Dag og Tid nr. 49, 4. desember 1997

Bøker:

Stor roman frå Australia

«Samtaler ved Curlow Creek» er ein rik og mangfaldig roman, skriv Steinar Lillehaug.

David Malouf:
Samtaler ved Curlow Creek
Omsett av Ragnhild Eikli
Aschehoug

Det er kanskje ikkje så merkeleg at ein av dei mest framståande forfattarane i smeltedigelen Australia har libanesiske anar og ber eit namn som vitnar om dette: David Malouf. Og det er sikkert heller ikkje noe rart ved at han legg handlinga i den siste romanen sin til tida like etter at europearane, først og fremst irane og engelskmennene, hadde tatt dette landet i bruk, mellom anna til å ta imot deporterte straffangar. For den som ser Australia med europeiske kolonisator-auge, har historia vart berre 200 år, så det er naturleg at den nasjonale litteraturen er interessert i å skode tilbake til denne tida.

Opprørrarar

Ramma rundt «Samtaler ved Curlow Creek» er møtet mellom to menn som begge har irsk opphav. Daniel Carney kom over som straffange, rømte, og slutta seg til ein bande opprørarar. Opprørarane blir nedkjempa av ei gruppe soldatar, og Carney er den einaste som overlever. Han blir dømd til døden, og offiseren Michael Adair får ansvaret for at avrettinga går forskriftsmessig for seg. Adair kjem til leiren kvelden før henginga, og kontakten mellom dei utviklar seg ved at Carney fortel om episoder frå livet sitt og stiller spørsmål om saker han har komme til å tenkje på i lys av at livet hans snart er slutt.

Stebroren

Samtalane mellom dei to er nåtid i boka. Både Carney og Adair ser seg tilbake, og det gjør også soldatane som vaktar fangen. Det er likevel historia til Adair som forfattaren legg mest vekt på, og hovudhandlinga er livslaupet hans fram til han sit og snakkar med den dødsdømde mannen. Han voks opp hos velståande folk i heimlandet, etter at foreldra hans omkom i eit forlis. Familien som tok seg av han, er svært spesiell, og han knyt seg sterkt til Fergus, sonen i huset, som er fire år yngre enn han sjølv. Som vaksne kjem dei bort frå kvarandre, og eit viktig motiv for han når han drar til Australia, er at han vil finna att stebroren. Han får mistanke om at broren var leiar for opprørarane Carney var saman med, og denne mistanken endrar seg til vissheit denne natta.

Mannen

David Malouf har gitt ut eit tital romanar, og «Samtaler ved Curlow Creek» er den tredje som blir omsett til norsk. Han skriv i tradisjonen til dei store forteljarane, samtidig som problema han drøftar, hører den moderne litteraturen til. Hemingway og Proust har vore nemnde som førebilde, og i denne boka kan ein lett komma til å tenkje på Dickens òg, kanskje fordi han skildrar den same tida som Dickens gjorde, og fordi somme av personane frå barndommen til Adair kunne vore henta rett ut av verket til denne diktaren.

Spørsmålet om kva som gjør oss til dei vi er, er eit sentralt eksistensielt spørsmål som også Malouf er opptatt av. Kor viktig er intellektet, kva rolle speler drifter og kjensler? Og kva med dristigheit og mot, eigenskapar som vanlegvis blir sett på som maskuline? For det er mannen det først og fremst dreier seg om i denne boka, uten at Malouf derfor nedvurderer kvinna. Dei to kvinnene vi møter, mor til Fergus og Virgilia, som er gjenstand for ei slags rivalisering mellom Adair og Fergus, spelar avgjørande roller for utviklinga av romanen.

Rik roman

Den som ønskjer det, kan gjerne psykologisere over dei lagnadene romanen presenterer, men forfattaren sjølv gjør det ikkje. Han presenterer personane parvis og opnar for samanlikning og refleksjon. Den intellektuelle, forsiktige Adair blir somme stader sett opp mot analfabeten Carney, andre stader opp mot Fergus, som har eit sterkt fysisk nærvær og som har både mot og medkjensle i rikt monn. Og gjennom to av soldatane i leiren illustrerer han motsetninga og samanhengen mellom handlekraft og refleksjon, og det som hender mellom desse to blir ein slags kommentar til hovudhandlinga.

«Samtaler ved Curlow Creek» er ein rik og mangfaldig roman. Spesielt vil eg framheve den uvanleg vakre slutten, som i tillegg til å vera ei perfekt avrunding av forteljinga, også gjør boka til ein roman om korleis mytar blir danna.

Ragnhild Eikli har stort sett gjort ein god jobb med den norske språkdrakta. For det meste skriv ho eit nokså konservativt bokmål, men i replikkane til soldatane og Carney nyttar ho munnlege former, og desse kan somme stader verke litt lite gjennomtenkte.

Steinar Lillehaug

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |