Dag og Tid nr 22, 28. mai 1998

Randi Hultin:
I jazzens teikn -- på engelsk

Når Randi Hultin gir ut jazzbiografien sin på engelsk, er ho alt ein salssuksess. 3000 eksemplar er bestilt på førehand i London.

ROALD HELGHEIM

Born under the sign of jazz er tittelen på den vakre engelske versjonen som kom ut London i førre veka i eit opplag på 7500. Samstundes stiller Randi Hultin ut under ein festival i Brighton, der dottera Vivi-Ann bur.

Boka hadde nett kome fram til utstillinga då vi vitja forfattaren i legendariske Gartnerveien 6, der Randi sidan midten på femtitalet byrja å ta opp nattlege jamsessions på sin Tandberg Super. Eit utsøkt utval av opptaka er på ein cd som følgjer med den engelske utgåva av I jazzens tegn, som kom på norsk i 1991. Randi fortel sjølv om bakgrunnen for opptaka, som startar med pianisten Sonny Clarks versjon av Jeepers Creeper frå 1954. Her er Ernie Wilkins, Stuff Smith, Bjarne Nerem, Zoot Sims, Hampton Hawes, Phil Woods, Kenny Dorham, Jan Johansson og mange andre i samspel med dåtidas beste norske musikarar. Til amatøropptak å vere er lydkvaliteten oppsiktsvekkjande, i tillegg til det høge musikalske nivået. Den som har vitja jazzheimen til Randi, veit at ho har eit så digert arkivmateriale å ta av at det å velje ut 70 minutt til ein cd må ha bydd på store kvalar.

Prestisjeforlag

Randi Hultin vart oppsagd som jazzmedarbeidar i Aftenposten i 1990. Frå før hadde ho fått sparken i Dagbladet og NRK etter ein liten kvinnealders innsats, og ein halvtime etter at brevet kom frå Aftenposten var ho i gang med å skrive bok. Boka vart trykt i 3000 eksemplar og det meste er utselt.

Den engelske versjonen er gitt ut på det prestisjetunge forlaget Sanctuary i London, eit forlag som har både The Beatles og Wagner i katalogen, men eit slikt bokverk hadde dei unge forlagsfolka ikkje prøvd seg på før.

-- Dei har vore veldig entusiastiske, seier Randi som har forsynt den nye boka med endå fleire bilete av musikarane som losjerte og spela i Gartnerveien, og ein tekst som fortel om bakgrunnen for musikken frå cd-en.

Ein cd som alt har fått dei beste skussmål frå Sonny Rollins, som har skrive forordet i boka, frå Scott Hamilton, Dave Brubeck og Tommy Flanagan.

Randi er elles ein etterspurd jazzkåsør, som nyleg var i Trondheim og snakka om Chet Baker på tiårsdagen for trompetistens tragiske død. I ein alder av 72 har ho vunne over kreftsjukdomen to gonger, og meiner ho har for mykje ugjort til å forlate livet no.

Vi har ikkje før sett oss før ho er i gang med ei historie om trompetisten Kenny Dorham, som ein kveld i 1964 song og spela den vakre melodien Fairweather, som seinare, etter initiativ frå Randi, vart brukt i filmen Round Midnight. Dorham kunne fortelje at dette var Bud Powells låt, men i filmen er han kreditert Dorham. Det har Randi også gjort i boka og på cd-en for husfredens skuld, men dei autentiske aktene i saka er gjevne att i den engelske versjonen av boka, og siste ord er truleg ikkje sagt.

På jazzcruise

-- Kva sette deg på ideen om å lage ein engelsk versjon?


-- Etter den siste kreftoperasjonen selde eg nokre plater og reiste på jazzcruise for å kvile ut. Eg hadde med nokre eksemplar av boka, og via ein person eg møtte kom eg i kontakt med Ken Vail, som er kjend for sine "Diarys" om kjende jazzmusikarar. Han kontakta forlagsdirektør Penny Baybrooke i Sanctuary Publishing, fortel Randi, som stolt viser meg det første brevet frå forleggjaren.

Resten er historie, og her er boka, ei uvanleg vakker trykksak, rikt illustrert med bilete, teikningar, faksimilar av helsingar frå Randis tallause jazzvener. Ho har 16 gjestebøker, og du slepper ikkje ut av Gartnerveien før du har skrive deg inn i den siste. Og eit meir utsøkt selskap kjem du aldri i.


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |