Dag og Tid nr. 7, torsdag 12. februar 1998

Leiar:
Kontant motstand

Dei siste dagane og vekene er det blitt tydelegare og tydelegare: Regjeringa har berre ei sak å kjempe for. Alle andre saker kjem meir og meir i bakgrunnen for det som i utgangspunktet var ei privat KrF-sak i sentrumsregjeringa. Ordskiftet om kontantstøtta dei siste dagane illustrerer den sørgjelege tilstanden i norsk politikk: Heilskap druknar fullstendig i meiningslaus krangel om ei einskildsak.

Arbeidarpartiet har diverre også late seg lokke inn i KrF-fella, og har sett i gang ein kampanje som berre gagnar KrF og kontantstøtta. Det fortener korkje Arbeidarpartiet eller Kristeleg Folkeparti.

For nokre dagar sia sette Arbeidarpartiet i gang ein underskriftsaksjon mot kontantstøtta på Internett.

«Bygg barnehager, sa vi i 1986. Det ble tusenvis av nye barnehageplasser», skriv Arbeidarpartiet på Internett-sidene sine. Dei held fram: «Stadig flere barn fikk trygge og lærerike dager i barnehagen. Det tok 149 år å bygge de første 100.000 barnehageplassene, men bare 8 år å bygge de neste 100.000. Nå foreslår Bondevik-regjeringen en kontantstøtte som betyr at en plass i barnehagen i virkeligheten vil koste dobbelt så mye – omlag 7000 kroner i måneden. Vi er oppriktig redd for at kontantstøtten vil ramme barnehagene.»

Dette er berre eitt av mange døme på korleis ordskiftet om kontantstøtta har utvikla seg til ein meiningslaus parodi på politiske debattar, og det er eit godt døme på korleis opposisjonen driv valkamp for Kjell Magne Bondevik og Kristeleg Folkeparti.

Det er vanskeleg å forstå kva politiske strategiar som ligg attom den einøygde kampanjen som er sett i gang mot kontantstøtta. Det kan da ikkje vera god strategi å leggje så mykje krefter i ei tapt sak – same kor reaksjonær ein måtte meine at kontantstøtta er. Ikkje er ho blant dei viktigaste sakene i norsk politikk for tida, heller.

Valgerd Svarstad Haugland og Kjell Magne Bondevik har openbert forstått at di lenger dei held denne saka varm, di større merksemd får dei om eige parti, og di mindre merksemd blir retta mot alle dei sakene som denne regjeringa ikkje er i stand til å vinne. Vonleg trengjer denne forståinga etter kvart inn i dei mørkaste kråene i kontora til opposisjonen òg.

Audun Skjervøy

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |