Dag og Tid nr. 11, 12. mars 1998

Bøker:
Storarta lesar-oppleving

I "Balansekunst" har forfattaren lukkast i å skildre eit samfunn og menneska som lever i det på ein slik måte at lesaren brenn etter å komma vidare, skriv Steinar Lillehaug.

Rohinton Mistry:
Balansekunst
Omsett av Torleif Sjøgren-Erichsen
Aschehoug 1997

Like før jul får eg Balansekunst av Rohinton Mistry i posten. Oppgåva blir å skulle skrive om ein roman som den eine kollegaen etter den andre har lovprist, og som fleire har trekt fram som ei av dei beste bøkene på norsk i 1997. Utanlands har forfattaren hausta laurbær for boka òg, så slaktekniven kan nok få bli liggjande.

Det viser seg fort at eg får andre ting enn pinnekjøt og akevitt å bli opptatt av i romjula. For i Balansekunst har forfattaren lukkast i å skildre eit samfunn og menneska som lever i det på ein slik måte at lesaren brenn etter å komma vidare samtidig som han må bremse for ikkje å bli ferdig for fort. Når romanen går over 625 sider, varer ein slik leseprosess ei stund.

Midtpunktet

Handlinga er lagt til India i 1975, det året da Indira Gandhi blei skulda for valfusk og erklærte unntakstilstand. I ein av storbyane i landet bur syerska Dina Dalal; ho er enkje og har vondt for å få pengane til å strekkje til. Det er denne kvinna som representerer det varige i ei forteljing der mye endrar seg, noe som heng saman med at samfunnet romanen handlar om, er prega av at vanlege folk er prisgitt makthavarar som brutalt og utan forvarsel stadig grip inn i kvardagen deira.

Og husværet hennar blir det geografiske midtpunktet -- det blir meir enn ein bustad og ein arbeidsplass for dei som held til der. Ikkje minst blir det slik for Dina sjølv, ho som gav opp trua på at livet hadde noe å gi da mannen døydde, men som opplever både varme, vennskap og nestekjærleik når leigebuaren Maneck og skreddarane Ishvar og Omprakash kjem inn i livet hennar.

Optimisme

Maneck kjem til byen for å studere. Han er den sosiale klatraren i boka, den som har best føresetnader til å klare seg bra, og som på sett og vis også gjør det. Etter eit år som vidløftig student utan spesielt gode resultat, får han seg arbeid i Dubai, der han blir i åtte år utan kontakt med India. Når han kjem tilbake, har han det betre materielt enn noen av dei andre, men prisen han må betale reint menneskeleg, blir så høg at det nok er rett å seia at Maneck er den tragiske karakteren i boka.

Dei to skreddarane kjem til byen frå landsbygda, der dei har måtta lide for å ha kryssa grensene frå ein kaste til ein annan. Den yngste er berre sytten år og foreldrelaus, og onkelen som han reiser saman med, tar ansvaret for nevøen svært alvorleg. Det er desse to som har det vanskelegaste utgangspunktet, og det er desse som blir utsette for dei hardaste overgrepa, men det er samtidig desse to det knyter seg mest komikk og humor til. Ved å ha skapt desse to, opnar Mistry for ein optimisme på vegner av det menneskelege, som er sjeldan å finna i samtidslitteraturen

Uttrykkjer håp

Rundt dei fire hovudpersonane myldrar det av spesielle individ. Tiggarar med og utan bein, og yrkesutøvarar i dei merkelegaste profesjonar. For eksempel han som samlar hår og sel vidare. Og det er spesielt for Mistry at han finn forsonlege trekk hos dei aller fleste. Alle som nauda har fått til å ta opp meir eller mindre suspekte yrke, blir skildra med sympati. Det gjeld både han som har slått seg opp på å få andre til å tigge for seg og han som lever av å krevje inn leige og kaste ut dårlege betalarar. Men dei som står bak overgrepa, har ikkje forfattaren noe til overs for, og sjølv om Indira Gandhi ikkje blir nemnt med namn, er det lett å sjå at ho ikkje står høgt i kurs.

Det er lett å bli freista til samanlikningar med Dickens når ein les denne boka. På den eine sida fordi han er ein gigant den som skriv realistiske romanar ikkje kan komma utanom. Men det også slik, at den indiske storbyen Mistry skriv om, har mye til felles med det London som vi møter i Oliver Twist. Personane til Mistry blir utsett for meir brutalitet enn dei Dickens skreiv om, noe som speglar ein viktig skilnad mellom dei to samfunna, og ein forfattar som skriv i dag, har sjølvsagt færre konvensjonar å ta omsyn til. Slik er det muleg for Mistry å skrive nokså rett på sak om kjønnsliv og andre kroppslege løyndommar.

Mot slutten av boka legg han desse orda i munnen på Dina Dalal: "Når det gjaldt mennesker, var undring den eneste følelsen som ga mening. Undring over deres evne til å holde ut -- og dessuten sorg, over hvor håpløst det hele var." Det er ikkje usannsynleg at dette er ei haldning forfattaren sjølv deler, og da er det ein del av stordommen ved romanen at han har skapt personar som kan uttrykkje så mye håp gjennom måten dei taklar dei harde livsvilkåra sine på.

Kanadisk

Forfattaren er fødd i India, men han har budd i Canada sia 1975. Balansekunst kom ut i Canada, og det er nok riktig å rekne romanen til den kanadiske litteraturen heller enn til den indiske. Den som ser etter, vil finne at forfattaren ikkje skriv først og fremst for indarar. Hadde han gjort det, ville han nok ikkje skildra elementære trekk ved livet i landet så detaljert. Vi andre får ein ekstra bonus når vi les boka; vi kan for eksempel lære oss å laga ein indisk matrett eller to, og den som ønskjer innsikt i den nære historia til dette spennande landet, vil få vel så mye ut av denne fiksjonen som av reisebøkene Göran Tunström og Günter Grass gav ut for noen år sia.

For at forteljinga skal virke meir autentisk, kryr det av indiske ord og uttrykk. Dei fleste er omsette til norsk, men det ville ha vore meir praktisk med fotnotar enn med ei ordliste som ein stadig må avbryte lesinga og bla seg fram til. For øvrig er det grunn til å vera takksam mot omsetjar Torleif Sjøgren-Erichsen, som har jobba seg gjennom denne mursteinen og sett han om til lettflytande bokmål.

Steinar Lillehaug

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |