Dag og Tid nr 22, 28. mai 1998

Arvid Torgeir Lie:
-- Ein av dei viktigaste

-- Aslaug Vaa er ein av dei viktigaste norske lyrikarane. Ein skal ikkje samanlikna lyrikarar, men eg synest ho er ein større og viktigare lyrikar enn Tor Jonsson, seier lyrikaren Arvid Torgeir Lie.

OTTAR FYLLINGSNES

Han er ikkje i tvil. Han finn større tyngde i dikta som er att etter Aslaug Vaa enn dei gudbrandsdølen let etter seg.

-- Aslaug Vaa har vore viktig for dei fleste av dei nynorske etterkrigslyrikarane. Kanskje spesielt for generasjonen som debuterte før meg; dei som gav ut bøker like etter krigen. På 60-talet var det stor interesse for lyrikken hennar, men det verkar som om ho er undervurdert og underrepresentert i nyare antologiar.

Dialektprega

Fire år etter at Aslaug Vaa gav ut si siste bok og to år etter at ho døydde, gav Arvid Torgeir Lie ut si første diktsamling, Under fuglens vengjekross. Inspirasjonen og påverknaden frå Aslaug Vaa var sterk. I dag hugsar han ikkje om kritikarane greip fatt i denne likskapen, men i alle fall ein konsulent samanlikna med Vaas dialektprega språk. Men trass i at det gamle telemarksmålet er eit godt utvikla skriftspråk, fann Arvid Torgeir Lie ut at det tilhøyrde fortida.

-- Den framtidige nynorsken kunne ikkje sjå slik ut. Eg måtte berre innsjå det, seier han.

Arvid Torgeir Lie er oppvaksen i gruvesamfunnet Åmdalsverk i Telemark. Han har vore busett i Seljord i mange år, men no seier han farvel til heimfylket. Denne sommaren byggjer han nytt hus i Spydeberg i Østfold.

Stor lyrikar

Trass i at både Aslaug Vaa og Arvid Torgeir Lie var busette i hovudstaden i første halvdel av 60-talet, møttest dei aldri.

-- Eg ønskte å treffa henne, men lukkast ikkje. Ein gong skulle ho vera med på ein litterær kveld i Nordahl Bruns gate, og der møtte eg opp. Men ho kom ikkje. Eg kom heller ikkje så langt at eg skreiv brev til henne. I dag angrar eg på at eg ikkje tok kontakt. Det verkar som om ho var eit både venleg, ope og livleg menneske.

I 1963 kjøpte den unge studenten frå Telemark si første diktsamling. Det var Aslaug Vaas Bustader.

-- Eg hadde lese dikta hennar i tidsskrift tidlegare, men då Bustader kom, var det ei samling som eg måtte ha. Lie er ikkje redd for å slå fast at Aslaug Vaa er ein stor lyrikar når ho sameinar filosofen og poeten i seg. Diktet "Å eiga" er eit døme på det.

-- Aslaug Vaa er stor også når ho knyter an til den uttrykksforma ein finn i folkediktinga, slik ho gjer i "So rodde dei fjordan" og i fleire andre dikt. Ho hadde det internasjonale perspektivet i tillegg til det nasjonale. I "Vaka og vente" og "Duva og dropen" er tematikken internasjonal, men formmessig er ho knytt til den folkelege diktinga. I fleire diktsamlingar sameinar ho poeten og filosofen i seg, men etter mi meining kjem dette aller tydelegast til uttrykk i den siste samlinga, Bustader. Av Vaas diktsamlingar er det den eg oftast vender tilbake til. Bustader var til stor inspirasjon då eg heldt på med den første diktsamlinga mi. Ja, ho var godt på veg ein føresetnad for den første boka mi. Eg vart svært fascinert av det dialektfarga språket til Aslaug Vaa, og eg tok det med meg i dei første dikta mine. Dessutan var eg fascinert av måten ho nærma seg det religiøse og metafysiske på. Aslaug Vaa var oppteken av vitskapsmannen og den religiøse mystikaren Pierre Teilhard de Chardin. Det verkar som ho nærma seg panteismen, og ein finn spor av dette i fleire av dikta; Gud er i alt, både høgt og lågt. Det er mindre av kristen mystikk i diktinga hennar. Slikt som arvesynda og mennesket sitt behov for ein frelsar, står ikkje sentralt hjå Vaa. Men den generelle religiøse mystisismen, kanskje i form av panteisme, finn ein i dikt som "Deo Ignito", "Ein lekams veg" og i "At--" i Bustader. I "At--" går ho kanskje meir i retning av gresk mytologi der mennesket er sanning. I det ligg det at mennesket ikkje er ute etter frelse av di det er usanning, eller av di det er ein syndar. Slik les i alle fall eg dette diktet, seier Arvid Torgeir Lie.

Storslegne dikt

Som poet var Aslaug Vaa romantikar, meiner han.

-- Når ho knyter an til den moderne lyrikken, samsvarar ho minst med mitt temperament. Eg synest ho tek eit steg for langt inn i det reint emosjonelle. I desse dikta vert gjerne egoet ståande att nake og melankolsk, men ikkje stort anna enn det. Dette inneber ikkje at desse dikta er dårlege. Det har med tida å gjera. Dikt av denne typen var mykje vanlegare på 1940- og 50-talet enn i dag. Dei fungerte klart betre på Aslaug Vaas tid. Men ho hadde dikt om det dennesidige og det konkrete også, og dei fascinerte meg sterkt, seier Lie.

Han trekkjer fram tre dikt frå Bustader som han set særleg pris på: "I gruset", "Punktet" og "Der var ein stad". I det siste skriv Vaa om hesten som "rusa over (brui) med øyro stive og rova i veiret, den brua som seinare lærde meg å forstå kinesiske dikt". Dette er eit storslege grep. Eg hugsar kor det rykte i meg då eg las diktet, og sidan har eg alltid hugsa det. Men skulle eg få ønskja meg eit Vaa-dikt, ville eg valt "Punktet". Det er svært fint.

Punktet
Gråstein i solvarme
levande feste
i kvila du gjev
til eit du og eit eg og til dei --
Kvila -- der ein er stad
der ein er
no rørslun er feste med syl-fine pilir
bunta og bent
til eit du og eit eg og eit alle
Kom bylgja og rørde ved kvila
kom vinden og svinga på pilin
og den losna og løyste seg ut
til eit eg var eit du og dei alle --


Så vidt eg veit, har verken dette diktet eller dei to andre vorte brukte i antologiar. Ikkje har eg høyrt at dei har vorte lesne opp heller, seier Arvid Torgeir Lie.

Det er med andre ord svært mykje fint å henta hjå Aslaug Vaa som framleis er ukjent for dei fleste.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |