Dag og Tid nr 22, 28. mai 1998

Leiar:
Restad og renta

Nokon må openbert betale for at politikarane har store vanskar med å styre den økonomiske politikken. Dag etter dag, veke etter veke har vi den siste tida høyrt finansministeren messe om “overoppheting i økonomien”, om behovet for å stramme inn, om faretrugande auke i forbruket og vanvittig vekst i utlåna frå bankane, om at tilliten til norsk økonomi er i ferd med å smuldre opp etter kvart som kronekursen søkk og revidert nasjonalbudsjett forvitrar som økonomisk innstrammar.

Så måtte vel også finansminister Gudmund Restad gjera noko for å vise at han har grep om den økonomiske politikken. Men gjer han det rette? Er det verkeleg dei som bruker mest, dei som legg størst press på økonomien, som blir nøydde til å skjere ned når renteauken på bustadlån tek til å svi?

For lekfolk er det vanskeleg å skjøne kva som går føre seg i norsk økonomi for tida. Det er umogeleg å få oversikt over dei mektigaste aktørane, og det er håplaust å sjå kven som til sjuande og sist trekkjer i trådane. Men det er liten tvil om at folk med makt styrer i eigen-interesse.

Få ting illustrerer dette betre enn bustadrenta. For trass i at bustadrenta ikkje er det viktigaste bidraget til “overopphetingen” i norsk økonomi, er det bustad-renta som blir vald ut som regulator. Dei siste dagane har det komme fram at det først og fremst har vore næringslivet og kommunane som har sytt for den største utlånsveksten i bankane. “Det virker ikke særlig gjennomtenkt at personkundene må betale fordi de store bankene har en sterk utlånsvekst mot næringslivet”, sa Einar Forsbakk i Sparebankforeningen sist tysdag.

Han viser til at Restad og resten av regjeringa i revidert nasjonalbudsjett går inn for å skjerpe kapitalkrava til bankane. Dette går først og fremst ut over dei som må låne-finansiere bustader med meir enn 60 prosent -- det vil seia dei aller fleste som skal inn på bustadmarknaden for første gong. Men det fører også til at Restad og hans generasjon kan halde fram med å låne pengar til låg rente med pant i nedbetalte bustader for å kjøpe seg nye bilar og andre forbruksgjenstandar -- slikt som dei same karane hevdar aukar presset mot økonomien.

Det er skrive før, men kan godt seiast igjen: Det er slåande korleis dei som skal styre norsk økonomisk politikk, syter for å gjennomføre tiltak som råkar dei sjølve minst -- sjølv om dei har økonomisk rygg til å bera børa -- mens dei lempar den tyngste børa over på dei som kan gå i kne av vekta fordi dei allereie ber mykje.
Audun Skjervøy


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |