Dag og Tid nr. 17, torsdag 23. april 1998

Bøker:

Intelligent og underhaldande

«Rigobertos notatbøker» er ein underhaldande og intelligent roman, meiner Steinar Lillehaug.

Mario Vargas Llosa:
Rigobertos notatbøker
Omsett av Kari og Kjell Risvik
Gyldendal

Mario Vargas Llosa er ein uforutseieleg forfattar. Han har skrive romanar der han skildrar sosiale og politiske tilhøve i heimlandet Peru før og nå, men utan å uttale seg programmatisk eller komma med oppskrifter. Han er også politisk engasjert; utan å likne stort på Sponheim eller Dørum, er han ein slags peruansk venstremann som overraska med å la seg lansere som presidentkandidat til valet i 1990. Berre få år tidlegare uttalte han til den norske journalisten Sigrun Slapgard at han aldri kunne tenkje seg ei politikar-karriere. (Vinduet nr. 3/83).

I det same intervjuet sa han: «Denne djevelske skrivetrangen går sine eigne vegar og overrumplar meg ofte – mine indre djevlar driv meg alltid vidare».

Desse djevlane overraska nok også lesarane da romanen Til stemorens pris kom ut, i heimlandet i 1988 og i Noreg fire år seinare. Både tema og språktone kunne få ein til å tenkje på Dekameronen – medan husherren Rigoberto i ein velståande familie i Lima var svært oppteken av å stelle kroppen sin etter eit nøye utarbeidd program og studere erotisk kunst, var kona hans like oppteken av stesonen Alfonso. Denne vesle guten på om lag ti år hadde alt utvikla appetitt på det seksuelle, og han visste korleis han skulle få tilfredsstilt han hos stemora. Ei humoristisk forteljing som også kjem inn på tilhøvet mellom liv og kunst, og der det pikante temaet blir handsama på ein måte som ikkje burde støyte noen. Sett i lys av verk som til dømes Historien om Mayta er det muleg å lesa boka som ein harselas over overklassen i det fattige Peru, men først og fremst er det ein morosam liten spøk av ein roman. Ein parentes i ein viktig forfattarskap. Trudde eg.

 Oppfølgjar

Men nå har det komme ein oppfølgjar. Vargas Llosas norske omsetjarar Kari og Kjell Risvik har fullført arbeidet med Rigobertos notatbøker på ein framifrå måte, i alle fall så langt ein bokmeldar som ikkje kan spansk, kan bedømme. Denne romanen er meir omfangsrik enn forgjengaren, og kanskje også litterært tyngre, men historia er den same, og personane også. Vi møter dei etter det knall og fall som måtte komma da Rigoberto avslørte kva kona og sonen heldt på med. Lucrecia har flytta, og ho har lite kontakt med mannen, men stesonen lar seg ikkje stoppe. Han har arva farens interesse for erotisk kunst, og engasjerer seg spesielt i livet og verket til den austerrikske ekspresjonisten Egon Schiele, som han på fleire vis identifiserer seg med. Overfor stemora og hushalderska hennar snakkar han opprømt om idolet sitt, og han får dei stadig opp i situasjonar der han kan opptre som Schiele og dei som modellar i utfordrande positurar.

Uvitande om alt dette, held forsikringsselskapsdirektør Rigoberto på med sitt. Den grundige kroppspleia gav han opp da han sende kona si på dør; nå er han oppteken av å fantasere om henne og dei situasjonane ho kan komma opp i når han ikkje er deltakar i livet hennar. Dessutan fører han hemmelege notatbøker. Han skriv om kvifor han ikkje bryr seg om naturvern, om kvifor han vil halde seg langt unna Rotary og liknande brorskap, om biletkunst, litteratur og filosofi, og ikkje minst om kjønnsliv. Han har eit credo, og det legg han fram i brevet til rotarianaren på side 136: «Enhver menneskelig aktivitet som ikke, om enn på den mest indirekte måte, bidrar til testikulær eller ovarisk syding og bobling, ved møtet mellom spermatozoider og eggledere, er forkastelig.»

Enkel bodskap

Bodskapen i romanen er enkel, men strukturen krev sitt av lesaren. Boka er delt inn i ni kapittel og ein epilog, og kvart kapittel er sett saman av direkte skildringar av møte mellom Lucrecia, hushalderska og Alfonso, utdrag frå notatbøkene, erotiske opplevingar der det ikkje alltid er muleg å avgjøra kva som er handling og kva som skjer i hovudet til Rigoberto, og skildringar av Lucrecias lengt etter Rigoberto.

Som lesarane forstår, er Rigobertos notatbøker ein underhaldande og intelligent roman. Det går fint an å lesa han utan å leite etter djupare meining, samstundes som ein både kan finna invitasjonar til ettertanke og lære nye, artige ord – «otorrinolaryngologisk», for eksempel. Eg trur framleis ikkje at forteljinga om Rigoberto med familie vil bli oppsummert som den mest sentrale i forfattarskapen til Mario Vargas Llosa, men for den som vil ha morosam tidtrøyte som ein ikkje blir dummare av, er denne boka eit godt alternativ.

Steinar Lillehaug

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |