Dag og Tid nr. 19, 7. mai 1998

På tomannshand:
100 år og like fri

Det er vårsøg, for Hans Hyldbakk fyller 100 år i morgon.
-- Det sviv da rundt oppi skolten enda, seier Kleivakongen, som akkurat har gjeve ut si tiande diktsamling.

SVEIN SÆTER

Hans Hyldbakk vart født på fridomsdagen, 47 år før den 8. mai vart fridomsdag. Det passar godt. Han bryr seg ikkje så hardt med konvensjonane, han Hans. Han begynner der han sjølv vil. Som historikar begynte han med småkårsfolket, dei som ingen hadde skrive om tidlegare. Husmenn og husmannsplassar i Surnadal, dei to første av 17 band med bygdabøker, er eit pionerverk i norsk lokalhistorie.

-- Eg trur ikkje på det evige liv, men eg trur på noko som liknar: Eg vil levandegjera det som har vore, slik at det ikkje kjem bort. Det er den kampen alle somtid føler. Kampen mot forgjengelegheita.

"Husmannsbøkene" kom i 1942.

-- Sia eg hadde smått med kapital, trykte eg opp boka i 19 hefte, som eg drog rundt og selde. Så tok eg pengane frå det første heftet og betalte det neste. Husmannsbøkene er det likaste verket mitt, tykkjer eg.

Han tok til med dei som sto nedst på stigen. Og med dei som ikkje var komne opp på første trinnet ein gong; "lausungane". I mange bygdabøker er born født utanfor ekteskap ikkje tekne med. I andre er namnet deira merkt med ei stjerne eller sett i kursiv. Ofte er det ikkje nemnt kven som er far til barnet. Skamma hefta berre ved barnet og ved mora.

-- Slikt er umenneskeleg historieforfalsking. Har dei ikkje etterkommarar, dei som er født utanfor ekteskap? Korleis skal dei finne ut om avstamminga si når ho ikkje er god nok for bygdaboka? Eg ville hatt ei skikkeleg opprydding i dette.

Det finst ikkje jødestjerner i bøkene til Hans Hyldbakk.

L yrikaren Hyldbakk er ein prisa historikar, og omvendt. Han Hans vedstår seg historikaren, men gjer berre narr av "den store poet". Skal du få ei påliteleg vurdering, må du gå til nokon annan.

Edvard Hoem:

-- Mange av dikta til Hyldbakk har eit djupt menneskeleg innhald og slåande biletsamanstillingar, som det kanskje beste av dei alle: E slåttatæja. Hans Hyldbakk hører heime i same andedraget som Jakob Sande. Han er ein av songarane i det norske landskapet.

Vidar Sandem er rett mann til å vurdere den samanlikninga. Han har skrive teaterstykke om både Sande og Hyldbakk.

-- Eg er heilt einig med Edvard. Sande og Hyldbakk er veldig like i oppbygginga av dikta sine, og dei er svært strenge rytmisk. Hans Hyldbakk er ein diktar som brukar seg sjølv og er utruleg ærleg. Nokre av "einsemdsdikta" hans er fantastiske.

Henning Sommerro har tonesett Vårsøg og mange andre Hyldbakk-dikt, og gjeve sambygdingen eit stort publikum:

-- Musikaliteten i Hans sine dikt har vekt tonen i mange, og vil halde fram med å gjera det. Dette er ei viktig side ved ein stor forfattarskap.

Hans Hyldbakk flirer godt av attestane.

-- Det var no alt for stort sagt. Eg er slett ingen diktar, anna enn på lokal basis. Eg er lokalhistorikar, og lokal diktar.

Men hundre års erfaring er ikkje nok til å skjule at han er glad over orda.

-- Du har vore trufast mot rimet, men forlag har bede deg om å skrive meir moderne?

-- Moderne lyrikk? Statsstøtta buktaleri! Det er så djupt at ingen dybdepsykolog kan forstå det. Eg har berre halde meg nedmed grasrota. Det er vel derfor eg ikkje er nokon lyrikar. Men eg likar meg der. Dei store lyrikarane på Theatercaféen fekk dikta sine i Dagbladet. Eg fekk sildball og plukksuppe på kvar gard.

Få har gått gardtales som Hans Hyldbakk. Han har overnatta i meir enn 300 heimar på Nordmøre, pluss mange i Romsdal og Trøndelag. Først som bokseljar, sia som agent for Moss Bomuldsvæveri, og til slutt som historikar. Han gjekk eller sykla, mil etter mil. Var sommarnatta god, trong han ikkje tak over hovudet ein gong. Da la han seg berre nedpå i skogkanten og tok natta som ho kom. Slik heldt han på til han var langt over 70.

Han får sterk fysikk, den som er gjetar, tenestegut, smeddreng, gardsdreng, gruveslusk, sagbruksarbeidar, jordbrytar og tømmerhoggar i ungdommen. Men elles har han ikkje gjort all verda for å få kroppen til å halde i 100 år. Bortsett frå å fylle på med sprit.

-- Hehehe. Ja, eg lyt innrømme at den forbaska alkoholen oppmuntrar. Men eg veit ikkje tå at eg har skrive dikt i berusa tilstand. Eg er så nøye på formen at det blir berre tullet. Det har gått i papirkorga. Men ein kan få mang ein god inspirasjon, det kan ikkje nektast. Det er no ei gåve det òg. Om ho kjem frå oven eller neden, det skal eg ikkje seie sikkert.

Det går historier om Hans Hyldbakk; den gongen han var for full, for galen, for stor i kjeften. Nokon gjorde avvika frå normalen til dei fremste karaktertrekka hans. Det var ein uhyre sneversynt observasjon.

-- Eg skulle ha teke meg sjølv meir alvorleg. Da hadde eg fått meir respekt hos respektable folk. Men eg har framstilt meg sjølv slik som eg er, omtrent. Det er leveregelen min, det: Du skal leva i sanning og ikkje gje deg ut for nokon annan enn den du er. Berre smålyge litt når det trengst, og ingen har skade av det.

-- Eg er ein tvisynt og liberal mann. Det er kanskje ikkje så positivt. Til gjengjeld fører det ikkje til diktatur. Det finst så mange emissærar som fortel om den einaste rette veg. Slik er ikkje eg. Mitt evangelium er liberalismens idé; fridom for menneska.

Greven av Monte Cristo. Det er den beste romanen som er skriven, meiner Hans Hyldbakk, framleis oppglødd over barndommens reiser i bokverda.

-- Galeislaven Rocambole! Slottet i Karpaterne! Kaptein Gravs ø! En verdensomseiling under havet! Eg fekk skjenn tå far min fordi eg las utover kveldane, og brukte lys. Men det var da så mange spennande bøker, gut! Eg la i hop sidene etter at eg var konfirmert. Eg kom til at eg hadde lese 125.000 sider med spenningsromanar.

-- Korfor har du aldri gjeve ut nokon roman sjølv?

-- Da eg tok til å sysle med lokalhistorie, kom romanane til å arte seg som historieforfalsking. Det eg fann i tingbøkene frå Nordmøre var så fantastisk at like til Alexandre Dumas vart blodfattig. Der såg eg sanninga slik som ho var, og ikkje slik som ho burde ha vore.

Han prøvde seg i romanformat i ungdommen, men fekk manuset til Gunnar Hjelen i retur. Sia vart det liggjande i mange tiår, før han brukte det til å fyre i jøtulomnen.

Ein samtale med Hans Hyldbakk er ikkje ei snorrett vandring på logiske vegar. Han tek stikkvegar rett som det er, når han kjem på ord som passar. Og det gjer han ofte. Han har eit utruleg minne. Viser og vers og lange tekstar sitt som spikra. Ibsen, Bjørnson og Falkberget ("mine tre store"), Øverland, Vinje og Welhaven, Garborg og Uppdal og Aasen og --

-- Torleif Auerdal! Det kunne ha vorte ein stor diktar. Han vart berre 23 år, døydde i 1918. Han skreiv gode vers, gut: "Søk aldri i reformer, men nå i handling det du vil!". Han var kommunist, naturlegvis, det var brukeleg for ungdommar den tida.

Kleivakongen er sjølv radikal, ein frifant av ein sosialdemokrat som ikkje let andre tenkje for seg. Derfor la han ned avisa Heimveg, som han var redaktør for, da det frie ordet vart fengsla av nazistane. Lenge før krigen hamra han laus mot nazismen: "-- jødeforføljinga, rasehatet, underkuvinga og einsrettinga av åndslivet og terroriseringa av annarleis tenkjande, -- om dette kan det berre vera ei einaste meining mellom alle som reknar seg for frilynde og frie menneske her i landet", skreiv han i ein leiar i 1939.

I same nummeret av Heimveg skreiv han diktet "Himmelglytt", eit ferdabrev og eit "Brev frå Kleiva". Det er Kleivakongen, det: Stoveglaset og storpolitikken, og himmelen som kvelvar seg over.

Surndalingen Hans er meir interessert i den store verda enn i det norske hus. -- Slektsgransking, lokalhistorie og storpolitikk -- det er no liksom interessene mine, det.

-- Kva saker er du mest oppteken av no?

-- At dei held på og vaknar opp att, nazistane i Tyskland. Nynazismen er skremmande, alt dette hatet. Hat og hemn er noko av det verste mennesket fer med. Og fundamentalismen er farleg. Det er forferdeleg kor dei drep folk i Algerie. Aldri ser vi så blodige krigar som dei som har noko med religion å gjera. Gudar og generalar, det er ein skummel kombinasjon.

Likevel: Skulle han reist ut av landet for første gong, ville turen gått til Jerusalem.

-- Det er barnelærdommen som kjem att. Ho mor trudde på kvart ordet i Bibelen. Eg ser historisk på han, les han liksom vi les Snorre. Eg har alltid vore oppteken av jødane si historie. Jødane vart vel forfølgde fordi dei var dyktigare enn anna folk, liksom vi er sinte på sunnmøringane.

-- Så om du reiste til Jerusalem, var det ikkje for å finne Jesus?

-- Nei. Eg vil helst rekne meg som agnostikar; vi kan ikkje veta om det finst nokon Gud. Eg har så vanskeleg for å tru på alt overnaturleg. Det strir mot min sannheitstrang.

-- Det har vorte humanetisk lag i bygda no. Eg er nesten einig med dei, men følelsar spelar inn med slikt. Eg las kveldsbøna med ho mor. Han Ibsen seier at viss du tek livsløgna frå folk, så gjer du dei ulykkelege. Og det er no sant. Vi må ha noko uti verdsrommet som er liksom over oss sjølv. Det er derfor ho kjem den menneskedyrkinga òg, som har skapt diktatorar.

-- Vi skapar dei gudane vi treng?

-- Ja. Det finst folk som trur at Gud skapte jorda på seks dagar, og mennesket i sitt bilete. Eg trur mennesket har skapt Gud i sitt bilete. Alle folkeslag har gjort det. Men eg har respekt for dei kristne, berre dei ikkje brukar makt. Ho mor fordømde synda, men ikkje syndarane. Sist haust var det ein som heitte Karlsen, han tateren og pinsevennen, som fekk Kongens gull. Han hadde lege i rennesteinen, men gjorde likevel ei stor gjerning for landet.

-- Han trefte Jesus til slutt?

-- Jau, det kan ikkje nektast at det møtet har omvendt mange. Men det har no si psykiske forklaring.

Norsk Allkunnebok tok livet av Kleivakongen i 1947: "Hyldbakk, Hans Pedersen (1898-1947), no. lyrikar og bygdesogegranskar, f. på Skei i Surnadal, M. og R. (--.) Arb. siste leveåra med ei slektsoge frå Surnadal."

Dette er det einaste som står om Hans Hyldbakk i noko oppslagsverk. Framtidige leksikografar kan stikkordsvis notere seg: Ti diktsamlingar, 11.000 sider lokalhistorie, sju jubileumsbøker, seks prosabøker, eit utal revytekster og artiklar i aviser og tidsskrift. Fast spalte i avisa Driva: "Brev frå Kleiva", som vart folkelesnad. Lokal medarbeidar i Norsk Ordbok og dei store verka Sæterbruk i Noreg og Gards- og grannesamfunn i Norge.

Det meste må reknast som gratisarbeid; han tok nokre få tusen kroner for tjukke bygdabøker. Likevel har han gjeve bort 600.000 kroner til Surnadal kommune, til Kleivafondet , som skal "fremje kulturelle og lokalhistoriske føremål, unnateke fotball og stjerneidrett". Sist veke overrekte han ordføraren 180.000 kroner til som hundreårsgåve.

-- Det er no besynderleg at eg, som har vore billeg på arbeidet all min dag, skal legge meg opp pengar.

Forklaringa er at han har vore utruleg billeg i drift. Ikkje lån, ikkje bil, sjøllaga sildball til middag. Kleivakongen er nøysam i det små og gåvmild i det store. Tilnamnet har han frå heimen han bygde seg på Kleiva, bratt opp i lia frå kommunesenteret Skei. Her budde han i 50 år, ei tid saman med søsken, men for det meste aleine.

A lt har skjedd den tida Hans Hyldbakk har levd. Men når du spør han om kva som er den største endringa på 100 år, svarar han ikkje med teknologi og oppfinningar. Han svarar med menneske.

-- Den store unnselegheita held på og kjem bort. Det må vel vera den største endringa. Folket har vorte meir frimodig.

-- Og det er positivt?

-- Ja, det må det no vera. Det var mykje folk som gjekk med tunge bører før. Om at det var synd alt, leik og dans og alt med glede i. Men dei syndar vel mindre dei som dansar, enn dei som ser på. No har dei vorte meir openlyse mellom kvarandre, menneska. Før var det tabu, alt som hørte det innarste mennesket til. Det var ein opphøgd dyd å skjule seg.

-- Korleis da?

-- Særleg med det seksuelle. Eit par kunne ikkje gå leistand sjølv om dei var forlova. Det var skamleg å vise seg fram. Bedehusfolket påstår at utgliding og umoral kjem av at folk er for nakne. Eg påstår det motsette. Og det seksuelle må da vera noko som er gjeve mennesket til nyting, utanom akkurat det med forplantninga. No er det bortkomme, mykje av hemmelegheitskremmeriet. Det er kjøle bra, tykkjer eg.

Den store hundreårsfeiringa skjer i pinsehelga. Da blir det Vårsøg-dagar med konsertar, utstillingar, opplesingar, skrivekurs og diger festkveld i idrettshallen. Bygda blir stinn av folk som vil feire husmannssonen som vart konge.

Vårsøg: susing av vind og rennande vatn om våren, står det i ordboka, den nynorske.

-- Sanneleg kjenner eg vårsøget, ja. Men når ein blir så gammal som meg, så pliktar ein no å daue. "Han døde gammel og mett av dage", heiter det.

-- Du er da ikkje mett av dage du, Hans?

-- Eg er no iallfall tørst, hehehe.

I morgon skal Hans Hyldbakk lesa dikt. Han har skrive det sjølv, til hundreårsdagen:

REPRISE

Eg sit utfor veggen og ser imot Salen
og Knyken, mitt heilage fjell.
Og enno ein gong går det vårsøg i dalen
med dårande draumar i doggsvale kveld.

Det glimtar og skin frå mi audslege hytte
i skogen der langt oppi li.
Ja kjære, du gjorde di tenande nytte
og det er det beste ein bustad kan gi.

Eg kjenner meg glad over det eg fekk gjeva
og sæl etter det eg fekk gjort.
For det eg fekk lov til så lenge å leva
og reise eit minne om dei som gjekk bort.

Men større enn alt er no det at eg kjenner
der djupt i mi innarste sjel
at bygda og folket dei er mine venner
og heile all verda ho vil meg så vel.

Eg sit innmed veggen og ser i reprise
at våren han veit kva han vil.
Eg sit her og syng på ei sjølvlaga vise
og takkar for det at eg enno er til.


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |