Dag og Tid nr. 5, torsdag 29. januar 1998

Bøker:

Tvitydig og nominert færøying

Carl Jóhan Jensen er nominert til Nordisk råds litteraturpris for Færøyane. Trass i at han har budd nærare fem år her i landet, er det svært få som kjenner forfattarskapen hans.

OTTAR FYLLINGSNES

I baren på Grand Hotel i Tromsø ein laurdags føremiddag i ellevetida er det berre nokre få gamle damer som nippar til kaffien og grafsar i gamle dagar, før dei set gaffelen i kakene. Her er det ingen færøysk poet.

I Jensens siste diktsamling er tida tema. På baren i Tromsø går tida. Stadig fleire gamle stokk-damer kjem sukkande, pustande og pesande opp trappene. Snart er det seksti av dei, men ingen kan mistenkjast for å vera færøysk poet. Etter å ha ringt den australske kona hans, som seier at han er på Grand for å verta intervjua – og tråla lokalet for tredje gong, dukkar det opp ein høgreist mann blant alle dei krokute damene.

Carl Jóhan Jensen (40) er ein lågmælt færøying, men han har både humor og sjølvironi. Eit skilt ved hotellinngangen fortalde denne dagen at baren var stengd, men så var baren open likevel.

På Grand seier færøyingen nei til kaker, men ja til te.

«Tímar og rek» er tittelen på den diktsamlinga han er nominert for. På dansk har ho fått tittelen «Vraggods af tid». Når poeten sjølv skal setja om, vert det «Tid og opphald».

Det er andre gongen at Jensen er nominert til Nordisk råds litteraturpris. Den første gongen var for diktsamlinga «Hvørkiskyn» i 1991, men det året trekte Nils Aslak Valkeapää det lengste strået.

Denne veka vert namnet på vinnaren av den nordiske litteraturprisen for 1998 kunngjort. Ein må heilt tilbake til 1986 for å finna ein vinnar frå Færøyane. Den gongen var Rói Patursson den heldige.

Noko på hjarta

Carl Jóhan Jensen har tidlegare gjeve ut fem diktsamlingar og romanen «Rúm» som kom i 1995. Han kallar seg ikkje postmodernist, men han ser ikkje bort frå at andre gjer det. Ved universitetet i København sit det til dømes ein som analyserer postmodernisten frå Færøyane.

I Jógvan Isaksen bok om færøysk litteratur heiter det at det vrimlar av bilete frå gresk og nordisk mytologi i Jensens diktsamlingar. I tillegg er det feberheite syn frå Bibelen og «kristendommens fremtrædelsesformer». Diktaren prøver å klarleggja og avbilda angsten til det moderne mennesket, han prøver å avbilda mangelen på retning i tilværet i notida, samstundes som eintydige ideologiar har altfor lett for å ta over. Det er ikkje tvil om at Jensen har noko på hjarta, og det er ikkje alltid sjølvsagt i færøysk lyrikk, skriv Isaksen.

Skralt fjorår

Carl Jóhan Jensen har budd i Tromsø sidan 1993. Då fekk den australske kona ein god jobb i ishavsbyen som leiar for organisasjonen North Atlantic Marine Mammal Commision, som har med forvaltninga av kval og sel å gjera. I dag får eg eit klart inntrykk av at færøyingen kan tenkja seg å flytta.

– Byen ligg litt langt utanfor allfarveg, i alle fall for den som er i dette faget, seier han. Den nominerte frå Færøyane ser ikkje bort frå at Australia vert neste stogg.

Rett nok er ikkje ishavsbyen utan litterært miljø, men aktiviteten avgrensar seg naturlegvis i ein relativt liten by. Carl Jóhan Jensen er med i Nordnorsk forfatterlag og Norsk Forfattersentrum, som har kontor i byen, men han har for lengst innsett at Tromsø på ingen måte er verdas litterære navle.

Sjølv om Carl Jóhan Jensen har postkassa si i Tromsø, følgjer han godt med i det som skjer med den færøyske litteraturen.

– Det er lett å ha oversikt. Fjoråret var heller skralt. Dei siste ti åra har det vore ein tendens til fleire færøyske romanar, men i fjor haust kom det ut berre ein roman som var lesverdig. Kvart år kjem det mange bøker på eige forlag, men alle er ikkje like gode. Det er ikkje mange store forlag på Færøyane. Studentforeininga i København er blant dei som gjev ut bøker, men heller ikkje det forlaget er stort, kanskje på line med vesle Solum. Lærarforeininga har også eit forlag, men det har spesialisert seg på barne- og ungdomsbøker. Kanskje kan det minna om eit norsk forlag. I tillegg er det forlag som baserer seg mykje på friviljug arbeid og entusiasme. Jens Pauli Heinesen har gjeve ut på eige forlag i minst 25 år.

Ordspel

Carl Jóhan Jensen ler når eg spør korleis den siste boka hans har vorte motteken på Færøyane.

– Det var litt opp og ned det!

Den breie lesarskaren har Carl Jóhan Jensen ikkje. Han viser til ryktet som seier at han er både uforståeleg, avantgardistisk og esoterisk. I den siste samlinga presenterer han for første gong ein heil serie sonettar.

– Det høyrest pompøst ut, men i «Tímar og rek» handlar det om tida og føresetnaden for tilværet...

Tidlegare har Jensen snakka om å lada orda på nytt. Han har henta fram gammalt språkmateriale for å skapa nye vinklar. Jensen omtalar Regin Dahl som den største lyrikaren Færøyane har fostra. Dahl kopla den gamle færøyske kvad-tradisjonen til meir moderne former. Opphavleg var Jensen påverka av Dahl, men etter kvart har han prøvd å koma seg laus frå den skrivemåten.

I tidlegare diktsamlingar er Carl Jóhan Jensen kjent for ordspel-eksperiment. I den siste boka har han fjerna seg frå denne måten å skriva på.

– Det passa ikkje inn i prosjektet. Sonettane gjorde krav på noko anna. Det var ikkje mogeleg å bruka lange, samansette ord. Kanskje kan det verka som om denne boka er lettare enn dei andre. Eg veit ikkje. Både denne og dei tidlegare bøkene krev interesserte lesarar. Mange av tekstane har doble meiningar. Eg føretrekkjer mangetydige ord. Eg elskar ord som leksikalsk har fleire tydingar. Ved å bruka slike ord kan eg skapa ein mangfaldig klangbotn, seier Jensen.

Og gjev eit døme.

I 1987 gav han ut boka «Lygnir». Ordet kan tyda både lygn, men også ein blikstille sjø. Ein forfattar som dyrkar denne måten å skriva på, må nødvendigvis få ei menigheit. Jensen har hausta mange gode kritikkar, men samstundes er det mange meiningar om skrivemåten hans.

Sinna i kok

Heime på Færøyane har han ofte kome i hardt vær. Diskusjonar om den litterære allmenntilstanden på øyriket har sett sinna i kok. Carl Jóhan Jensen har peika på at kvaliteten i den færøyske litteraturen er for låg, og ivra for å betra situasjonen.

– Det manglar ein kvalitetsdebatt på Færøyane. Det har vore ein tendens til å gje færøysk litteratur amatørstatus og ikkje noko meir. Eg har ikkje vilja godta at det halvdårlege og middelmåtige er godt nok. Me må krevja meir. På Færøyane finst det forlag som arbeider profesjonelt. Dei burde sett større krav til bøkene dei gjev ut. Alle kan søkja Lagtingets kulturfond om støtte, og der får dei litt. Berre sjeldan vert det gjeve ut bøker utan offentleg støtte. I kulturfondet tek ein ikkje stilling til kva som er godt eller dårleg. Det medfører at det kjem ut mange dårlege bøker. Kulturfondet burde ha gjeve ei klar tilbakemelding. Slik er det ikkje. Styreformannen for fondet uttalte i eit intervju at det ikkje var komiteen si oppgåve å ta stilling til om bøkene var gode eller dårlege. Det var dei ikkje kompetente til, meinte han. På Færøyane merkar ein konkurransen frå den skandinaviske og spesielt den danske litteraturen. Når det festar seg eit inntrykk av at dei fleste bøkene som kjem ut på Færøyane, er halvdårlege, gidd folk ikkje å lesa dei lenger. Så langt har ein på Færøyane hatt ei naiv haldning. Det har vore høgtid kvar gong det har kome ei ny bok. Folk har gledd seg over kvar bok, utan å ta stilling til kva som eigentleg vert gjeve ut. Det var annleis før. På 30- og 40-talet hadde ein tidsskriftet «Vardin». Der gjorde Rikard Long ein svært god jobb med å få fram litterære talent og kultivera dei. Han var svært kritisk. Tidsskriftet lever framleis, men i dag spelar det ikkje noka viktig rolle lenger.

Veike politikarar

Den utflytta poeten er ikkje nøgd med kulturpolitikarane på Færøyane.

– Dei er svært negative til alle kulturelle tiltak som kostar pengar. Dei syner mangel på vilje til å gjera noko som helst, og dette har ikkje med den økonomiske krisa å gjera. Slik har det vore heile tida. Eit samarbeidsorgan for dei små forlaga burde ha fått offentlege løyvingar for å fremja færøysk litteratur i andre land. På Island til dømes vert det gjort svært mykje for å gjera litteraturen kjend i utlandet, trass i at det også der finst folk som klagar over at det vert brukt pengar til pjatt. På Færøyane kjenner eg berre ein politikar som har ivra for å betra tilhøva for færøyske forfattarar.

– Har den klare bodskapen din om færøysk litteratur gjeve deg fiendar på Færøyane?

– Ja, mange. Eg har også kome i skade for å seia noko om den feministiske litteraturen. Det vart ikkje teke nådig opp. Den gongen galdt den svært svingande kvaliteten på prosabøker som kom ut tidleg i 80-åra. Svært mykje var ikkje bra nok. Likevel fekk bøkene store oppslag i pressa.

– Du er med andre ord i eksil i Tromsø?

– Nei, nei! Det var på grunn av jobben til kona at eg kom hit. Før me flytta, hadde eg inntekter på omsetjing og frilansing. Etter den økonomiske krisa på Færøyane i 1992, vart det færre oppdrag. Eg hadde eit halvt års engasjement med ei færøysk ordbok, men då det tok slutt var det ikkje utsikter til å få særleg meir, seier Jensen. No for tida er han i gang med å setja om C.S. Lewis «Drømmen om Narnia» til færøysk.

Finsk vinnar

Så langt er Carl Jóhan Jensen lite omsett. Han vonar at nomineringa til den nordiske litteraturprisen kan medverka til at han vert omsett til både dansk og norsk. Hittil har han berre hatt nokre få dikt på trykk i ulike tidsskrift, pluss ei bok på Island. I antologien «Circum Polaris» som Nordnorsk forfatterlag gav ut i fjor, hadde Jensen med eit par dikt.

Difor meiner han at nominasjonen og eventuelt ein nordisk litteraturpris er langt viktigare for ein færøysk poet enn for norske forfattarar som er i stand til å leva av skrivinga.

Carl Jóhan Jensen har ikkje store trua på at han får den nordiske litteratur-prisen. Han rynkar på nasen når eg spør om det er hans og Færøyane sin tur denne gongen. Den færøyske poeten held ein knapp på finske Tua Forsström.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |