Dag og Tid nr. 18, 30. april 1998

Trond Davidsen:
Ein skryteglad jeger

-- "Triggerhappy" er ein av dei beste norske romanane frå dei siste 30 åra!

OTTAR FYLLINGSNES

Trond Davidsen (35) sparar ikkje på konfekten. I desse dagar debuterer han på Forlaget Oktober. Først trur eg at Davidsen prøver seg med ironi. Det gjer han kanskje, men han følgjer opp med ei gravalvorleg mine.

-- Denne boka kjem til å selja som hakka møk! Triggerhappy (skyteglad eller varemerke) kjem til å verta lesen av dei fleste. Eg har teke opp eit aktuelt tema. Mange har prøvd seg tidlegare, men dei har ikkje fått det til. Eg har fått det svært godt til!

Frå skinnstolen på Bristol leitar eg etter eit lite flir i munnvika, men ser det ikkje.

-- Kva norsk roman frå dei siste 30 åra har du sett størst pris på?

-- Ingen, men eg har hatt stor glede av yngre norske forfattarar, som Øyvind Ellenes til dømes. Fleire andre unge, dyktige, kvinnelege romanforfattarar er svært bra. Dei nærmar seg litteraturen på ein heilt annan måte enn 68-asshola, seier Davidsen.

Han finn favorittane sine blant amerikanarane, som Paul Auster og Brett Easton Ellis.

La blodet spruta

I Bibliotekbaren strålar krystallysekrunene. Aftenposten og Dagsavisen Arbeiderbladet har kome og gått, og Dagbladet har gjort sitt.

-- Journalistane er fascinerande species! seier Davidsen overstrøymande.

Snart har han ein dags røynsle med arten bak seg. Elles studerer han medievitskap ved Universitetet i Bergen, der hovudfagsoppgåva handlar om kva den nye teknologien gjer med forholdet vårt til teksten.

-- "Triggerhappy" er ikkje meint som ein provokasjon. Om eit par timar reiser eg tilbake til Bergen. Så får den samla Oslo-pressa meina kva pokker ho vil. Eg drit rett og slett i det! I morgon fiskar eg på Sotra. Håpar eg får ein sei eller to. Eg har lyst på seibiff. Jensen 25 gram. Eg elskar å fiska. Når du er mann, er det ingenting meir tilfredsstillande enn å skjera strupen over på ein torsk. Å sjå blodet spruta!

Pianoet i Biblitekbaren har slutta spela. Summinga har dempa seg. Garderobedama spør varsamt om ho skal hengja opp jakka mi, og eg undrar meg kvifor.

-- Av di me er jegerar alle saman. Diverre får me ikkje sjansen til å utøva trongen til jakt i det moderne samfunnet.

Hangen til raudvin

På bordet i Bibliotekbaren står raudvinsglaset på bordet. Forlaget Oktober spanderer. "Sophia" er neppe hovudperson, men i romanen opptrer denne dama nesten like ofte som hovudpersonen. Denne ettermiddagen, når debutromanen ligg på bordet, er billeg, bulgarsk neppe godt nok.

I Triggerhappy er den vakre, men nedkjørte Thea hovudperson. Ho er vestkantjente og jusstudent i byrjinga av 20-åra, men hangen til raudvin og dop er større enn hangen til paragrafar. Som oftast har ho ei flaske "Sophia" i handa. I romanen fell restaurantnamna hyppigare enn familienamna i ein generasjonsroman.

På vaskesetelen hevdar forlaget at boka er uttrykk for ei tidsånd. Thea er illusjonslaus, alkoholisert, moterett og rå til å dømma andre personar.

-- Kvifor har du valt ei kvinne som hovudperson?

-- Eg har ikkje valt det, men eg har merka straumdraget, ikkje berre i Bergen, Stockholm, Paris, New York eller Oslo. Empirien viser at den kvinnelege åtferda har nærma seg den mannlege i vesentleg grad. Så langt er ikkje denne tendensen gjenspegla i den norske litteraturen i særleg grad. Dei fleste norske forfattarane skildrar ei kvinne som dei skildrar ein kommode. Det vitnar om svært liten respekt for kvinna både som kjønn, individ og subjekt. Eg distanserer meg frå desse forfattarane. Eg vil ikkje ein gong setjast i same båsen som dei.

Moterett og urban

Trond Davidsen er i svarte tees og mørk dressjakke. I buksene har han breie striper -- frå 60-talet. I boka skildrar han nøye kva Thea "er i" til ei kvar tid. Når Thea stiller på Onkel Oswald i Oslo, er ho i "grønt miniskjørt (Gaultier), stay ups, Triggerhappy tees, 14-hulls Dr. Martens -- plommerøde med steeltoes, og skinnjakke".

-- Er Thea ei typisk ung, urban, kvinne?

-- Ikkje typisk. Det verkar som om svært, mange kvinner er bundne opp i ideal som er pressa på dei. For meg vil det alltid vera aktuelt å skildra den røyndomen som eg veit er der. Eg har ikkje ambisjonar utover det. Eg hadde lyst til å skriva ei bok om korleis livet kan arta seg for ei jente i 20-åra.

-- Har du brukt levande modell for Thea?

-- Har du lyst å møta henne? Eg har møtt Thea mange gonger. She is alive and kicking!

-- Det går ikkje så bra med henne. Kva er det som skjer seg?

-- Er det noko som skjer seg?

Innsikt og meining

Pause, pianomusikk, lettøl og raudvin.

-- Alltid ventar folk seg ei løysing. Ein legg eit løysingspotensial i det ein gjer. Dersom ein giftar seg og får barn, trur somme at alt løyser seg. Ære vera dei som orkar å ha den løysingsorienterte tankegangen, men dei lurer seg sjølve.

-- Kan du kort skildra Thea?

-- Eg trur ho kjenner seg sjølv svært godt, og ho gjennomskodar dei andre.

-- Men ho lever eit liv utan mål og meining?

-- Du kan no spørja deg kva liv som er fylt av meining. Livet handlar om å lura seg til å tru at livet handlar om noko som er svært viktig. Det gjeld å koma på ting å gjera, slik at ein kan lura seg sjølv.

-- Greier Thea seg?

-- Det vil visa seg i neste roman. Eg er alt i gang. Ho greier seg nok...

Med Triggerhappy ønskjer Trond Davidsen å føra relevante understraumar opp til overflata og dermed gjera dei kjende for den oppegåande delen av ålmenta.

-- Det er ei bok for Verdikommisjonen?

-- Ja, kor mange er det i Verdikommisjonen...

Tent i New York

Trond Davidsen bur i Bergen, men han er ikkje bergensar. Han er fødd i Tønsberg, men med ein offiser som far vart han dregen med kringom i landet; til Ramsund, Bergen og Stavanger.

Sidan hamna i Stockholm, men først budde han i New York ei tid. Der studerte han arkitektur og kom inn i eit kunstnarmiljø med musikarar og målarar. Og der byrja Davidsen å skriva. Eit teaterstykke vart sett opp på ein teaterskule i Los Angeles, men Davidsen har aldri sett stykket, eller motteke honorar for det. Han skreiv også filmmanus, men frå Hollywood kom det aldri noko positivt svar.

-- Eg vart neppe møtt med anna enn latter. Også den gongen handla det om det same som eg skriv om i Triggerhappy. Kanskje var eg for tidleg ute?

Språkleg slang

I Triggerhappy er språket munnleg og naivistisk, og tabuorda mange. Dessutan er engelske gloser strødde som hagl utover mange av sidene. Davidsen synest at den sterke blandinga av engelsk og norsk er svært fascinerande.

-- Herregud! Tenk om det hadde vore tysk slang. Det ville vore fælt. Eg er glad for at det er engelsk. For meg er bruken av engelske ord i norsk ein rikdom!

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |