Dag og Tid nr. 7, torsdag 12. februar 1998

Reportasje:

Lysekroner, tyggjegummi og vitskap

På loftet sit åtte kosmologar. Der det ein gong var vinkjellar, «bryggerhus» og tenarrom, fyller tankar om Grieg og den offentlege meininga romma. Pendelen på ei klokke i nøttetre tikkar bestemt i andre etasje. Ein gong sleit Ibsen og Bjørnson sofaer i Drammensveien 78.

TEKST: Cecilie N. Seiness

Ein nordisk båt med drakehovud glir inn mot eit tempel og ein landsby sør i Europa. Ein mann med hjelm sit på eit bjørneskinn, ein annan spelar harpe. I bakgrunnen kneisar Romsdalshorn! Eit måleri i andre etasje i Drammensveien 78 i Oslo har denne salige blandinga av klassiske, romantiske og norrøne trekk. Den svenske kunstnaren Mårten E. Winge hylla det nordiske, antikken og huseigar Hans Rasmus Astrup frå Molde med biletet. I statsråd Astrup sin villa i Drammensveien, ein av dei rikaste mennene på slutten av 1800-talet, held i dag Det Norske Videnskaps-Akademi til.

Akademiet har 700 medlemmer, alle er dei framståande forskarar på ulike felt. 450 er norske, 250 er utanlandske. Truleg ei tilsvarande blanding av fagfelt og retningar frå både sør og nord. Den yngste av medlemmene er fødd i 1960, storparten er over 60 år og 90 prosent er menn. For at ein ny forskar skal verta medlem, må ein plass bli ledig; ein av forskarane må døy. Men sjølv når ein plass er ledig, og det kjem framlegg om at ein nytenkjande skal røystast inn, er det slett ikkje sikkert det går slik. 50 prosent av framlegga til nye forskarar vert avslått. Slik er det i vitskapsakademiet, eit landsdekkjande akademi for framståande forskarar, eller kanskje eit landsdekkjande akademi for eldre forskande menn.

– Forskarane vert medlemmer litt seint i livet. Dei bør veljast tidlegare. Me freistar å få fleire kvinner, men talet på kvinner speglar kor mange kvinner det er i leiande stillingar på universiteta, seier nyvald preses eller formann, Lars Walløe.

Patologi og dekorerte tak

Kvit himmel, gråkvit snø, svarte høge tre og eit gult staseleg hus med fire etasjar. Huset i Drammensveien er dei lærde sitt hus, dei som har dytta vitskapen eit skritt vidare. Akademiet er ei eksklusiv forsamling tenkjande menneske, slike som fredsforskaren Johan Galtung, teologen Jacob Jervell, etnologen Thor Heyerdahl, professor i rettsvitskap Lucy Smith, professor i patologi Ole Didrik Lærum og professor i medisin Nils Retterstøl. Akademiet har den russiske og franske ambassaden som næraste naboar. Ein gong nådde hagen utanfor huset ned til Frognerkilen, heilt til fjorden. Så vel er det ikkje i dag, bilane summar på kvar side av huset, men framleis er hagen stor, og dei tenkjande som held til i huset kan lufta hovudet der. Ein røykjande forskar med briller og mørke klede trakkar spor i snøen denne februardagen.

Vitskapsakademiet er ein rest av ei anna tid. På veg inn den tunge døra får ein ei kjensle av at Ibsen og Bjørnson truleg set der inne enno, under dekorerte tak. Dersom ein berre ser etter, så held nok statsråd Hans Rasmus Astrup, som ein gong bygde huset, middag i den store spisesalen, eller teselskap i Cabinettet eller Blomsterværelset. Eller kanskje Jonas Lie, som òg skal ha vore mykje i huset, går rank og rett opp trappa til Gobelinsalen i andre etasje. For huset var ikkje bygd til vitskapsakademi, men til bustad for Astrup med kone, åtte barn og tenarar. Allereie då Astrup med familie budde der, var huset noko meir enn ein vanleg bustad. Astrup samla vitskapsmenn, politikarar frå ulike parti, kunstnarar og forretningsmenn. Han inviterte fiendar til huset, og ei historie seier at det vart sett ein høgre- og ein venstremann på veg saman innover mot Christiania etter selskap hos Astrup!

Forretningsmannen Astrup hadde tent seg rik på klippfisk og trelast. I 1885 busette han seg i Christiania, som ein av dei rikaste mennene i landet måtte han ha ein representativ bustad; vinkjellar, «bryggerhus», stryke- og rulleværelse, rom for tenarar og malerisal var nokre av romma i huset på aller beste vestkant. Huset vart bygd i 1886 og 1887. Astrup døydde i 1898, frua like etter hundreårsskiftet. I 1911 overtok vitskapsakademiet huset. Akademiet delvis fekk og delvis kjøpte huset.

Lysekroner og tyggjegummi

Villaen eller vitskapsakademiet er ikkje noko museum. Kvar månad held den matematisk-naturvitskaplege klasse og den historisk-filosofiske klasse, som medlemmene er delte inn i, møte. Dessutan har 20 forskarar og eit sekretariat på fem arbeidsplassen sin i huset. Førre året var 7000 menneske innom huset på 170 ulike arrangement. Foredrag, konferansar og offentlege førelesingar – plass er det nok av.

– Det er så primitivt at det er til å gremmast over, heilt utan respekt, seier økonomi- og administrasjonssjef Robert W. Vaagan medan han freistar å fjerna ein tyggjegummi som er plassert under ein av dei 119 stolane i foredragssalen til matematisk-naturvitskaplege fag. Over hovudet hans heng ei lysekrone på 600-700 kilo frå Paris, på veggen eit måleri av Gude. Vaagan forklarer at når kongen og dronninga er på besøk, så sit dei midt framføre talarstolen.

– Kong Olav hadde tre stader han gjekk fast. Det var Oslo Militære Samfund, Den Polytekniske Forening og vitskapsakademiet, seier Vaagan.

Kongen og dronninga passar betre enn tyggjegummien i Drammensveien 78. Huset er fylt av skulpturar og teppe og kunst og gamle møblar og vitskap. Vaagan set ein stol med velurtrekk på plass, fortel om gobeliner som framstiller dei fire sansane, syner fram fleire meter høge svenskeomnar og fortel at eit rom som ein gong var soverom no er styrerommet til vitskapsakademiet.

Kvalross

I kjellaren og på loftet held «Senter for høyere studier» til. Til senteret vert det årleg invitert framståande forskarar til opphald utan andre plikter enn eiga forsking. Kvart år arbeider tre ulike forskargrupper med kvar sitt tema.

To etasjar av huset lever framleis på 1800-talet, dei to andre har kome til 1990-talet. Dei to mellomste etasjane har vorte att i det hundreåret vitskapsakademiet vart danna; mørkt tre, portrett av den kvalrossliknande Astrup som ein gong bygde huset, skulptur av ungane hans og raude løparar.

Men på loftet og i kjellaren er det annleis. Museumskjensla forsvinn på veg opp eller ned trappene. Det sit kosmologar på loftet, lengst mot himmelen slik det bør vera. «Generell kosmologi og gravitasjonslinser» er temaet deira. I kjellaren, der Astrup sine tenarar budde utan vindauge, sit Grieg-forskarar og forskarar som arbeider med «offentleg opinion». 12 forskarar held til i kjellaren, åtte på loftet. Kjellaren i huset romma ein gong nedstøva vitskaplege avhandlingar, men i 1992 vart det rydda opp. Gudmund Hernes tykte i si tid som kyrkje-, utdannings- og forskingsminister at vitskapsakademiet burde nyttast til anna enn lagringsstad for gammal og utdatert forsking. Ideen om eit senter for høgare studiar hadde han frå USA. Og senteret har vorte ein stad der forskarar kan trekkja seg tilbake for ei tid, utan plikter og med høve til å nytta all tid til å forska på eit emne. «Senter for høyere studier» har fått plassen etter at dei forelda avhandlingane vart kasta ut. Ein norsk framståande forskar leier kvar av gruppene.

Grieg i Russland

Finn Benestad leier gruppa som arbeider med Grieg. Interessa for å vera med på Griegprosjektet har vore stor.

– Nordiske, tyske, engelske, amerikanske og russiske forskarar har vore med. Til dømes har ein tysk forskar arbeidd med Griegs harmonikk, ein russar med Grieg og Russland og ein annan tyskar med Tyskland og Grieg. Prosjektet er viktig for Griegforskinga, seier Benestad som er professor i musikk.

Han tykkjer det er godt å vera vekke frå universitetet.

– Her slepp me å ha undervisningstimar. Me har dørene opne, og me kan snakka saman.

Dei tre forskargruppene et lunsj saman. Benestad held seg orientert om kva dei andre forskargruppene arbeider med.

– Valforskarane arbeider med stemningar i folket og korleis dei svingar. Slike tidsånder finn ein òg i musikken. Plutseleg kjem ei nyvekt interesse til dømes for Grieg. Det er interessant å sjå slike likskapar mellom felta me arbeider på.

– Senteret for høgare studiar er ein oase i ein elles ikkje heilt tørr ørken. Mange av utlendingane som er her og forskar seier at noko slikt burde dei òg hatt i heimlandet. Det gjev inspirasjon å vera her, seier Benestad.

«Crème de la crème»

Universiteta og høgskulane i landet dyttar inn og ut studentar så fort som mogleg. Lærdom på samleband, seier somme. Lesesalane minner om fabrikkar der tid er pengar, forskarane klagar over alt for mange oppgåver som går ut over forskinga. I Drammensveien i Oslo finst ein bit av noko anna, ein 2200 kvadratmeter rest av gammal akademisk heider og ære, og forskarar som kan arbeida med det dei vil utan at nokon kontrollerer kva dei nyttar både pengar og tid til. Å vera medlem i akademiet blir rekna som ei stor ære.

– Det er «crème de la crème» av forskarane, seier Robert W. Vaagan, økonomi- og administrasjonssjef.

Fridtjof Nansen, sosialøkonom Ragnar Frisch, sosialøkonomen Trygve Haavelmo, kjemiprofessoren Odd Hassel – dei er, eller var alle medlemmer i akademiet. Og det er ikkje lett å verta med i det gode selskap som arbeider for å fremja vitskapleg forsking. Ein må verta foreslått av to som arbeider innan same fagfelt, men det må ikkje vera kameraderi, ein kan ikkje ha eit altfor nært samarbeid med dei ein vert foreslått av. Medlemmene avgjer kven som skal få verta medlemmer. Tanken er at ein skal verta vurdert av likemenn. Sjølv om ein er professor, tyder ikkje det at ein vert vald inn i akademiet. Berre om lag ein femdel av alle professorane i landet har vorte heidra med medlemskap.

– Kriteria er kvalitet. Dei som er medlemmer her må vera framifrå forskarar, dei må ha ei lang publiseringsliste og vera fornyarar innan sitt fagfelt, seier Vaagan.

Seint ute

Noreg var seint ute med å danna vitskapsakademi samanlikna med dei andre europeiske landa. Det fyrste selskapet av denne typen vart danna i Napoli i 1560. Svenskane fekk vitskapsakademi i 1730-åra og Danmark i 1740-åra. I 1760-åra var Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab danna i Trondheim, men det fyrste landsdekkjande akademiet i Noreg kom ikkje før i 1857.

Nyvald preses i vitskapsakademiet, Lars Walløe, seier at Vitskapsakademiet spelar ei større rolle til dømes i Sverige og England enn kva det gjer i Noreg. Han tykkjer vitskapsakademiet burde vore viktigare her til lands.

– Drifta av akademiet er vanskeleg i dag. Totalt sett er det få midlar til forsking i Noreg. Når det gjeld bruken av midlane og kva fagfelt og kriterium ein vel ut dei som skal støttast frå, kan akademiet spela ei viktig rolle. Forskarane i akademiet kan peika på fagområde og grupper som ein bør støtta, seier Walløe.

Han ser ikkje på vitskapsakademiet som ein forelda institusjon, sjølv om akademiet vart danna for nærare 150 år sidan. At institusjonen er gammal og mange menn har styrt, syner portretta i spisesalen i andre etasje.

Alvorlege generalsekretærar kledde i mørke klede heng på rekke og rad.

– Me byter litt på kven som heng oppe, fortel Vaagan.

Nynorskprofessoren Leif Mæhle har akkurat slutta som generalsekretær, teologen Hans Magnus Barstad har teke over. Men Mæhle er framleis medlem i akademiet og dukkar plutseleg fram frå eit kontor. Han veit alt om kvart eit bilete eller stol i villaen. No skal Mæhle òg hengjast på veggen. Eit portrett måla av Wenche Øyen står klar. Mæhle viser villig fram resultatet. Mæhle er ikkje på veg i noko skip mot ein sørleg landsby med tempel, han sit heller ikkje på bjørneskinn eller spelar harpe. Han er alvorleg og dresskledd – utan Romsdalshorn i bakgrunnen.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |