Dag og Tid nr 22, 28. mai 1998

Lyrikaren:
Bygda og verda

Gjennom det meste av det Aslaug Vaa har skrive, går det ein sterk undertone av skepsis mot tanke og vit -- menneskeleg tenking kan ikkje løyse dei store flokane, kald vitskapleg gransking greier ikkje å gje svar på dei vandaste livsspørsmåla, skriv professor Leif Mæhle.

Det finst to hovuddrag i den lyriske forma til Aslaug Vaa. På den eine sida rimlause dikt med frie vers og frie rytmar -- dikt som står prosalyrikken nær, dyrka ho meir enn dei fleste andre norske lyrikarane. Denne delen av lyrikken hennar er ofte merkt av tanke og refleksjon, men det verkar som om ei sterk livskjensle og ei intens poetisk ut-anding har pressa det lyriske stoffet fram i reint spontane og frie former. -- På den andre sida finn vi òg mange dikt i meir faste metriske former. Ofte er det da eit naturbilete eller ei naturstemning som er hovudmotiv eller utgangspunkt. Dette er gjerne enkle, livfulle vers, som i stil og stemning viser tydeleg slektskap med folkevise og stev.

Men ofte har ein også inntrykk av at desse to formelle hovuddraga blandar seg og brytst med kvarandre. Og det er typisk at ved sida av norsk folkedikting er det eit gammalt europeisk mønster som har sett sterkast merke i den lyriske forma hennar, nemleg sonetten, denne gamle diktforma som frå først av var mest bunden til kjærleiks- og kjensle-lyrikk, men som med det strenge komposisjonsmønsteret etter kvart vart ei svært veleigna form for refleksjonslyrikk.

Dette seier også noko viktig om bakgrunnen for diktinga hennar -- Telemark og Europa, bygda og verda, det lokale og det universelle. Og det viser inn mot to hovuddrag i diktinga hennar: ei poetisk tenking som både byggjer på "kravet om erkjenning av det upphavlege, og på evna til å sjå -- sjå skapningen ikring seg og kjenne seg eitt med den", som ho sjølv skriv.

Dette gjeld ikkje berre for lyrikken. Dei same hovuddraga finst i høg grad også i dramatikken og i dei mange essaya ho skreiv.

Utløysinga

Arbeidet med det første dramaet tidleg i 1930-åra vart ei utløysing for diktaren Aslaug Vaa. No kunne ho også gje lyrikken fritt utlaup. Det var som ei demning hadde opna seg. Tre år på rad (1934--36) kom det diktsamlingar frå henne.

I grunnen stod Aslaug Vaa i ei underleg stode andsynes lyrikken. "Eigentleg syns eg lyrikk er nokså keisamt!?! Drama, ser du, det er saken!" -- slik kunne ho uttrykkje det i eit brev til meg i 1959. Og ho pla ofte seie at ho aldri hadde vore forelska i lyrikk. Ikkje i å lesa lyrikk. Og ikkje i å skrive lyrikk, heller -- framfor alt var det å samle i hop dikta og gje dei ut som bok noko av ei sjølvovervinning for henne. Men eigentleg var vel dette også noko av styrken hennar som nynorsk diktar. For det usentimentale i forholdet hennar til poesien botnar ikkje i nokon tvil og skepsis mot diktet -- heller tvert imot; men det hjelpte henne frå å forfalle til klingklang og subtilt ordsvermeri. Det var vel også noko av dette som førte henne frå det somtid flimrande og kaotiske i dei første diktsamlingane til den høge ro og stilistiske hegding som vi møter i dei seinare diktbøkene hennar.

Det tradisjonelle og det moderne

Alt i debutsamlinga Nord i leite (1934) finn vi noko av det som alltid har særmerkt Aslaug Vaa som lyrikar -- samansmeltinga av det tradisjonelle og det moderne, i dikt som speglar av eit rikt og levande menneskesinn. Det er naturen og folkelivet i Telemark som har gjeve det sikre grunnlaget for biletverda i desse dikta, men alt saman er brote gjennom draum og fantasisyner, som gjer at dikta ofte vidar seg ut til ei fabulerande breidd. Denne fantasifulle, vide diktforma er typisk for alle dei tre første diktsamlingane hennar. Den episke breidda kan vekse ut til ein heil diktsyklus -- slik er det i Nivelkinn-dikta om Gyri og Jo, eit stoff som frå først av var tenkt til eit skodespel. Men også i dei meir "moderne" dikta med erotiske, psykologiske og religiøse motiv kling det ein tydeleg undertone av segn og ballade. Sjølve den breie og frie utforminga byggjer på det mytiske, det fantasifulle og draumvorne --

Som skyir driv mot himmelrond sviv draumane mot fremmin'lond -- dei lond der blomar talar.

Dikta rører seg ofte midt imellom draum og røyndom, i eit grenseland der tinga får nye og meir meiningsfulle dimensjonar. Vi merkar det tydeleg i eit viktig erotisk-psykologisk dikt som "Treet og krossen" og i mange andre dikt både i debutboka og i dei seinare samlingane.

Kor vanskeleg eit stoff det ofte er Aslaug Vaa vil prøve å gje poetisk uttrykk på denne måten, ser vi kanskje klårast i den andre diktsamlinga, Skuggen og strendan (1935). Boka sluttar med ein bolk som står stevdiktinga nær, og som også har fått tittelen "Stev". Men hovudtemaet i denne diktsamlinga finn vi best utforma i første delen, og mykje av det ligg løynt i sjølve tittelen, "Skuggen og strendan". I det lange titteldiktet møter vi menneske tvikande mellom livet på to ulike plan -- "skuggen", det enkle livsnære, frodige og svale livet i "Eismalhagen", eller livet på "strendan", men frie, opne utsyn for tanken, og der ein biar på "skipi/som kom frå fremminlandi,/lasta med ukjende ting". Men:

Frå skuggen til strendan, frå strendan til skuggen spring eg so lenge hjarta mitt slær.

Eit fortrollande, forvillande korn er det titteldiktet i den neste samlinga -- Villarkonn (1936) fortel om. Diktinga kan kjennast som slike "villarkonn":

Dei villarkonn du fann ein gong dei mognast på sin eigen vis; dei stig i lufti som ein song om kvida djup og gleda høg, med vosktran upp i dagen ris.

Også Villarkonn inneheld mange tankedikt som viser korleis Aslaug Vaa gjennom diktinga prøver å leite seg veg ut frå det intellektuelt stivna og stagnerte og inn til det intuitive, varme og livsnære. Men også her finst det váre naturstemningar, og eit folkelivsbilete som vil bli ståande som ei av dei største litterære bragdene til Aslaug Vaa -- "So rodde dei fjordan".

Konsentrasjon og fastleik

I På vegakanten (1939) -- den fjerde diktsamlinga Aslaug Vaa gav ut -- viser både titteldiktet og andre at eit gammalt problem framleis er levande: ho står enno "på vegakanten", tvikande mellom "tankens beine veg" og "stigan som or leidi dreg", dit "solegladet strengjir spinn/frå vidd til bakkekam". Men når ómen frå krigstromma høyrest, er det her "på vegakanten" ho møter stønet "frå ei syrgjande jord". Her kan ho også stanse og lyde -- i det vakre diktet "Sommormessa", og her kan ho plukke marianykelen, som "læste upp stengde dynnar".

Det nye i På vegakanten er framfor alt det at vi møter meir konsentrasjon og fastleik i den poetiske utforminga. Enda meir gjeld dette om det femte diktsamlinga hennar, Fotefár, som ikkje kom før i 1947. Mellom desse to bøkene låg krigsåra, som vart viktige også for Aslaug Vaas utvikling. Skulle ein setje opp ei rangliste over bøkene hennar, ville Fotefár få ein svært høg plass. Ikkje nokor anna av diktsamlingane hennar inneheld så mange herlege enkeltdikt: "Duva og dropen", "Venetimen", "Etterklangen", "Moreld" -- eit rikt motivregister i dikt som smeltar saman dei to hovuddraga -- tankelyrikken og balladetonane -- til ein harmonisk einskap.

I grunnen gjeld noko av det same for dei to siste diktsamlingane hennar òg -- Skjenkarsveinens visur (1954) og Bustader (1963). Men det er ein skilnad: I Skjenkarsveinens visur er den filosofiske problematikken voven inn og halvvegs løynd i skjenkarsveinens lyriske naturstemningar og refleksjonar. I Bustader er dei store erkjenningsproblema mykje meir direkte framme, medan dei lyriske grunnelementa framleis er sterkt farga av stev og folkedikting (til dømes "Nottevandring" og "Ditt auga").

På desse tre diktsamlingane er det først og fremst Aslaug Vaas høge posisjon som lyrikar kviler, og her er det hovudårene i det lyriske landskapet møtest og faldar seg ut.

Vi skal følgje nokre av desse hovudlinene litt nærare.

Leitinga

Nei, no vil eg nord i leite -- vil sjå um der heng noko att av dei drauman eg hengde att upp i trei i fjor, den gongen eg laut skunde meg ned att i tunet, stengje buret og sjå at kvòr ting var der'n sill vera.

I desse innleiingslinene frå debutsamlinga går nok uttrykket "nord i leite" på det Telemark som Aslaug Vaa har gått ut frå, men det får samstundes ei langt vidare meining, slik at vi straks skimtar ei viktig line i lyrikken hennar. Grunntoet som diktinga hennar byggjer på, er draumesynene frå "trei", frå naturen der "nord i leite". Men før ho vende attende dit for å hente ned desse "drauman", har ho prøvd å leite seg fram på andre vegar, freista å sjå etter om "kvòr ting var der'n sill vera".

Det blir snart klårt at vegen tilbake til draumane og synene ikkje er uttrykk for rømming og resignert eskapisme. Her er ikkje nokon trøtt vandrar som gjev seg i veg mot eit tapt barndomsland for å la versa lulle seg inn i fagre natursyner og romantiske draumar. Ingen ting kunne visst vera meir fjernt for denne lyrikaren. Gjennom det meste av det ho har skrive, går det visseleg ein sterk undertone av skepsis mot tanke og vit -- menneskeleg tenking kan ikkje løyse dei store flokane, kald vitskapleg gransking greier ikkje å gje svar på dei vandaste livsspørsmåla. Det kan tvert imot vera drepande når den kalde tanken borar seg gjennom heite kjensler.

Vyrder ein om hus og heimar fell for ein blenkjande klår tanke?

-- spør ho i diktet "Tanken" (Skuggen og strendan). Og året etter ropar ho ut til det fælslege våpenet som ho kallar "Tankekniven":

Rør meg ikkje, når det kalde stålet rispar i meg stivnar eg og storknar. Også i Fotefár talar ho med vanvørdnad om dei som "tenkjer i tal".

Men dette vil ikkje seie det same som at ho slår seg til ro. Dikta viser eit sinn som stadig er på vandring, alltid på leiting etter djupare livserkjenning. Og nettopp diktinga, draumane frå trea "nord i leite", blir eit middel for henne til å nå vidare på denne vegen, nå fram til meir fullstendig livsoppleving. Dette leitingsmotivet blir ei hovudline gjennom lyrikken hennar.

Kjærleiken -- naturen -- mystikken

Leitingsmotivet grip også inn i ein av dei andre store motivkrinsane i Aslaug Vaas lyrikk: den erotiske.

Kjærleiksdikta finst spreidde utover i alle diktsamlingane. Og eit breitt og skiftande register femner desse dikta over -- frå dei ville, skjemtsame folkelivsbileta i eit dikt som "Dei gule rosun" (Nord i leite), over den rolege, mette harmonien til dømes i eit dikt som "Venetimen" i Fotefár ("Timen då eg ventar deg/tung og rik av lykke er") -- fram til dei milde balladetonane i Skjenkarsveinens visur.

So vandra dei til møte ved det kjærleikens tre, og han kom nordan og ho der sunnanté. Og føtane dei trødde so lett på tylten tå og månen synte vegen i den sommornotti blå. Ja, føtane so trygge ut i sommornotti sveiv der dei på månestigan inni blåbergi kleiv.

Men også den erotiske lyrikken byggjer eigentleg på tanken om at mennesket er på leiting. Og grunnen til at menneske leitar etter menneske, mann etter kvinne, den tykkjest liggje i ei gammaltestamentleg førestelling -- om "sid'beinet" som Gud tok ut av Adam og skapte kvinna av. I fleire dikt møter vi tanken om at mannen og kvinna lengtar tilbake til sin opphavlege tilstand -- da dei var eitt.

Kjærleikslengten i mennesket blir ikkje stetta før det har funne fram til dette "du", som er "den eg har mist ein gong/ein lut av meg, ja mitt halve eg".

Men sjølve utgangspunktet for dei erotiske møta som Aslaug Vaa skildrar, er at det må vera møte mellom to sjølvstendige individ. Berre slik kan to menneske møtast. Dei kan ikkje eiga kvarandre.

Dikta fortel ikkje berre om den erotiske spenninga og grunnlaget for den, men også om det ekstatiske kjærleiksmøtet mellom dei to lengtande, og om den fullkomne harmonien når dei møtest. Da tagnar det urolege hjarta for ei stund; det som var skilt, smeltar i hop att.

Og bylgjun slo inn frå vik og sund og kring buskane vinden lo. Eg var eitt med alt i den eine stund, med hav og himil, og fjære, flod.

 Naturopplevinga

Støtt kjem naturen inn i den erotiske lyrikken hos Aslaug Vaa. Det er ikkje naturskildring som romantiske kulissar for kjærleiksmøta. Naturen stig fram fordi dei kjærleiksspente sinna opplever han så heilt, glir inn i han. Dette skjer ikkje berre i dei tidlegare dikta -- der Nivelkinn-stemning ofte rår -- men også i dei meir moderne kjærleiksdikta. I sommarnatta dregst sinn mot sinn, når nattklokka tikkar og ikkje gjev fred -- "tikkar evindeleg,/surrar og syng:/Kom make til make!"

I dei første diktsamlingane er denne erotiske naturopplevinga gjerne knytt til konkrete situasjonar, til skildringa av møte mellom dei elskande. Seinare blir naturen liksom meir abstrahert, smelta inn i diktet meir som ein kjensletone enn som ein ytre røyndom. Sterkast opplever ein dette i Skjenkarsveinens visur. Den vandrande, lengtande svein ferdast liksom heile tida i den "audelege skog". Med heile sitt vesen høyrer han heime just der ute.

Frå denne abstraheringa er ikkje vegen lang til ei symboloppleving av naturen. Ein skal ikkje ha lese lenge i denne lyrikken før ein merkar korleis den erotiske symbolverda stadig byggjer på naturopplevinga. Uventa er vel ikkje dette i ein poesi som står folkediktinga så nær. Men Aslaug Vaa skaper sine beste ting når ho greier å frigjera seg frå den vanlege natursymbolikken i ballade-stil.

Noko av det første vi legg merke til når det gjeld tilhøvet til naturen, er at Aslaug Vaa ikkje syng om slike fjell og dalar som ho i sin første ungdom såg -- enda så freistande det måtte vera for ein som kjem frå det vakre Telemark. At kjensla for den lokale naturen er der, det ser vi tydeleg av dei to innleiingsdikta i debutsamlinga, særleg i den lentige prologen "Telemarkin".

Når vi har vandra gjennom natur-riket i Aslaug Vaas lyrikk, sit vi att med inntrykket av ein vokstervilje og ein grøderikdom som fyller alt med frodig liv. Denne øre gleda over voksterviljen viser at naturinnslaga er der ikkje berre for å skapa ei stemning. Dei er ein del av den livskjensla som den poetiske impulsen har sprunge ut frå. Derfor er det også så få reine naturdikt, og så mange dikt som rører ved samhøvet mellom mennesket og det store livsspelet i naturen.

Naturen og menneskehugen -- dette er eit motivkompleks der faren for å fastne i det konvensjonelle er stor. Hos Aslaug Vaa merkar vi ei tydeleg utvikling her. I dei første diktsamlingane -- særleg i Nord i leite -- kan dei dikta som fortel om samhøvet mellom mennesket og naturen vera både vakre og poetisk sanne; men dei når ikkje alltid ut over det konvensjonelle. Naturen kan somtid bli ein prydnad, den stemningsskapande funksjonen litt for tydeleg eller den metaforiske oppgåva nesten påtrengjande klår.

Mystikken

I Fotefár har ein ny biletbruk trengt gjennom for alvor. Diktaren står på ein heilt ny måte midt i ein livsprosess; den litt kjølige allegoriseringa og dei avstandsskapande "som" er borte. I dei poetiske bileta som no opnar seg, kan vi ikkje lenger dra noko skilje mellom dei ytre tinga og det sjelelege landskapet.

Ei ny oppleving av naturen og livsmysteriet vitnar denne lyrikken om, ei oppleving som er langt meir intens og framfor alt meir total. No har diktaren funne sin plass i livsspelet, og denne intense og totale kjensla har skapt grunnlag for ein ny harmoni i høve til livsprosessen og den store samanhengen i tilværet.

Både i si lesing og i si eiga dikting tykkjest ho krinse meir og meir om mystikken. Framfor alt var det møtet med ein fransk filosof som vart avgjerande og -- ser det ut til -- forløysande for henne: Pierre Teilhard de Chardin. Utover på 1960-talet var ho oppteken av denne filosofen, særleg av verket Fenomenet menneske, som ho las på fransk før det kom ut på norsk (i 1964). Hos Teilhard de Chardin fann ho svar på nokre av dei problema som ho sjølv hadde prøvd å leite seg fram til løysing på -- svar som tykkjest harmonere svært godt med hennar eigne. Det eine var syntesen mellom to ulike livshaldningar, freistnaden som ho møtte hos denne naturgranskaren og presten på å sameine naturvitskap og religion (mystikk). Det andre var den optimistiske og religiøst prega evolusjonstanken hans, førestellinga om at det finst eit mål og ei meining både i den ytre utviklinga i skaparverket og i den åndelege utviklinga hos "fenomenet menneske".

Overbygning

Aslaug Vaas siste diktsamling, Bustader (1963), kan ein vanskeleg forstå utan å vera klår over samanhengen med Pierre Teilhard de Chardin. Meir enn før prøver ho her å følgje sjølve tanken så langt tilbake og så langt fram som råd, både som intellektuelt fenomen og som "poetisk tenking".

Men tittelen på denne samlinga vil nok ikkje seie at ho ein gong for alle har funne fram, har funne feste og bustad. Lenge var ho usikker på tittelen, og heilt fram til siste korrektur på boka var forfattarinna i tvil om ho hadde rett til å bruke ein så forpliktande tittel. Ho var ottesam for at jamvel i den ubundne fleirtalsforma "Bustader" skulle tittelen lova meir enn ho kunne stå inne for.

I det lange hovud-diktet i åtte delar, "Ein lekams veg", prøver ho å følgje denne vegen, fram til det høge menneskesynet som er grunnlaget for dikta i Bustader -- "Tankens aukande strid for å skila/millom sitt eige kaos av leitande former/og dei fjerne og flyktande bod frå den Mektige." Att og fram jagar ho på denne "lekams veg" for å finne opphav, samanheng og fullending. Slik vil ho i desse dikta vise mennesket i sin kamp for å sanne sin "åndelege lekam", den æra mennesket er fødd til, stoff med bustad for medvit, draum, vilje, tanke søkjande "gjennom menneskjet i uendeleg drama av utveljing".

På denne måten får denne siste diktsamlinga av Aslaug Vaa eit så stort innhald og blir som ei overbygning over mykje av det ho har skrive. Tittelen "Bustader" samlar så mykje av diktinga hennar i seg og får ei vid tyding. Det er livet. Det er jorda og heile vårt univers. Det er både mennesket og det som mennesket -- ein del av alt dette -- leitar etter. Og det er dei bustader som mennesket må og skal finne, fordi det er ein draum frå den Mektige og er på veg "Mot ein byrgare lagnad", som eit av dikta heiter.

Slik inneheld da Bustader og heile diktinga hennar eit spørsmål, eit svar, ei forplikting og ei nesten svimlande framtidsvon.

Aslaug Vaa var trugen mot dei krava ho sjølv stilte til "poetisk tankegang". Ho tok imot og makta å bera fram det bodet som lydde til Skjenkarsveinen:

Skjenk du dei dropar frå himmelleite løys du den kjelda frå jordegrunn!
Leif Mæhle

(Dette er eit redigert utdrag av artikkelen "Det lydde eit bod -- Om Aslaug Vaa og diktinga hennar" i Leif Mæhle: Frå bygda til verda, Oslo 1967. Redaksjonen har stått for redigeringa. Teikning:Anne Raknes.)

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |