

-- I nokre av dikta tykkjer eg bodskapen vert for tydeleg. Det poetiske kjem i bakgrunnen. Det gjeld til dømes eit dikt som "Telemarkin", seier Torvund. Han er overraska over at ho skreiv diktet "Å eiga" så tidleg som på 30-talet.

-- Eg har sans for det diktet. Det var tidleg å skriva slikt. Diktet syner at Aslaug Vaa tenkte sitt og var seg sjølv, seier Torvund.

Dårleg samvit

Hans Herbjørnsrud, sjølv telemarksforfattar, seier at for han er Aslaug Vaa både kjend og ukjend.

-- Det er for meg, som eg vil tru det er for mange andre; Aslaug Vaa er ein forfattar som treng å lyftast fram. Biografien hennar kjenner eg til dømes berre i hovudtrekk. Ho har alltid vore der, men ho fortener å stå sterkare i det norske litterære landskapet, seier Herbjørnsrud frå Heddal. Han har gjeve ut fem novellesamlingar, for den siste vart han nominert til Nordisk Råds Litteraturpris.

Det at Vaa har vorte gløymd, har ikkje noko med kvalitet å gjera, meiner Herbjørnsrud. Ho høyrer utvilsamt med til den norske kanon.

-- Det finst ikkje nokon annan lyrikar frå Telemark der telemarkstradisjonen og folkediktinga slår sterkare ut. I den fyrste diktsamlinga gjev ho eit panorama over Telemark. Ein finn ikkje ein diktar som klårare syner landskap og språk. Tradisjonen er merkbar i alt ho skriv, samstundes som ho er svært lokal i diktinga si, er ho òg internasjonal. Kombinasjonen er ikkje uvanleg for forfattarar frå bygdene.

Herbjørnsrud tykkjer dei tre siste diktsamlingane til Vaa er dei aller beste.

-- Ho debuterte seint, som ein mogen forfattar, likevel utviklar ho seg i diktinga si.

Herbjørnsrud trur ei av årsakene til at Vaa har kome i skuggen, har å gjera med at ein annan telemarksforfattar fekk meir merksemd.

-- Tarjei Vesaas steig i denne tida fram som den fremste telemarksforfattaren, seier Herbjørnsrud.

Påminninga om forfattarskapen til Vaa gjev Herbjørnsrud dårleg samvit.

-- Det er nok med meg som med mange andre. Forfattaren Aslaug Vaa burde eg ha lese meir av og kjend betre til.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |