Dag og Tid nr. 18, 30. april 1998

Herbjørn Sørebø:
Danmark dejligst

Valnatta var det stor jubel i det danske sosialdemokratiske partiet då det viste seg at regjeringa hadde berga livet med eit færøysk mandat. Det skulle snart vise seg at dette var eit tynt grunnlag. Den færøyske sosialdemokraten Joannes Eidesgaard debuterte i Folketinget med å la vere å røyste på den sosialdemokratiske presidentkandidaten, Birte Weiss. Dermed vart det likt røystetal, så valet måtte avgjerast med loddtrekking, og då vann kandidaten for opposisjonen, Ivar Hansen frå Venstre. Joannes Eidesgaard har sagt at han ikkje vil vere med på å felle ei regjering med sosialdemokratisk statsminister direkte, men han vil heller ikkje vere garantist for alt det ei slik regjering kan finne på å gjere framlegg om og ta seg til. I ein slik situasjon må statsminister Poul Nyrup Rasmussen anten tinge seg fram til fleirtal «over midten» eller ta vågnaden med å tape ved loddtrekking når Joannes Eidesgaard set seg på bakbeina.

Alt tyder på at det er ein politikk med støtte «over midten» statsminister Poul Nyrup Rasmussen legg opp til å føre. Med eit så upåliteleg fleirtal som regjeringa har, ligg det ikkje til rette for å drive konfrontasjonspolitikk. Det kunne fort føre til kaos. Samarbeid «over midten» er då også det opposisjonen ventar. Den nyvalde leiaren for det konservative partiet, Pia Christmas-Møller, åtvarar mot at Venstre – som dei konservative ville skipe regjering i lag med – kan vise seg å vere altfor tingingskåte. Difor vil dei konservative nå stå fram med sine eigne framlegg. Det danske konservative partiet fekk ein endå verre medfart av veljarane enn det norske, og det var semje om at indre strid – og ikkje minst personstrid – var årsaka. Nå gjeld det å samle partiet, og så vil dei prøve om ei kvinne kan få betre sving på politikken i tida frametter når kreftene blir brukte rett. Dei konservative har eit kjært minne om dei ti åra med Poul Schluter som statsminister.

Når den politiske eigeninteressa krev eit sporskifte, er dei danske politikarane så flinke. Vil eit parti bryte ut av samarbeid med andre, snakkar dei om å «leggje luft» mellom partia. Slik sett er Danmark dejligst – journalistisk sett, for det blir mykje journalistikk av det. Nå kan det vise seg at Venstre, som var det røffaste opposisjonspartiet i valkampen, vil markere seg med å kompromisse med regjeringa. Det er, som Pia Christmas-Møller seier, å «levere varer», det også.

Med Johan Borgens ord er Danmark dejligst ein karakteristikk som melder seg i tanken også om den måten grannelandet vårt løyser EU-spørsmål på, framleis journalistisk sett. Folkerøystingar og rettssaker blir det svært mykje journalistikk av. Nå har den danske høgsteretten slege fast at på grunnlag av dei folkerøystingane som vart haldne i l972, l986 og l993 var det ikkje i strid med Grunnlova å gå inn i det europeiske samarbeidet. Folketinget gjorde vedtaka om det med knusande fleirtal, så det ville ha vore ein sensasjon dersom høgsterett hadde komme til eit anna standpunkt. I danske aviser som har vore for medlemskap heile tida, heiter det på kommentarplass at det ville ha vore eit trugsmål mot folkeviljen og eit brot med tradisjonen. Den 28. mai blir det endå ei folkerøysting. Då skal folket seie si meining om Amsterdam-traktaten. Uffe Ellemannn-Jensen – Venstreleiaren som tapte kampen om statsministerposten med eit færøysk mandat til sosialdemokratane – har i rett tid komme med ei bok der han legg fram synet sitt. Den tidlegare utanriksministeren med sterke band til Trysil og Elverum åtvarar mot å la krumminga på agurkar skyggje for dei store linene i det europeiske samarbeidet.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |