Dag og Tid nr. 7, torsdag 12. februar 1998

Sørebø – synspunkt:
Snakkande kommisjon

Tida er inne til å nemne opp ein kommisjon som får i oppgåve å greie ut spørsmålet om korfor vi får så mange kommisjonar. Det er det vi kallar ein internasjonal trend i land som har ei demokratisk styreform. Det blir nemnt opp ein kommisjon så snart det melder seg ei sak der regjeringa vil overtyde folk om at kvar ein stein skal vendast. Kommisjonar får ofte eit sterkt innslag av juristar, endå om sakstilhøvet ikkje har noko med tolkinga av lov og rett å gjere. Verdikommisjonen har fått ein lagdommar på veg til mellomfolkeleg dommararbeid som leiar. Kvifor fall ikkje valet på ein historikar eller ein filosof, spør somme. Andre tykkjer det er underleg at ein lutheransk statskyrkjeprest, statsminister Kjell Magne Bondevik, valde ei fråskild, katolsk kvinne til leiar for kommisjonen. Men korfor har vi fått denne kommisjonen – og korfor så mange kommisjonar av alle dei slag i land etter land?

Medan vi ventar på ein kommisjon som kan svare på korfor det har gått inflasjon i oppnemninga av kommisjonar, kan det peikast på mange årsaker. Mange saker er så innfløkte at ei regjering treng hjelp til å få dei utgreidde av ekspertar, men det er politikk i det meste her i verda, og samansetjinga må vere i samsvar med demokratisk tankegang med plass for vanleg bondevett for å stå for kritikk. I mange tilfelle treng ei regjering å få avgjerda utsett, og det gjev pusterom å nemne opp ein kommisjon. Det kan også vere ein utveg til å komme seg ut av ei politisk klemme. Kommisjonar kan – jamvel om dei sprekk – samle berande argument for omstridde standpunkt.

Verdikommisjonen skal etter det oppfinnaren Kjell Magne Bondevik har sagt, ha sin største verdi i prosessen, ikkje i det resultatet som blir lagt fram. Det skal vere ei hjelp til å få samtalen om etiske spørsmål i gang i heimane og over alt der folk møtest. Kommisjonar brukar å sitje i møte i månader og år og teie bommande stilt om det dei gjer, men dette skal etter det vi forstår vere ein snakkande kommisjon, og det kan bli mykje snakk. Mange trur at det blir berre snakk av det, og er det ikkje nok snakk frå før? Det er ikkje mangel på samtale om innvandringa og rasisme som er problemet vi står overfor, problemet er å få det rasistiske tankeslagget bort. Folk veit godt kva som er rett og gale. Det er ikkje mangel på kjennskap til lov og rett som får folk til å snyte på skatten så sant dei kan, smugle, snike på trikken og knaske i seg ubetalt smågodt dei tek på vegen gjennom matbutikken der dei berre tørkar seg om munnen når dei kjem til kassa. Knapt noko har det vorte snakka så mykje om som dei urimeleg høge lønene til toppleiarar i næringslivet, men dei høge herrane har ikkje fått mindre appetitt av det. Snakk og samtale kjem neppe til å endre det.

Klage over mangel på samtale i det offentlege rommet er vanskeleg å forstå, her det tyt på alle radio- og fjernsynskanalar døgnet rundt med ordskifte og meiningar om alle tenkjelege tema i tida – fordi det er det billegaste. Sant nok sit folk med steinandlet på trikk og tog utan å seie eit ord til den som sit ved sida, men det har folk her i landet alltid gjort, og nå har dei større grunn til det enn før fordi det er så mykje ståk støtt. Sant nok er det mange einsame menneske i det moderne samfunnet, men det problemet kan vel ikkje ein kommisjon snakke bort.

Verdikommisjonen har vorte omtala som eit tiltak på moralistisk grunnlag. Det er ikkje underleg. I ei oppslagsbok er ordet moral definert som eit «system av normer, verdiar og haldningar som blir hevda og praktisert av eit individ eller ei gruppe; oppfatning av rett og gale, sedelære, etikk». Det er ein definisjon det ikkje kan vere usemje om, og etter den definisjonen kan Verdikommisjonen like godt kallast Moralkommisjonen. Korfor blir det avvist så energisk? Det undrar nok mange seg på. Men det er kanskje fleire som undrar seg på at den mannen som i særklasse har skaffa det norske folket mest å snakke om, Knut Haavik i Se og Hør, ikkje er med. Sa han nei?

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |